Trump seier ein Ukraina-avtale er nær – og langar ut mot Zelenskyj

4 hours ago 5


USAs president Donald Trump kritiserer den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj for å seie at Ukraina ikkje vil anerkjenne Russlands okkupasjon av Krim.

Trump meiner også at denne uttalen vil gjere det vanskelegare å oppnå ein fredsavtale med Russland.

– Denne uttalen er svært skadeleg for fredsforhandlingane med Russland. Krim blei tapt for mange år sidan og er ikkje eingong eit tema som blir diskutert, skriv Trump i eit innlegg på Truth Social.

– Vi er veldig nær ein avtale, men mannen med «ingen kort å spele» burde nå, omsider, få det gjort, legg han til.

Trump avsluttar med å kalle det heile eit «komplett og totalt rot».

Med dette er det difor spent mellom USA og Ukraina når statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg bankar på døra til Det kvite hus denne veka.

Uroa for Trump-press

SV-leiar, Kirsti Bergstø, snakka i dag i Stortingets spørjetime om at ho er uroa for at Trump kjem til å presse Noreg til å handle med USA.

Publisert 23.04.2025, kl. 18.55 Oppdatert 23.04.2025, kl. 18.57

Read Entire Article