Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_cefc70fc959706761bb9f70236150f91, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Trump: Israel og Libanon inngår våpenkvile - NorwayToday

Trump: Israel og Libanon inngår våpenkvile

2 hours ago 3


Dei to landa har vorte einige om ei våpenkvile, ifølge den amerikanske presidenten.

Våpenkvila skal tre i kraft klokka 23 norsk tid, skriv Trump på Truth Social.

Trump skriv òg at han vil invitera statsminister Benjamin Netanyahu og president Joseph Aoun til Det kvite hus.

– Båe sider vil sjå FRED, og eg trur på at det vil skje, FORT! skriv Trump.

Nesten 2200 menneske er drepne, over 7000 såret og over 1 million er drivne på flukt i Libanon frå israelske åtak sidan 2. mars.

Skjermbilde av Donald Trump sin post i sosiale medier

Donald Trump kunngjorde våpenkvila på sitt eige sosiale medium.

Faksimile: Skjermdump fra Truth Social

Kort tid før beskjeden frå Trump kom det meldingar om at Israel varsla ei mogleg våpenkvile med Libanon allereie frå torsdag ettermiddag.

Det sa anonyme kjelder til både Axios og Reuters.

– Ein israelsk forsvarskjelde sa at ei våpenkvile kunne verta kunngjort torsdag kveld. «Me står ved eit vegskilje. Ingenting er endeleg, men det kan skje i dag», skriv Axios-journalist Barak Ravid på X.

Hizbollah har ikkje vore med i samtalene om våpenkvile.

Trump snakka med Libanons president

Tidlegare torsdag snakka USAs president Donald Trump med Libanons president Joseph Aoun.

Det er førebels ikkje kjent kva dei to snakka om, men i ei utsegn har Aoun takka Trump for innsatsen for våpenkvile, skriv AFP.

Libanons president Joseph Aoun i dress vinker, et lite libanesisk flagg i bakgrunnen

Den libanesiske presidenten Joseph Aoun, her utanfor presidentpalasset i Beirut i 2025.

Foto: Hassan Ammar / AP,NTB

Direkte samtalar

Tidlegare denne veka møttest Israel og Libanon til direkte forhandlingar for fyrste gang på over 30 år.

Torsdag kom det fleire meldingar om at statsminister Benjamin Netanyahu skulle snakka med Libanons president Joseph Aoun.

Men den libanesiske presidenten har sagt nei til å snakka med Netanyahu, ifølge anonyme kjelder til nyheitsbyråa Reuters og AFP.

Kort tid etter kom meldinga om at Trump sjølv hadde snakka med Joseph Aoun.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 16.04.2026, kl. 17.44 Oppdatert 16.04.2026, kl. 17.59

Read Entire Article