To tenåringar tiltalte for å ha øydelagt synet til Sindre (23) med rakett

3 hours ago 4


Nyårskvelden blei ikkje heilt slik Sindre Fiske (23) hadde tenkt. Han var på fest i Surnadal på Nordmøre og då det nærma seg midnatt gjekk han og kameratane ut. I eit vegkryss like ved hadde det samla seg mykje folk.

Der var det kaotisk.

– Det var heilt texas og mange villbassar som fór og fyrte fyrverkeri både på kryss og tvers i rundkøyringa. Vi trekte oss litt unna og stod og prata. Plutseleg så small det i ansiktet på meg, fortalde Fiske til NRK tidlegare i år.

For smellet i ansiktet viste seg å bli alvorleg for 23-åringen.

– Synet blei redusert til 50 %

Berre eit par dagar etter nyttårsfeiringa bestemte politiet seg for å opprette ei straffesak. No er ein 18-åring og ein 19-åring tiltalte i saka, den yngste for å ha skote ein rakett inn mot ei folkemengde, den eldste for å ha gitt han raketten og bedt han fyre av mot området med folk:

«Sindre Fiske fikk raketten eller fragmenter fra eksplosjonen i høyre øye. Det oppstod brudd i øyehulen og synet ble redusert til 50 %, noe som igjen utløste vedvarende utmattelse ved konsentrasjon og tidvis hodepine ved arbeid og lesing», heiter det i tiltalen.

Ifølgje advokatane til dei to tiltalte vedgår ingen av dei straffskuld.

Sindre Fiske

Sindre Fiske på St. Olavs hopsital i Trondheim.

Foto: Privat

Trudde han miste synet fullstendig

23-åringen blei sendt rett til sjukehus i Trondheim. Augetestar viste at han ikkje var blind, og truleg kan han takke vernebrillene han hadde tatt på, for det.

Men synet er svekt, og i fleire månader var 23-åringen sjukmeld med hovudverk, utmatting og konsentrasjonsvanskar, ifølgje tiltalen.

– Det er eit voldsomt skadepotensiale i ei slik sak og ein ser sjølvsagt alvorleg på det. Dett er ei heilt unødvendig handling som det er grunn til å slå hardt ned på, seier statsadvokat Jogeir Nogva, som har tatt ut tiltalen.

Totalt fekk ti personar augeskadar i samband med nyttårsaftan. Sindre Fiske var den einaste av dei som brukte vernebriller, ifølgje ei oversikt frå Haukeland universitetssjukehus rett etter nyttårsaftan.

Sindre Fiske ønskjer ikkje å kommentere tiltalen mot dei to unge mennene.

Fyrverkeri i Trondheim 2022-2023

Det er mange som fyrer opp fyrverkeri på nyårskvelden.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Vurderer forbod mot fyrverkeri

Dei to tenåringane som er tiltalte for å ha fyrt av fyrverkeriet – eller medverka til dette – må møte i retten om to veker.

I etterkant av ulykka i Surnadal tok ordførar Hugo Pedersen (Sp) til orde for eit forbod mot fyrverkeri. No seier han det ikkje er aktuelt.

I staden seier han det er viktig å snakke med barn og unge om tematikken.

– Dersom vi hadde lagt ned eit forbod hadde vi kanskje berre skudd problemet til ein annan stad, og ting kunne kanskje kome ut av kontroll endå meir, seier han.

Men er ikkje du redd for at det skal skje igjen?

– Det uroar meg, så det med haldningsskapande arbeid skal vi ha fokus på mot neste år, seier ordføraren.

Ordførar Hugo Pedersen (Sp) i Surnadal kommune

Ordførar Hugo Pedersen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert 11.02.2025, kl. 18.15 Oppdatert 11.02.2025, kl. 18.23

Read Entire Article