Trango for to

10 hours ago 5


«Du er ikkje sakna på Trango. Om du er sakna der, er det slutt».

Slik sa fjellklatrar Ragnhild Amundsen det. Ektemannen Hans Christian var sist sett på toppen av verdas største loddrette fjellvegg, over 1500 meter høg med blank granitt.

Ei ekstrem klatrerute som aldri var klatra før.

Klaterer i gulblå Norrønna-dress, veldig langt ned til isbreen der nede.

Hans Chr. Doseth i stupbratt fjellvegg på Trango.

Foto: Stein P. Aasheim / Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Elvis

Hans Christian Doseth har blitt kåra til den beste klatraren Noreg har hatt – og er tvillaust den mest ikoniske.

Som Jo Nesbø har sagt det:

– Doseth hadde karismaen, utsjånaden og det suverene som gjorde han til ein naturleg leiartype, ein slags klatringas Elvis.

Hans Christian Doseth klatrer i Kolsås i 1982, rosa ermelaus trøye med skjorte under.

Ein pust i austveggen på Kolsåstoppen i 1982. Ifølge Aasheim tok Doseth alle dei vanskelegaste rutene på Kolsås – i løpet av ein dag.

Foto: Stein P. Aasheim / Etter tillatelse Kjetil Svanemyr

Han var heilt klart den beste klatraren i Skandinavia, seier Trango-makker Dag Kolsrud.

Åndalsnes

På Tindekaia i heimbygda til Doseth, Åndalsnes, var det nyleg verdspremiere på den nye kinodokumentaren «Trango – et ønske om å leve sterkt».

en gruppe mennesker som ser på en scene

5–600 menneske trossa vêret.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

På heidersplass i publikum sat Stein P. Aasheim og Dag Kolsrud, to frå firemannsgruppa i det som er kalla den råaste klatrebragda i noregshistoria.

– Ja, Hans Christian var Nord -Europas leiande fjellklatrar. Han klatra vanskelegare grader enn nokon andre. Og han var den som tok klatringa opp i store høgder, i Trollveggen, seier Aasheim.

Akkurat da uvêret sette inn under klatringa i fjellveggen på kinolerretet, opna også himmelen seg over utescena i Romsdal, samtidig som mørkeret tok over. Det gav ei skremmande stemning.

– Ei ytre ramme som forsterka dei kjenslemessige sidene ved filmen. Det var emosjonelt og sterkt å oppleve på ny – på heimstaden til ekspedisjonsleiar Hans Christian, seier Stein P. Aasheim.

Plakaten

Han fortel at Doseth fekk ideen om å klatre ein «umogleg» vegg i Pakistan da han i gangen til Aasheim såg ei midtside riven ut av eit klatreblad.

Trango-fjella nordaust i Pakistan

Hans Chr. kommenterte biletet:

– Sjå på den linja, sa han og førte peikefingeren lang ei tynn svart stripe opp Trango-veggen.

– Det er noko til rute! Han lagde ein lang vislelyd mellom tennene, omtrent som soldatar på brakka framfor eit midtsidebilete i Playboy.

– Sjølv hadde eg ikkje eingong tenkt på moglegheita. Eg syntest berre det var eit utruleg rått bilete.

Aasheim skvatt litt da forslaget kom.

– Wow! Meiner du alvor? Samtidig så var me jo i ein alder med lite grenser og mykje vågemot, så eg var ikkje vanskeleg å be.

Så sette dei i gang med å planlegge fire veker i det loddrette stupet på høgde med 14 Oslo Plaza oppå kvarandre.

Mytar

I dag er det til og med mytar om Hans Chr. Doseth.

I klatremiljøet blir det fortalt at da Doseth ikkje fekk eit møte med ordføraren heime på Åndalsnes, skal han ha klatra opp til kontorvindauget hans øvst på rådhuset.

Dronebilde av Rauma rådhus på Åndalsnes, en stor bygning med en plass foran seg og fjell i bakgrunnen

Rauma rådhus på Åndalsnes. Det verserer liknande forteljingar om andre klatrarar, så denne kan takast med ei stor klype kalk.

Foto: NRK Luftfoto

Uansett, Doseth var ein einar og han var allsidig – både innan alt av idrett og i klatring, fortel søskenbarnet Kjetil Svanemyr.

Som tenåringar starta dei to fetterane å klatre da dei fekk eit båt-tau av faren hans.

– Det tok ikkje lang tid før han var rå på både små hamrar og på store fjellvegger – som Trollveggen. Snart var han også vill på ekspedisjonsklatring i Himalaya, seier Svanemyr.

Klatreveteran Bjørn M. Øverås meiner mykje av ferdigheitene var medfødde.

– Han var ekstrem, i særklasse, heilt utan tvil. Måten han bevegde seg på, kryssa med sterk lidenskap og sterk mentalitet. Hans Christian var alltid roleg og sindig.

Dessutan var han, som pionerar flest, framoverretta:

I klatrehistoria har det vore store debattar, om bolting eller sporlaus ferd – og før det – om det er greitt å bruke kalk på hendene for å få betre grep.

Under ein klatretur til Klauva i Romsdal i 1982, introduserte Doseth kalk for makkerane.

– Me hadde ikkje kalkposar, men fylte det kvite pulveret i plastposar frå Samvirkelaget. Når me henta opp kalk blåste det mykje overalt. Me kalla den nye ruta for «Draumen om dei kvite hestane», fortel Øverås.

Det var ikkje den største draumen Hans Chr. Doseth hadde.

Doseth i stupbratt fjellvegg på Trango, med sneip i munnvika, videokamera og sponsa av Tiedemanns på den raude hjelmen.

Sponsor av si tid.

Foto: Stein P. Aasheim / Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Bagasje

Tiedemans tobakk blei hovudsponsor for Trango-ekspedisjonen. Doseth kom tilbake frå møte med lommene fulle av South State og rullings.

– Reklamere for tobakk!? Eg røyker ikkje eingong, var reaksjonen frå Stein P. Aasheim.

– Nei, men det gjer eg, svarte Doseth nøgd.

For det kosta mykje pengar med ekspedisjon i seks veker i ein avkrok av Himalaya.

Sju nordmenn på Kastrup med enormt med 15 store sekker på bagasjetralle

Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Eit anna problem var alt utstyret.

Flyselskapet tillot 35 kilo bagasje, men gjengen hadde 180 ekstra kilo og tok seg ikkje råd til å betale ekstra.

Det blei løyst ved å surre klatretau under kleda og bolteutstyr i lommene. Da dei blei omplasserte grunna overbooka fly, dundra sju nordmenn med klatrestøvlar og 180 kilo klatreutstyr på kroppane inn til rikingane på førsteklasse.

Hans Chr. Doseth med tau rundt magen og Dag Kolsrud på flyplassen

Hans Chr. Doseth gøymer 50 meter klatretau. Dag Kolsrud (th.) med tunge lommer.

Foto: Stein P. Aasheim / Stein P. Aasheim

I storby-Pakistan venta skjema, byråkrati, bestikkingar og meir innkjøp som måtte berast:

Dei skulle vere i fjellet i halvannan månad:

«Kor mykje ris et kvar mann per dag? Og kva med dorullar, dette enkle hjelpemiddelet like viktig som klatretau?»

Kvinnene

Ragnhild Amundsen var einaste kvinna med på laget.

Ho og Hans Christian Doseth var ungdomskjærastar, og gifta seg i 1981. Bryllaupsgåvene gjekk til klatring.

– Mora mi lurte på om eg ikkje ønska meg ei symaskin, men absolutt ikkje. Me kjøpte oss ein bil for å klatre kvar dag, fortalde Amundsen i «Hele historien: Trango».

To ungdomar i anorakk på luftig topp i Romsdalen

Det unge paret på nok ein topp i Romsdalen. Ragnhild Amundsen ønska (forståeleg nok) ikkje å fortelje om Trango-ekspedisjonen nok ein gong, dei to sitata frå henne i denne saka kom i NRKs «Hele historien».

Foto: Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Paret reiste rundt i verda og klatra. I Alpane, Yosemite og i Himalaya.

No skulle dei ta kvar si rute til toppen av Trango.

Heime på Åndalsnes sat Cora Doseth. Ho hadde mista veslebroren til Hans Christian, få veker etter at guten blei fødd. To år seinare døydde ektemannen Arne.

No hadde ho berre den klatreglade sonen att.

Stjerna

Sju nordmenn og 30 berarar gjekk innover dalen i Pakistan, som eit fargerikt tusenbein mellom stein og skyhøge fjell.

Langt inne i dalen møtte dei den aller største klatrestjerna, italienske Reinhold Messner. Han hadde plukka eit par 8000-meter toppar, og tok seg tid til eit litt pinleg møte.

Messner med stjernekikkert som speider mot fjelltoppen i svært alpint landskap, kvinne i bakgrunnen.

Klatrelegenda Reinhold Messner frå italienske sør-Tyrol var førstemann aleine utan oksygentank på Mt. Everest og førstemann til å klatre dei 14 toppane over 8000 meter i verda («Himalayas krone»). På hans første store bragd, Nanga Parbat i 1970, døydde broren Günther, medan Reinhold sjølv mista sju tær og tre fingre.

Foto: Jaan Künnap / Commons

For midt i praten skjønte Doseth og Aasheim at dei ikkje heilt visste kor fjellveggen låg, og no var på veg inn i feil dal. Messner kunne fortelje at veggen låg på austsida av Trango – og sende følgjet rett veg.

– Det var litt pinleg. Ein gutegjeng frå Noreg skulle gjere noko av det vanskelegaste innan klatring, så visste me ikkje kor me skulle eingong, seier Aasheim i dag.

Så fekk dei vite at den amerikanske klatrestjerna Mugs Stump også planla ein ekspedisjon for «the highest rock face in the world».

Plutseleg fekk turen eit snev av kappløpet mellom Amundsen og Scott mot Sørpolen.

Dei sju norske deltakarane på ekspedisjonen framfor Trango Tower massivt fjellmassiv i granitt

Sju nordmenn – to ruter.

Foto: Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Starten

Ekteparet skilte lag ved foten av den 1500 meter spegelblanke granittveggen.

Det var ein tydeleg tung avskjed for paret, meir enn berre det å vere fysisk borte frå kvarandre i tre-fire veker.

«Var det den udefinerbare redsla det eigentleg handla om – frykt for at vi aldri ville kome tilbake?»

Ragnhild Amundsen, Iver Gjelstenli og Håvard Nesheim skulle på fire-fem dagar ta ei enklare rute rundt til toppen, ei rute som berre var klatra éin gong før.

Doseth, Aasheim, Dag Kolsrud og Finn Dæhli skulle i ein heil månad kjempe seg rett opp veggen – som dei første i verda.

Så starta slitet. Og det tronge livet.

Spektakulære videoklipp frå den norske ekspedisjonen som blei første opp Trango-veggen i Himalaya.

Perspektiv

To menn bora, bolta og klatra seg oppover. Dei to andre bar, heisa og halte etter utstyr og mat på 2–300 kilo. Eit grueleg slit.

På veg inn fjelldalen hadde dei sett fattigdom og underernærte barn med struma, sjølv var dei i gang med «den optimale meiningsløyse». Tidleg kom praten om kvifor dei gjorde dette:

– Eg kunne enda forstå det om ein likte seg her oppe. Om ein syntest ein hadde det jævlig fint når ein var i veggen, sa Hans Chr. Doseth, og heldt fram.

– Men det latterlege er jo at medan ein er oppi det, da vil ein berre ned igjen, bli ferdig, ha det heile unnagjort. Det er ganske sjeldan på slike alvorlege turar at ein ikkje ønsker seg ned att.

Dei fire snakka om å foreine seg med naturen, draumar, prestisje og å få nye syn på livet.

– Det fortvilte er at nye perspektivet du får på dei daglege trivialitetane varar så kort. Dei varar f... ikkje så lenge som turen varer ein gong, sa Finn Dæhli.

Aasheim i gul og grøn Norønna, raud hjelm og masse klatreboltar.

«Eg var redd. Eg lengta heim. Eg grua meg for veggen. Men for ei fantastisk kjensle det måtte vere å henge som ein edderkopp midt på ein 1500 meter høg, blank og loddrett vegg.»

«Det ville vere ein situasjon ikkje noko menneske tidlegare hadde opplevd, og eg visste at veggen var ufarleg. Vanvitig vanskeleg, men ikkje farleg.»

«Var det berre eit sjølvbedrag – trua på at dette ikkje var farleg?»
Stein P. Aasheim i «Trango – triumf og tragedie»

– Ja, eg trudde ikkje det var farleg, seier Aasheim i dag.

– Det som er det farlege med Himalaya-klatring, bortsett frå høgdesjuke, er jo snøskred og ras. Dette var jo berre blankt fjell. Så eg tenkte absolutt at dette var trygt, men dritvanskeleg.

Slit

Det var heller ikkje maten – eller livet i dei hengande telta – som forlokka dei.

Frysetørka gryterettar på primus etterfølgd av litt te.

I teltet måtte to og to anten ligge i kvar si retning «som to små ansjos klare for jolebord», eller sitte med ryggen mot fjellveggen og knea oppunder haka.

Raudt hengetelt over massiv fjellvegg, sett frå overhengande raudt hengetelt

Foto: Stein P. Aasheim / Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

På morgonkvisten var det å kople seg til tauet og kaste seg ut i fjellveggen, til langt på kvelden. Særleg ille blei det fjerde dagen da sola gjekk over i regn, sludd og snø – resten av turen.

«Høyrde berre ropa der oppe i bomullen ein plass – «tau ut» og «tau inn», «nå er det f... meg vått» og «fytteh...... for eit liv» »

Men det var og gode stunder. Kolsrud las høgt frå sosiologibøker, Aasheim spelte munnspel, dei fekk inn amerikanske og sovjetiske program på radioen og Springsteen på walkmanen.

Stein P. Aasheim sitt i hengekøyeteltet

«Det var mykje slit og ofte eit helv... Men så var det og gonger som berre var fine. Som å komme ned frå ein våt og slitsam dag og forstå at Hans Chr. og Dag hadde tenkt på meg. Å bli møtt med varm te. Føle kameratskapen.» Stein P. Aasheim

Foto: Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Skit

Snart blei det klart at dei hadde rekna for lite mat. Det hjelpte lite på humøret den niande dagen, da ostesekken med edamer, brunost, Norvegia og ein halvkilo honning ramla tusen meter ned.

Masse næring og den einaste luksusen dei hadde, forsvann.

Andre uhell gjekk det an å humre av. I alle fall i ettertid.

Éin morgon sat Aasheim på kanten av det raude teltet og såg brune klumpar som jord og mosedottar svevde forbi.

 støvlar over fjell

Eg prøvde å børste det av skoa mine, ein stor dott hadde landa midt oppå snøringa. Men eg klinte det berre utover.

mann skiter i fjell

Eg kasta eit blikk opp. Tretti meter over meg såg eg berre rumpa til Hans Chr. stikke ut frå ei lita hylle.

– F..., eg beklagar. Det var ikkje meininga. Eg trudde eg skulle få det utanfor teltet.

Toppen

Endeleg nådde dei risset som Doseth hadde sett på utklippet mange månader før. Likevel var tempoet lågt, dei klatra berre 30 meter om dagen.

For lite når dei berre hadde mat til fem dagar til.

Den fjortande dagen skilte dei lag. Dag Kolsrud og Stein P. Aasheim ofra seg frå å nå toppen – den store triumfen. Samtidig slapp dei blodslitet med blodige fingrar. Dei fira seg ned.

Sju dagar seinare, den 4. august 1984, når Hans Chr. Doseth og Finn Dæhli toppen av verdas høgaste loddrette fjellvegg, som dei første i verda.

Kolsrud og Aasheim såg det i kikkerten og fyrte eit stort bål som lyste opp heile fjelldalen. Dei fekk fire blink frå toppen tilbake.

To bein dingler tusen meter over fjella

Det er ein lang veg til botnen (om du er på toppen).

Foto: Stein P. Aasheim / Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

Helikopteret

Der oppe på toppen visste ikkje Hans Chr. Doseth om dramaet til kona.

På veg opp fekk trebarnsfaren Iver Gjelstenli alvorleg høgdesjuke, og hastande ned for å hente hjelp, blei Ragnhild Amundsen tatt av ei flaumelv og ført nedover elva.

Takka vere ein sandbanke fekk ho etter litt kravla seg i land og berga seg. I helikopteret som henta dei ut, såg ho kjærasten og dei tre andre maurane oppover mot toppen.

Det blei det siste glimtet av ektemannen.

Mann dingler langt nede på eit klatretau

Foto: Stein P. Aasheim / Carvasal Film Field Productions Norsk filmdistribusjon

På veg ned gjekk noko gale. Det umoglege skjedde, eit festepunkt må ha losna, kanskje av eit ras, og dei to norske heltane blei aldri meir sett i live.

Da pakistansk byråkrati omsider fekk sendt eit helikopter inn mot fjellveggen, såg Dag Kolsrud sine to klatrevener liggande døde på ei hylle. Da dei ti dagar seinare skulle hente dei to opp og tilbake til Noreg, låg berre taustumpar og eit norsk flagg igjen.

Eit snøskred hadde sopt over hylla, og gravlagt Hans Christian Doseth og Finn Dæhli ved foten av Trango-veggen.

8848 moh.

Ragnhild Amundsen hadde mista ektemannen. Det var ho som måtte ringe til svigermor Cora Doseth, som hadde mista sin einaste.

– Eg var heldig i forhold til Cora. Eg hadde eit miljø rundt meg og møtte på ein måte ein vegg av varme, har Amundsen sagt.

Berre eit halvt år etter tragedien, skulle Noreg til med ei ny klatrebragd.

Etter sju års venting hadde ekspedisjonen til Arne Næss rykt fram til å bli den gruppa som fekk prøve seg på Mount Everest dette året (1985).

Tre av dei fire frå Trango skulle vere med. Men to av dei var borte.

Arne Næss Jr. Skipsmegler og fjellklatrer (i midten) fotografert sammen med medlemmene i ekspedisjonen av Mount Everest i 1985. Stein P. Aasheim lengst t.h

Hans Christian Doseth sat fremst da Arne Næss jr. presenterte Everest-laget, berre nokre månader før tragedien på Trango. Finn Dæhli (med klokka) til høgre for Næss, og Stein P. Aasheim heilt til høgre.

Foto: NTB

Stein P. Aasheim var med da sju nordmenn nådde toppen, fleire enn nokon ekspedisjon tidlegare.

Da heltane vende heim var det hornmusikk, jubel og æresmiddag på Slottet. Pressa meldte om sherry, kamskjel, kalvedans og kiwifrukter, til den ville pris av 500 kroner per kuvert.

– Alt var berre glede. Og kvar gong vi var samla, såg eg liksom to svarte hol der kor Finn og Hans Christian skulle ha vore, seier Aasheim. Det tok over 20 år før han klarte å snakke om Trango offentleg.

Nytt liv

Ragnhild Amundsen blei enke 24 år ung.

Ho, Aasheim og Kolsrud møttest jamleg for å snakke i sorga.

– Flaks har redda livet mitt ved eit par høve. Eg tenker at Stein og eg ikkje hadde uflaks i vår nedfiring frå Trango, medan Hans Christian og Finn hadde uflaks. Vi var heldige. Dei var uheldige. Det var forskjellen. Ikkje noko anna, ifølge Dag Kolsrud.

I mørkeret fann Stein P. og Ragnhild kvarandre – og blei eit par. Snart med to jenter.

– Tanken på at familien min og barna mine liksom har sitt utspring i ulykka på Trango. Om ikkje Hans Christian hadde omkomme, så hadde eg liksom ikkje hatt ... Altså det er liksom berre ... Du blir heilt huggæren av det. Det går ikkje an å tenke sånn. Og så er det jo nettopp det eg gjer, da.

Boka

Eit meir openbert resultat av Trango-ekspedisjonen i 1984 var boka «Trango – triumf og tragedie», eit norsk høgdepunkt innan fjell- og klatrebøker.

Stein P. Aasheims «Trango – triumf og tragedie» ligg på 3500 kr på Finn.no

Boka ligg på 3–4000 kroner brukt.

Faksimile: Finn.no / NRK

Grovt forenkla ligg boka ein stad mellom den tenkande «Barske glæder» av Peter Wessel Zapffe og den suggererande «I tynn luft» (verdas beste bok, ifølge Aschehoug-sjef).

«Trango – triumf og tragedie» skildrar ekspedisjonen gjennom enorme foto, råskap, tankar, tilsynelatande botnlaus ærlegdom – og humor.

«Eg blei riven ut av mi fantasiverd av eit skrik frå Hans Chr. Eg skvatt til og gjorde meg klar for rykket. Men det skjedde ikkje noko. Berre fleire skrik. Så oppdaga eg at dei redselsfulle hyla berre var hans markering av takten til Bruce Springsteen på walkman.»

Hans Christian Doseth med gul og blå Norrønna-dress, i fjellveggen med gul walkman

Foto: Dag Kolsrud / Tears for Trango

Den norske bestiginga av Trango har av Climbing Magazine blitt kåra til éin av dei ti største prestasjonane i historia til klatringa.

Filmen «Trango» har kinopremiere 10. oktober.

Kjelder:

Stein P. Aasheim: «Trango – triumf og tragedie», 1985.
Dag Kolsrud: «Tears for Trango».
Kjetil Svanemyr: «Hans Christian Doseth – det uovervinnelege søskenbarnet».
Dag Kolsrud: «– Ambivalent til myten om Trango».
«Trango – et ønske om å leve sterkt», 2025.

Publisert 08.10.2025, kl. 20.45

Read Entire Article