Trafikkbøtene skal opp igjen – møter kraftig motbør frå politiet

5 hours ago 5


Det vekte særs sterke reaksjonar då Samferdsledepartementet i 2023 bestemte at bøtesatsane skulle opp med 30 prosent.

I fjor vart det ny auke tilsvarande prisstiginga på rundt 5 prosent.

Også i år vil regjeringa auka satsane for å halde tritt med prisveksten, men reaksjonane er tydelege – også frå politiet sjølv.

– Vi meiner at satsane er såpass høge no at det ikkje er naudsynt å auke satsane for å oppretthalde bøtenes preventive eller avskrekkande effekt. Difor er vi imot dette forslaget, seier fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet til NRK.

Mobilbruk i bil

Dei nye bøtesatsane legg opp til at det kostar deg 10.450 kroner om du brukar mobilen medan du køyrer.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

UP-sjef Knut Smedsrud er like skeptisk til høgre bøter:

– Vi meiner dei ligg på eit tilstrekkeleg høgt nivå for å ha ein avskremmande verknad. Vi trur det er viktigare å få opp risikoen for å bli oppdaga enn å auke satsane ytterlegare.

Minimal effekt

I høyringsrunden viser Politidirektoratet til forsking som seier at det er fleire andre forslag som har betre effekt på trafikktryggleiken enn auke i bøtesatsane.

Transportøkonomisk institutt publiserte i november rapporten «Oppdagelsesrisiko for trafikkforseelser».

Rapporten viser særs store forskjellar på effekt av ulike tiltak.

  • 50 prosent auke av satsar for gebyr og forenkla førelegg gir ein berekna nedgang på tre drepne eller hardt skadde i trafikken.
  • Ein tredobling av politikontrollar gir ein berekna nedgang på 113 drepne eller hardt skadde i trafikken.

På ei liste over effekt av 10 ulike tiltak, kjem auke i bøtesats heilt nede på 9-plass.

Snittet av ulykkestala over ein periode på fem år viser 101 drepne og 568 hardt skadde per år, ifølge tal frå SSB.

– Forskjellen har blitt større

Forskaren bak rapporten, Rune Elvik, seier han føler seg trygg på metodikken dei har brukt i rapporten, og viser til at det også tidlegare er gjort liknande samanlikningar mellom ulike tiltak.

Til dømes mellom auka bøtesatsar og fleire politikontrollar.

– Vi har funne det same før, men forskjellen har blitt større no.

Under tidlegare undersøkingar vart det funne større verknad av auka bøtesatsar enn tilfelle er no i siste runde.

– Men det har også tidlegare vore slik at meir kontroll har hatt mykje større verknad enn auka bøtesatsar.

Rune Elvik ved TØI

Rune Elvik ved Transportøkonomisk institutt er tydeleg på at andre tiltak gir betre effekt enn kraftig auke av bøtesatsane.

Foto: Nils Kare Nesvold

Ikkje fleire kontrollar

Statistikken viser at talet på kontrollar i politiet dei siste 15 åra har vore ganske stabile. Nærare bestemt rundt 600.000 i året. Samstundes har bøtesatsene gått betydeleg opp dei siste åra.

– Vi tøyer satsane for høgt for dei som har særs dårleg moglegheit for å betale. Det har vi sagt frå om, og det er tufta på ein fagleg ståstad, seier Runar Karlsen i Politidirektoratet.

Runar Karlsen i Politidirektoratet

Fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet meiner bøtesatsane er høge nok som dei er.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

UP-sjefen seier det er politikarane som både bevilgar pengar og som bestemmer kor store Utrykkingspolitiet skal vere.

– Vi har ikkje hatt stillingsvekst på veldig mange år. Så det er jo det som er årsaka til at vi ikkje har auka kontrollaktiviteten.

Med det nye forslaget kostar det til dømes 10.450 kroner å snakke med mobilen i handa. UP-sjefen får tilbakemelding om at fleire no nektar å vedta førelegget på staden fordi det er for dyrt.

Det betyr betydeleg meirarbeid når sakene i staden må takast vidare og eventuelt behandlast i rettsapparatet.

– Råkar dei unge

Norges Lastebileier-Forbund er også kritiske til auken i bøtenivået, og seier det særleg råkar dei yngste.

Han viser til at lærlingar har ei årsløn fordelt på to år.

– Eit gebyr på mellom 10.000 og 20.000 råkar dei ekstremt hardt.

Han er bekymra for at det går utover rekrutteringa, når bøtesatsane går opp slik dei har gjort dei siste åra.

– Hugs på at ein yrkessjåfør gjerne køyrer 10 til 15 gongar så mykje som ein vanleg bilist. Dermed er risikoen også langt større for å blitt teken.

Jan Ove Halsøy, Norges lastebileierforbund

Jan Ove Halsøy er regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund.

Foto: Brynjar / NRK

Forsvarar forslaget

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdsledepartementet skriv at ein jamleg prisauke er naudsynt.

Den førebyggjande effekten på bøtene, som skal bidra til at trafikantane overheld reglane, vil minka over tid om ikkje satsane blir justerte i tråd med prisutviklinga.

Tom Kalsås, statssekretær samferdelsdepartementet (Ap)

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) forsvarar ny auke i bøtesatsane for 2025.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

NRK sende forskingsrapporten frå Transportøkonomisk institutt til departementet, som viser at andre tiltak har langt større effekt.

Kalsås svarar slik:

Det vil ha stor positiv effekt på trafikktryggleiken dersom alle trafikantane overheld trafikkreglane, særleg at dei held fartsgrensene, køyrer rusfritt og med bilbelte. Eit tilstrekkeleg høgt nivå på reaksjonar ved brot på reglane som bidreg til at fleire overheld reglane er difor positivt for trafikktryggleiken.

Publisert 17.01.2025, kl. 05.55

Read Entire Article