Trekker seg frå "The White Lotus"

9 hours ago 2


Skodespelar Tobias Santelmann skal ikkje lenger vera med i HBO-serien «The White Lotus».

Det melder VG. Santelmann vaks opp på Spangereid i Lindesnes.

30. mars meldte Warner Bros. Discovery at Santelmann sto på rollelista i den fjerde sesongen av den populære serien, men nå har det endra seg.

Santelmann sitt agentur seier til VG at han ikkje lenger kunne delta fordi det krasja med det øvrige tidsskjemaet hans.

– Han er stor fan av serien, men akkurat no er det berre ikkje mogleg å få til, seier Annika Witkowska i Salomonsson agency til avisa i ein e-post.

Frå før av har skodespelar Helena Bonham Carter òg trekt seg frå den same produksjonen.

Read Entire Article