Er han hypa eller eit sjeldan geni?
Nok ein gong snakkar «alle» om Joachim Trier. Den siste filmen hans «Affeksjonsverdi» er på full fart ut til kinosalar over heile verda, og forventningane er skyhøge.
Sidan debuten i 2006 har regissør Trier og manusforfattar Eskil Vogt utforska store eksistensielle spørsmål, i vakkert overgangslys, på ulike stadar av Oslos vestkant.
No som film nr. 6 er ute, er tida inne for å gjere opp rekneskap. I dette høvet har vi fått seks kritikarar til å rangere alle Triers seks filmar.
Kor god er regissøren når vi ser på heile filmografien – og ikkje minst:
Kva er Joachim Triers beste film?
Louder Than Bombs (2015)
- Kinobesøk i Noreg: 23.258 billettar.
Alt låg til rette for at «Louder Than Bombs» skulle bli Joachim Triers store internasjonale gjennombrot.
Filmen hadde verdskjente skodespelarar som Jesse Eisenberg og Isabelle Huppert på rollelista. I tillegg gjekk handlinga føre seg i USA, og alle snakka engelsk.
What’s not to like?
«Louder Than Bombs» handlar om ein verdskjent krigsfotograf som døde i ei bilulykke. Nokre år seinare sit familien igjen med sorga, men enkemannen har enda ikkje klart å fortelje yngstesonen at mora tok sitt eige liv i ulykka.
INGRID ÅBERGSJORD: Trier er jo veldig glad i folk frå øvre mellomklasse med kunstnariske talent og ambisjonar, men det blir så påklistra at mora skal vere krigsfotograf i det som kunne ha vore ei universell historie om familiehemmelegheiter. Ja, ikkje berre fotograf, men ein av verdas beste og modigaste.
ELISE DYBVIG: «Louder Than Bombs» følast som ein litt diffus, mislykka film. Eg trur det handlar om at Trier er litt langt heimanfrå. Han har ikkje stålkontroll på referansane, landskapa og liva til desse rollefigurane.
Thelma (2017)
- Kinobesøk i Noreg: 65.692 billettar.
Farvel, melodrama – hei på deg, psykologisk thriller med skeiv kjærleik og masse sjuke, overnaturlege ting som skjer heile tida.
I filmen møter vi Thelma, spelt av Eili Harboe, som flyttar frå ein kristenkonservativ familie på Vestlandet for å studere i Oslo. Da ho forelskar seg i ein kvinneleg medstudent, får ho kraftige epileptiske anfall, og uforklarlege ting begynner å skje.
ELISE DYBVIG: «Thelma» følest mest som ei sjangerøving. Her har han lyst til å bevege seg inn i det overnaturlege, eit landskap han ikkje er i til vanleg.
INGRID ÅBERGSJORD: Det visuelle er veldig imponerande, men eg synest ikkje at historia heng heilt på greip. Det er lagt inn nokre premiss som ein berre må kjøpe.
LARS OLE KRISTIANSEN: Filmen har blitt sett litt ned på i filmografien, kanskje fordi det er ein sjangerfilm? Etter mi meining er Eili Harboes rolleprestasjon i «Thelma» noko av det beste i norsk filmhistorie. Ho har ein emosjonell tilgang som er veldig spesiell.
Reprise (2006)
- Kinobesøk i Noreg: 53.076 billettar.
Joachim Triers debut sit framleis friskt i minnet hos kritikarane, nesten 20 år etter han slo gjennom med eit brak i norske kinosalar.
I filmen møter vi kameratane Erik (Espen Klouman Høiner) og Phillip (Anders Danielsen Lie). Dei er i starten av 20-åra, bur i Oslo og drøymer begge om å bli forfattarar.
Filmen har klare referansar til fransk nybølgefilm, med bruk av forteljarstemme og hopp fram og tilbake i tid og stad.
BIRGER VESTMO: Eg har kanskje ikkje sett ein modigare debut i norsk film.
TERJE EIDSVÅG: Da filmen kom, var han den beste norske debutfilmen eg hadde sett, og det er han nok framleis.
LARS OLE KRISTIANSEN: «Reprise» er min norske favorittfilm. Da han kom, såg eg han seks gongar på kino. Var det verkeleg mogleg å lage ein slik film i Noreg? Trier har på mange måtar overgått den filmen i ettertid, men han kjem aldri til å lage noko som betyr så mykje for meg som den.
CHRISTIAN MONGGAARD: Eg kan merke at Trier og manusforfattar Vogt har blitt meir vaksne sidan «Reprise». Denne filmen er ein ungdomsfilm, no handlar filmane hans meir om å ha barn og tilgi foreldra sine.
Affeksjonsverdi (2025)
Her kjem han, altså. Triers siste film legg seg på ein tredjeplass i filmografien. Kritikarane gir mykje ros, men dei har også eit par ting å pirke på.
«Affeksjonsverdi» handlar om regissør Gustav Borg (Stellan Skarsgård) som i godt vaksen alder skriv eit filmmanus for den eldste dottera si Nora (Renate Reinsve).
Dottera, som ikkje har hatt noko særleg kontakt med faren sidan barndomen, vil ikkje spele i filmen. Gustav gir dermed rolla til ei Hollywood-stjerne, som attpåtil skal spele inn filmen i Noras barndomsheim. Drama!
ELISE DYBVIG: Hovudinnvendinga mi mot denne filmen er at han har ei litt blind tru på kunstens kraft. Eg skulle ønske det var litt meir motstand til førestillinga om kunstens evne til å foreine oss, at kunst alltid er eit gode.
INGRID ÅBERGSJORD: Eg vart ikkje bergtatt da eg såg han første gong, men merka neste morgon at han hadde vakse på meg. Nora i filmen er djupt einsam, sjølv om ho har eit vellykka liv. Det er eit veldig tidsriktig tema, filmen bidrar med å bryte ned fordommar om kven som er einsame i samfunnet.
TERJE EIDSVÅG: «Affeksjonsverdi» stikk djupare enn til dømes «Verdens verste menneske». Han er på alle måtar ein meir moden film, med fantastiske skodespelarprestasjonar. Reinsve, Ibsdotter og Skarsgård er nok dei tre beste skodespelarprestasjonane eg har sett i ein og same Trier-film.
Verdens verste menneske (2021)
- Kinobesøk i Noreg: 265.146 billettar.
Julie, du Julie.
Du har ikkje så lett for å bestemme deg. Surrar mykje fram og tilbake, finn ikkje ut kva du vil bli når du blir stor (sjølv om du allereie har blitt stor for lengst) og klarer heller ikkje å bestemme deg for kven du vil vere saman med.
Historia om «verdas verste menneske» Julie (spelt av Renate Reinsve) vart ein av noregshistorias største internasjonale filmsuksessar. Filmen vart hylla med to Oscar-nominasjonar, gjæve prisar og nesten pinleg mykje skryt over heile linja.
CHRISTIAN MONGGAARD: Det er ikkje alt med hovudpersonen som er like sympatisk, men vi kan alle kjenne oss igjen i ho. Korleis skal vi vere? Kva slags leveveg skal vi velje? Triers filmar går så langt inn i dei ulike rollefigurane at dei blir universelle forteljingar om å vere menneske i verda.
BIRGER VESTMO: Eg må innrømme at eg, som mange andre, rett og slett vart litt forelska i hovudfiguren Julie. Det var her eg oppdaga Renate Reinsve som filmskodespelar, og ho var ei openberring for meg. Prisen ho fekk i Cannes for beste kvinnelege hovudrolle, tyder på at fleire oppdaga kvalitetane hennar i denne filmen.
Sjølv om filmen vart rost opp i skyene i den internasjonale pressa, fanst det folk med innvendingar her heime. Ein av dei fremste kritikarane mot filmen var Elise Dybvig i Morgenbladet.
ELISE DYBVIG: I fleire scener blir eg usikker på kva filmen prøver å fortelje meg. På ein hyttetur seier Julie at om menn hadde hatt mensen, så hadde vi ikkje høyrt om noko anna. I populærkulturen er jo dette ein klisjé, men eg blir usikker på om Trier ønsker at vi skal tenke på ho som litt tragisk, eller om vi skal tenke at ho er kul og interessant. Det er noko med måten ho er fotografert på, lyssettinga, som gjer meg usikker. Det er som om filmen er forelska i hovudrolla si, utan å vere klar over det sjølv.
Oslo, 31. august (2011)
- Kinobesøk i Noreg: 70.279 billettar.
Fram til no har det ikkje vore samrøystes begeistring for nokon av Triers filmar. Jo da – det har vore mykje ros, men også ris og småplukk her og der.
Det finst derimot ein film som får unison hylling:
ELISE DYBVIG: «Oslo, 31. august» er veldig god.
BIRGER VESTMO: Han rører meg like sterkt no som i 2011.
INGRID ÅBERGSJORD: «Oslo, 31. august» er Triers mest heilstøypte film.
TERJE EIDSVÅG: Dette er den såraste og mørkaste filmen til Trier.
LARS OLE KRISTIANSEN: «Oslo, 31. august» eksisterer utanfor tid og rom. Det er «alle sin» Trier-film, med fans over heile verda.
CHRISTIAN MONGGAARD: Det er nok den filmen som har gjort sterkast inntrykk på meg.
«Oslo, 31. august» handlar om rusmisbrukaren Anders' (Anders Danielsen Lie) siste dag på jorda. Filmen er inspirert av den franske filmskaparen Louis Malles «Ta mitt liv» frå 1963.
BIRGER VESTMO: Anders Danielsen Lie briljerer i ei imponerande sterk hovudrolle, og Trier brukar Oslo som eit perfekt bakteppe for eit stille, men likevel intenst drama.
INGRID ÅBERGSJORD: I små, men viktige augeblikk blir det avslørt korleis hovudpersonen har såra og svikta sine nærmaste. Kombinasjonen av elegante verkemiddel, psykologisk djupn og eit skodespel av høg internasjonal klasse gjer «Oslo, 31. august» til Triers beste film.
Det kommer til å bli bedre. Alt kommer til å ordne seg.
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Slik stemte juryen:
Ingrid Åbergsjord
- Kritikar i Aftenposten
Ingrids rangering
- Oslo, 31. august
- Verdens verste menneske
- Affeksjonsverdi
- Reprise
- Thelma
- Louder Than Bombs
Montages
Lars Ole Kristiansen
- Kritikar i Montages
Lars Oles rangering:
- Reprise
- Verdens verste menneske
- Oslo, 31. august
- Affeksjonsverdi
- Thelma
- Louder Than Bombs
NRK
Birger Vestmo
- Kritikar i NRK
Birgers rangering:
- Verdens verste menneske
- Oslo, 31. august
- Affeksjonsverdi
- Reprise
- Thelma
- Louder Than Bombs
Odin Drønen / Morgenbladet
Elise Dybvig
- Kritikar i Morgenbladet
Elises rangering:
- Reprise
- Oslo, 31. august
- Verdens verste menneske
- Affeksjonsverdi
- Thelma
- Louder Than Bombs
Terje Eidsvåg
- Kritikar i Adresseavisen
Terjes rangering:
- Affeksjonsverdi
- Oslo, 31. august
- Verdens verste menneske
- Louder Than Bombs
- Reprise
- Thelma
Sofie Amalie Klougart
Christian Monggaard
- Kritikar i Dagbladet Information
Christians rangering:
- Oslo, 31. august
- Verdens verste menneske
- Affeksjonsverdi
- Reprise
- Thelma
- Louder Than Bombs
Ein liten quiz på tampen: Kjenner du desse Trier-sitata?
Hei!
Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her.
Sjå Triers beste film i NRK TV:
Anders er i Oslo for å søke jobb og møte gamle venner. Han er rusfri etter seks år som avhengig. No er det tid for å starte på nytt.
Publisert 14.09.2025, kl. 11.48