Ann Jorunn Hillersøy trekkjer seg som partileiar for Industri- og næringspartiet (INP). Det kjem fram i ei pressemelding.
I ein e-post til landsstyret skriv ho:
«Det har vore mange påkjenningar det siste året. Etter nøye overveging med mine rundt meg, har eg komme fram til at det beste for både meg sjølv og organisasjonen er at eg trekkjer meg frå mitt verv som partileiar, og fokuserer på andre oppgåver. Eg har tillit til at organisasjonen finn gode løysingar for leiinga av partiet, både på kort og lang sikt, » heiter det i pressemeldinga ho har sendt ut.
Ho skriv vidare at ved å trekkja seg no, vert det tid for organisasjonen i å finna nytt leiarskap til organisasjonen før valkampen.
– Eg vil takka for tida me har hatt saman og for samarbeidet, og ynskjer alle lukke til vidare, heiter det vidare i pressemeldinga.
Industri- og næringspartiet har årsmøte på Hamar 4–6. april.
Publisert 17.03.2025, kl. 09.15 Oppdatert 17.03.2025, kl. 09.23