Trump ber Ukraina forhandle med Russland utan våpen­kvile: – Ha eit møte no!

18 hours ago 6


Søndag ettermiddag er det stille frå Russland og Ukraina. Ingen veit om Russland går med på våpenkvile frå måndag av.

For nettopp det krev Zelenskyj, med europeiske leiarar i ryggen.

Søndag ettermiddag skriv Donald Trump på Truth Social at Ukraina og Russland bør møtes ved forhandlingsbordet uavhengig av ei våpenkvile.

Skjermdump av Donald Trumps Truth Social

Dette la Donald Trump ut på Truth Social søndag ettermiddag.

Faksimile: Skjermdump

Putin har ikkje sagt noko om våpenkvila, men har sagt seg villig til å forhandle direkte med Ukraina. Han har foreslått å møtes 15. mai i Istanbul, Tyrkia.

Desse dagane er det også eit uformelt Nato-møte i Tyrkias hovudstad Antalya. Der skal USAs utanriksminister Marko Rubio og Noregs utanriksminister Espen Barth Eide.

USA lagt hardt press på Russland

Europeiske leiarar har lagt hardt press på president Vladimir Putin i Russland for å få slutt på krigen.

Laurdag var mellom anna Frankrike, Tyskland og Storbritannia samla i Ukraina for å møte Volodymyr Zelenskyj.

Etter toppmøtet i Ukraina laurdag, sa Frankrikes president Emmanuel Macron at dei saman foreslår ei 30 dagar lang våpenkvile.

en gruppe mennesker som sitter ved et bord med flagg bak seg

Toppmøtet i Kyiv laurdag denne helga.

Foto: GENYA SAVILOV / AFP / NTB

– Det kan ikkje vere forhandlingar samstundes som at sivile blir bomba. Ei våpenkvile er nødvendig slik at fredssamtalane kan byrja, sa Macron.

Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz, sa at sanksjonane mot Russland kan bli skjerpa om ikkje landet godtek ei avtale om våpenkvile.

Russland har ikkje sagt noko om våpenkvile, men sagt seg villige til å forhandle direkte med Ukraina denne veka.

en person som står på et podium med mikrofoner foran flagg

Natt til søndag 11. mai møtte Russlands president Vladimir Putin pressa i Moskva.

Foto: Sergei Bobylev / AP / NTB

Forhandlingane som dei siste månadane har gått føre seg, har vore mellom partane og USA.

USAs utsending til Ukraina, Keith Kellogg skriv i eit innlegg på X søndag ettermiddag at fredsforhandlingane må gå føre seg under ei våpenkvile.

Men har den amerikanske pipa fått ein annan lyd.

Zelenskyj rådgivar og stabssjef stiller seg bak Kellogg på Telegram og krev først ei våpenkvile og «deretter alt anna».

Publisert 11.05.2025, kl. 18.41 Oppdatert 11.05.2025, kl. 18.43

Read Entire Article