På den andre sida av riksgrensa ved skistaden Trysil, har Sälen fått god nytte av sin nye, internasjonale flyplass.
No arbeider Skandinavias største skidestinasjon med å føre togskjener til sine alpinanlegg og flyplass.
Men samarbeidet mellom næringslivet langs riksgrensa, og NATO-medlemskap, gjer at svenskane tenkjer større.
Flyplassen ved Skandinavia sitt største alpinanlegg får togline.
Men svenskane vil dra skjenene over til Noreg.
– Det store målet er at vi skal få til ein grensekryssande jernbane.
Det seier Louise Larsson, som er administrerande direktør i Destinasjon Sälenfjellet.
DIALOG: Det svenske selskapet Scandinavian Mountain Railways har sett saman styret og er godt i gang med arbeidet, seier Louise Larsson i Destinasjon Sälenfjellet.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKI Sverige har dei nettopp sett saman eit selskap med eit styre, som skal jobbe med å finne den beste traséen og pengar til initiativet.
– Vi har eit håp om at nordmennene også blir med på det, seier Larsson.
Gjer jobben sjølv
– Jernbane til Trysil vil vere veldig positivt for kommunen og heile regionen.
Det seier ordførar i Trysil, Turid Backe-Viken (Ap).
Ho seier at utviklinga i verda, og verknadane for næringslivet, gjer det til ei moglegheit som er vanskeleg å seie nei til.
VEKST: Turid Backe-Viken, ordførar i Trysil (Ap) trur ringverknadane blir store med ein jernbane gjennom Sør-Østerdalen frå Sverige.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKMen verken ho eller svenskane meiner at statleg støtte er naudsynt for å få gjennomført prosjektet. Tvert imot.
– Dette er ikkje eit prosjekt som kan følge den tradisjonelle gangen gjennom nasjonal transportplan og bli betalt av den norske stat, seier Backe-Viken.
– Her er det Nato, EU, private investeringsfond og næringslivet som må løfte dette, i eit offentleg og privat samarbeid på begge sider av grensa.
Sel betre forsvar og beredskap
Eit av hovudargumenta for å binde saman aust og vest, er betre totalberedskap.
Backe-Viken seier at Trysil og Sälen har 100.000 turistsenger som kan bli brukte ved ei evakuering.
– Då treng ein effektiv transport. Det kan vi sjå frå Ukraina-krigen, seier Trysil-ordføraren.
PLASS: Turistkommunane på svensk og norsk side av Trysil kan få naudsynt beredskaptryggleik.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKLeiar for logistikkseksjonen og oberst i Forsvarsstaben, Ståle Rudiløkken, forklarar at moglegheitene for å krysse grensa er viktig for forsvarsevna til Nato.
– I ein slik samanheng er jernbane ein effektiv og viktig komponent for å sikre ei slik evne i Norden. Jernbane mellom Sverige og Noreg har betydning for Nato si evne til å ha militærøving og operasjonar i Norden, seier Rudiløkken.
NATO: Svensk medlemskap i forsvarsalliansen gjer at dei ser til Noreg for auka tryggleik.
Foto: Jonas Løken Estenstad / NRKSamtidig er det Samferdselsdepartementet som har ansvaret for å avgjere kva for ein infrastruktur som trengst for å få god nok transport.
– Det er tett dialog mellom forsvarssektoren og samferdselssektoren som er med på å danne grunnlaget for gode prioriteringar når det gjeld å dekke behovet for transportinfrastruktur til militære formål, understrekar Rudiløkken.
NHO er skeptisk
Sør-Østerdal Interkommunale Politiske Råd (SØIPR) har sett av ein halv million til å greie ut prosjektet.
Direktør i NHO Innlandet, Jon Kristiansen, trur jernbane vil vere til god nytte for næringsliv, forsvar og beredskap.
– Viss dei klarar å fullfinansiere dette prosjektet, vil det gje positiv verknad for næringslivet, tømmernæringa og beredskapen.
TVILANDE: Jon Kristiansen, leiar i NHO Innlandet, trur ikkje jernbane i Trysil er lurt.
Foto: Mats Sparby / NRKMen han er skeptisk til om aktørane får betalt for prosjektet utan staten.
Kristiansen seier òg at NHO Innlandet og Veiforum Innlandet har andre prioriteringar på samferdsel i fylket.
– Etter alle solemerke vil eit så stort prosjekt uansett krevje midlar frå staten, enten til utvikling eller til drift, seier NHO-direktøren.
– Ikkje hensiktsmessig bruk av ressursar
NRK har bedt Samferdselsdepartementet om ein kommentar i saka.
Dei er ikkje kjende med prosjektet, ifølgje statssekretær Cecilie Knibe Kroglund.
Difor har dei vanskar med å ta stilling til saka.
– Regjeringa er opptatt av gode, robuste kommunikasjonslinjer mellom Noreg og Sverige. Dette er særs viktig for å møte forsvaret sitt behov, men òg for å sørge for gode bindingar med og gjennom våre naboland, for både person- og godstransport.
TRANSPORTPLAN: Cecilie Knibe Kroglund, statssekretær (Ap), seier forsvarets behov blir dekka i deira prioritering for samferdselsprosjekt.
Foto: Sunniva Linjord / NRKKroglund seier at dei forheld seg til nasjonal transportplan.
– Vi er ikkje kjende med at det vil vere eit transportbehov som inneber at det er hensiktsmessig å bruke ressursar på dette. Men vi høyrer gjerne meir om initiativet når det ligg føre konkrete vurderingar og utgreiingar som stør opp under initiativet.
Ifølgje Jernbanedirektoratet er private toglinjer i stor grad knytte til industriområde, og kan bli kopla på det offentlege rutenettet.
– Om dette kan bli gitt løyve til i dette tilfellet, kjem an på trafikk på tilkoplingsstaden og kor toget skal ende. Generelt er det krevjande å få ruteleiar inn mot dei store byane og særleg inn mot Oslo.
Det seier kommunikasjonsrådgjevar Kristian B. Helgeland i Jernbanedirektoratet.
– Realistisk optimist
På norsk side er prosjektet i veldig tidleg startfase.
Kommunane i Sør-Østerdalen har snakka med Innlandet fylkeskommune om prosjektet.
Etter kvart skal dei informere Samferdselsdepartementet og invitere dei til eit partnarskap, om dei ønskjer det.
TIDLEG: Det er førebels ikkje kjent når eit tog kan passere Innbygda i Trysil.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKDei skal òg legge fram prosjektet for Forsvaret i Noreg.
Ordføraren i Trysil er optimistisk så langt på at jernbanen blir ein realitet.
– Det svenske selskapet har allereie hatt mange møter med blant anna EU og Nato. Dei har fått gode tilbakemeldingar så langt. Vi er realistisk optimistiske, avsluttar Backe-Viken.
Publisert 21.12.2025, kl. 11.36

















English (US)