Tre snøskred på kort tid i Troms

2 days ago 8


Det har vore ein hektisk ettermiddag for redningsmannskap og naudetatar i Troms.

På kort tid har det gått tre snøskred.

Like før kl. 17 gjekk det eit skred på Lakselvtindan i Tromsø kommune. Skredet har gått i ei renne.

Det er uklart om nokon er tekne av skredet.

Operasjonsleiar Robin Lindberg i Troms politidistrikt opplyser at det tidlegare i dag vart observert fire skiløparar i området.

Skredet har gått på Lakselvtindan i Tromsø kommune.

– Luftambulansen flyr ut, og politiet sine patruljar er på veg til staden, seier han.

Det opplyser Troms politidistrikt. Det blir sendt helikopter til staden.

Politiet har dei siste timane motteke fleire meldingar om snøskred i Troms politidistrikt. Det er for tida betydeleg snøskredfare. Politiet ber alle som ferdast i fjellet om å gjere gode vurderingar og vere forsiktige.

To skred tidlegare i ettermiddag

Like etter kl. 15 gjekk det skred på Bentjordstinden i Tromsø.

Ingen vart tekne av skredet.

Det var observert spor inn i snøskredet, og åtte personar vart observerte i området.

På Middagstinden på Kvaløya gjekk det skred like før kl. 13.30 onsdag ettermiddag.

Heller ikkje der vart nokon personar tekne av skredet.

Publisert 16.04.2025, kl. 16.54 Oppdatert 16.04.2025, kl. 17.20

Read Entire Article