Trump møter Machado: – Kan bli avgjerande

2 hours ago 1


Torsdag møter USAs president Donald Trump fredsprisvinnar og venezuelansk opposisjonspolitikar María Corina Machado.

Møtet kjem sjølv om Trump tidlegare har hevda at Machado mangla støtte i Venezuela, og ikkje ville bli sett til å leie landet midlertidig.

I staden blei det Maduro-visepresident Delcy Rodriguez som, med støtte frå USA, blei tatt i eid som fungerande president.

Rett før klokka 18.30 norsk tid kom Machado til Det kvite huset for eit lukka lunsjmøte. Kva ønskjer ho å få ut av det?

– Positivt at Trump vil møte Machado

– Sjølv om USA har peika på folk som var ein del av regimet til Maduro til å leie Venezuela inntil vidare, er det positivt at Trump no vil møte Machado, seier venezuelansk jurist og statsvitar Ramon Dønvold Barreto-Pirala, som er PhD-kandidat ved Oslo Met.

Demonstranter samler seg foran Det hvite hus, med venezuelanske og amerikanske flagg heist. Mange deltakere bærer hyse og tilknyttede klær, og det er en atmosfære av aktivisme. Solen skinner, og det er tydelige trær i bakgrunnen. Omgivelsene gir kontekst til demonstrasjonens karakter og mål. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tilhengjarar av den Venezuelanske opposisjonen demonstrerer utanfor Det kvite huset medan Machado møter Trump.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP / NTB

Han legg til:

– Vi forventar at møtet med Machado kan hjelpe Trump til å forstå at målet hans for oljeindustrien er avhengig av ein stat som tar vare på rettsstaten.

Han er ein av tilhengarane til Machado og meiner den midlertidige presidenten ikkje er rett kvinne til å endre Venezuela.

Ramon Dønvold Barreto-Pirela

Ramon Dønvold Barreto-Pirela er tilhengjar av Machado.

Foto: Oslo Met

– Det vil ikkje bli utanlandske investeringar utan rettslege garantiar, noko ikkje Rodriguez kan tilby. Ho er ein del av det same systemet, og er like ansvarleg for skuldingane som USA rettar mot Maduro.

Fryktar Trump er nøgd med dagens situasjon

Professor Leiv Marsteintredet ved Universitetet i Bergen meiner Machado håpar møtet kan føre til meir press frå USA.

– Machado håpar nok å få ei eller anna form for forplikting frå Trump om at det skal bli lagt press på det sitjande regimet i Venezuela, til dømes ei tidslinje eller ein plan for overgang til demokrati, seier han til NTB.

En person står med armene krysset foran kroppen, iført en mørkeblå dressjakke og lys skjorte. Bakgrunnen er ensfarget lys grå, noe som gir et nøytralt inntrykk. Personen har et langt hår og bærer et tydelig emblem på dressjakken. Bildet ser ut til å være en formell portrettfotografi. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Marsteintredet trur at opposisjonsleiaren ynskjer forpliktingar frå Trump.

Foto: Universitetet i Bergen

Han seier opposisjonen fryktar at Trump kan bli nøgd med situasjonen slik ho er no.

– Opposisjonen fryktar nok at Trump skal sjå seg nøgd med det som no er det beståande i Venezuela, og at Rodríguez i tilstrekkeleg grad vil greie å oppfylle Trumps ønske slik at han ikkje legg ytterlegare press på regimet, seier Marsteintredet.

Støtta av USAs utanriksminister

Mange hadde trudd at Machado skulle få ei rolle etter at USA gjekk til angrep på Venezuela i byrjinga av januar.

Landet tok då president Nicolás Maduro til fange og førte Maduro og kona hans til New York, der dei no sit i varetekt.

Delcy Rodriguez

Visepresident Delcy Rodríguez vart sette inn som president i Maduros fråvær.

Foto: JUAN BARRETO / AFP / NTB

Reaksjonane i Venezuela er delte, også blant dei som var imot Maduro.

Ifølge BBC støttar nokre angrepet i det stille, medan andre reagerer særleg på utsegner om at USA kan ta kontroll over Venezuela og olja.

Nokre støttar han stille, medan andre reagerer særleg på utsegner om at USA kan ta kontroll over Venezuela og olja.

Samstundes har fredsprisvinnaren i fleire år hatt tett kontakt med USAs utanriksminister Marco Rubio, som var blant dei som nominerte ho til prisen.

Rubio har støtta kravet hennar om regimeendring i Venezuela.

Machado har ikkje treft Trump tidlegare, men ho snakka med den amerikanske presidenten etter tildelinga av fredsprisen.

Dette er ein pris Trump meiner han hadde fortent, og har ved fleire høve sagt at han kjenner seg forbigått av nobelkomiteen.

Blir spekulert om Machado vil gi Trumps fredsprisen

Då Machado blei tildelt Nobels fredspris, var ho raskt ute og tileigna prisen til Trump.

Det har også vore spekulert i om ho ville gi Trump medaljen ho fekk i Oslo i desember.

Men det kan ho ikkje gjere, seier Nobelkomiteen.

– Ein nobelpris kan verken bli kalla tilbake, bli delt eller gitt til andre. I det kunngjeringa er gjort, står avgjerda til evig tid, sa komiteen i ei melding nyleg.

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen si podkast:

Publisert 15.01.2026, kl. 18.18 Oppdatert 15.01.2026, kl. 18.52

Read Entire Article