Trump set inn nasjonalgarden i Washington: – Vi skal ta hovudstaden vår tilbake

8 hours ago 1


Det kunngjer Trump på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

800 soldatar frå Nasjonalgarden vil bli sende til hovudstaden.

– Vi skal ta hovudstaden vår tilbake, seier presidenten.

en gruppe mennesker som står utenfor en bygning

Heimlause i Washington.

Foto: Ken Cedeno / Reuters / NTB

Presidenten vil sette inn Nasjonalgarden for å «gjenopprette lov og orden», og politiet i byen blir plassert under føderal kontroll.

Til stades på pressekonferansen var også:

  • Innanriksminister Doug Burgum
  • Forsvarsminister Pete Hegseth
  • Justisminister Pam Bondi
  • FBI-direktør Kash Patel
  • Føderal statsadvokat Jeanine Pirro

Bakgrunnen er Trump sine utsegn om at byen sin kriminalitet er «ute av kontroll».

Lågaste valdskriminalitet på 30 år

Men ifølgje tal frå politiet i Washington har valdskriminalitet gått ned med 26 prosent dei første sju månadane i 2025. Den totale kriminaliteten gjekk ned med 7 prosent, melder nyheitsbyrået Reuters. Dei baserer seg på det lokale politiet sin statistikk.

I pressekonferansen seier Trump at han vil frigjere nasjonen sin hovudstad frå kriminalitet, kaos og elende.

en gruppe mennesker som står utenfor en bygning

Heimlause i Washington.

Foto: Ken Cedeno / Reuters / NTB

Den demokratiske borgarmeisteren i Washington, Muriel Bowser, har uttalt at valdskriminaliteten er den lågaste på 30 år, melder Reuters.

Presidenten seier vidare at innsatsen mot kriminalitet vil byrje i hovudstaden, men at han vil slå ned på kriminalitet også andre stadar i landet – som New York og Chicago.

Alle tre byane er leia av Demokratane.

Nasjonalgarden mot demonstrantar

I juni sette Trump Nasjonalgarden inn mot demonstrantar i Los Angeles.

Folk demonstrerte mot Trump sin lovnad om massedeportasjonar av papirlause innvandrarar.

Demonstrantane kravde at deportasjonane og arrestasjonane skulle stanse.

En gruppe mennesker i militære uniformer

Nasjonalgarden blei sett inn mot demonstrantar i Los Angeles.

Foto: David Ryder / Reuters / NTB

Donald Trump meinte det var naudsynt å sette inn soldatar frå Nasjonalgarden – noko lokale styresmakter var ueinige i.

Etter hendinga sende demokratiske guvernørar frå fleire delstatar eit felles fråsegn der dei omtalte Trump sitt vedtak som eit maktmisbruk.

Publisert 11.08.2025, kl. 17.00 Oppdatert 11.08.2025, kl. 17.54

Read Entire Article