Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_16244eb8ccc7bc0db38bf80ccd20d38a, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
To lettare skadd etter at Widerøe-fly blei råka av turbulens - NorwayToday

To lettare skadd etter at Widerøe-fly blei råka av turbulens

3 months ago 25


Det var VG som meldte dette først.

– Vi har hatt ein flyging frå Bergen til Molde som opplevde kraftig turbulens på turen, og måtte returnere til Bergen.

Det seier Silje Brandvoll. Ho er direktør for kommunikasjon i flyselskapet.

Ein passasjer og eit besetningsmedlem fekk lettare skadar.

– Dei blei møtt av helsepersonell på bakken og får hjelp, seier Brandvoll.

Ho fortel vidare at passasjerane som var med flyet får snakke om det som har skjedd og høve til å stille spørsmål.

– Dei blir lagt inn på hotell i kveld og så blir dei booka om til ein ny flight i morgon, seier Widerøe-sjefen.

Det var 62 passasjerar om bord på Widerøe-flyet.

Publisert 21.02.2025, kl. 23.00 Oppdatert 21.02.2025, kl. 23.03

Read Entire Article