Bystyret i Kristiansand skal onsdag kveld avgjere kor lenge det skal vere lov å servere alkohol under VM i fotball.
Før møtet startar, går det mot at det i periodar blir lov å servere alkohol heilt til kl 06.00 på morgonen. Dette vil gjelde for utestader som viser VM-kampane på skjerm.
Både Høgre, Frp, Venstre, Kleppelista, Sp og INP støttar dette forslaget. I tillegg er det også ein del representantar frå Ap som vil stemme for denne skjenketida. Det opplyser gruppeleiar Kenneth Mørk til NRK før bystyremøtet.
Kenneth Mørk sjølv har vore mot ei så sterk liberalisering av skjenkereglane.















English (US)