– Han set seg i respekt, og seier til den russiske leiinga at slike provoserande utsegn, det finn han seg ikkje i. Det må han nesten gjere, seier Tormod Heier ved Forsvarets høgskole.
I går skreiv USA sin president Donald Trump at han har beordra omplassering av atomubåtar nær Russland, som svar på provoserande utsegn frå Dmitrij Medvedev.
Dimitrij Medvedev er tidlegare president og statsminister i Russland. Her saman med noverande president Vladimir Putin.
Foto: APDet er ikkje avklart om det er snakk om atomdrivne ubåtar eller ubåtar utstyrt med atomvåpen.
– Dette er vel eigentleg første gongen at Trump no ikkje berre brukar ord, men også underbygger orda med reelt militært press gjennom undervassbåtar, seier Heier.
Det amerikanske forsvaret har kring 70 ubåtar.
Arktivbilde av ein Ohio-klasse ubåt til det amerikanske forsvaret.
REUTERSTrur ikkje Russland vil la seg presse
Han trur ikkje at Russland kjem til å la seg presse av amerikanske truslar.
– Dei vil ikkje la seg presse. Det er uakseptabelt sett med russiske auge, fortel han.
Han trur ikkje at dette vil føre til noko krig mellom dei to stormaktene.
– Ukraina er viktig, men ikkje så viktig at dei er villig til å utløyse ein tredje verdskrig med kjernefysiske missil, seier han.
– Du trur ikkje det blir storkrig mellom Russland og USA på grunn av dette?
– Ikkje i det hele tatt. Det er nærmast heilt utenkeleg, seier han.
Tormod Heier trur ikkje det blir tredje verdskrig grunna Trump sine utsegn.
Foto: NTBÅtvarar om ultimatum
Årsaka til Trump sitt utsegn er Dimitrij Medvedev. Han er tidlegare president og statsminister i Russland, og er no nestleiar i Russlands sikkerheitsråd.
Han har åtvara om Trump sitt ultimatum, som han meiner kan føre til krig mellom USA og Russland.
– Trump leikar ultimatumsspelet med Russland: 50 dagar, eller 10. Kvart nye ultimatum er ein trugsel og eit steg mot krig, skreiv han på X.
Han siktar til mellom anna at Trump tidlegare har kome med utsegn om at Russland byrja med fredssamtalar med Ukraina innan 50 dagar. Seinare sa han at det måtte skje innan 10 til 12 dagar.
Medvedev seier og at Russland ikke er Israel eller Iran.
NESTLEIAR: Dimitrij Medvedev er nestleiar i Russlands sikkerheitsråd.
Foto: LOIC VENANCE / AFP / NTB– Handlar om politisk retorikk
Joakim Paasikivi er seniorrådgjevar i geopolitikk ved Mannheimer Swartling seier det først og fremst er snakk om politisk retorikk.
– Det er ukjend kor ubåtane finst, og det skal vere ukjend for at fienden ikkje skal vite. Når det signaliserast er det politikk. I praksis trur eg ikkje det vil bli ei endring av kor ubåtane er, seier han.
POLITIKK: Oberstløytnant Joakim Paasikivi trur det først og fremst handlar om politisk retorikk.
Foto: Anders G Warne / FörsvarshögskolanHan trur heller ikkje det er nokon grunn til å bli redd på bakgrunn av Trump sine utsegn.
– Nei, ikkje for dette her. Det høge toneleiet og retorikken frå russisk side den kjenner vi igjen allereie før krigen med Ukraina. Spenninga aukar, det er sikkert og tydeleg. Men det betyr ikkje at krigsrisikoen aukar, seier han.
IKKJE STORKRIG: Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) trur ikkje det blir storkrig.
Foto: Yann Valerievich Belov / NRKMistar ikkje nattesøvn
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) meiner at Trump sin ubåt-trussel illustrerer at USA no er villig til å leggja eit auka press på Russland om Ukraina.
– Dette er noko me var vant til frå den kalde krigen. Kanskje ikkje så vant til i seinare tid, men me lever no igjen i ein tøffare geopolitisk røyndom. Då er dette ein av ingrediensane i det, seier han og held fram:
– Men eg trur ikkje me skal mista nattesøvnen her i Noreg for at det blir storkrig ut av dette.
HAR MØTTEST: President i USA Donald Trump og den russiske presidenten Vladimir Putin. Her frå 2017.
Foto: Jorge Silva / Reuters / NTBHan er likevel oppteken av at folk teke inn over seg at det sikkerheitspolitiske friminuttet som kom då Berlinmuren falt, det er no slutt.
– Og det er jo ein av grunnene til at også vi styrker Forsvaret, styrker Nato. Ikkje fordi vi ønsker krig og konflikt, men tvert imot fordi vi ønsker å førebyggje det, seier Eide.
Publisert 02.08.2025, kl. 17.24