Mange har prata om formuesskatten dei siste åra, og fleire ønsker den fjerna.
Det er fordi dei meiner at formuesskatten er i strid med Grunnlova og eit brot på menneskerettane.
Nyleg kom Sunnmøre tingrett med ei klar avgjerd:
Bedriftseigarane fekk saka avvist.
– Underleg at staten er redd for å få saka prøvd
I forkant av rettssaka har saka fått merksemd, mellom anna frå advokat John Christian Elden i Elden Advokatfirma.
Han representerer ikkje nokre av saksøkarane, men meiner dei har gode argument.
I eit innlegg som bedriftseigar Lars Oscar Øvstegård la ut på LinkedIn før avgjerda kom, kommenterte Elden:
1md
JE
John Christian Elden:Tviler på at saken kan avvises. Skal bli spennende å se om den materielt føres frem. Dere har gode argumenter, og antar den ender i høyesterett for avklaring. Det betyr noe for langt flere enn dere.
John Christian Elden vart kjend med avgjerda før helga.
– Eg synest det er underleg at staten er så redd for å få saka prøvd av domstolane, i staden for å la dommaren avgjere kven som har rett. Retten inviterer til ein meir tungvint prosess som ingen er tent med, skriv han i ei melding til NRK.
John Christian Elden har engasjert seg i saka.
Foto: Thomas Hagajore FosseAdvokatar hos Regjeringsadvokaten, Kristoffer Nerland og Ole Kristian Rigland, er ikkje einige i påstanden frå Elden, og svarer dette i ein e-post.
– Stemmer det at staten er redd for å få saka prøvd?
– Det er vi ikkje. Vi veit ikkje kva kjennskap Elden har til denne saka, men reglene om kva saker som kan bli behandla av domstolane er noko retten må vurdere av eige tiltak.
Må prøve saka på andre vilkår
I Sunnmøre tingrett konkluderte dei med at saksøkarane kan prøve saka på nytt, men med andre vilkår.
Tingretten meiner også at spørsmålet om formuesskatt er eit politisk spørsmål, og ikkje eit rettsleg spørsmål. I avgjerda står det:
- Det er klart, og heller ikkje omtvista, at spørsmålet om Noreg skal ha formuesskatt, ikkje er eit rettsleg spørsmål som blir avgjort av dømmande myndigheit, men eit politisk spørsmål som blir avgjort av dei folkevalde.
Mange snakkar om formuesskatten. Korleis fungerer den, og kva er de viktigaste argumenta for og imot?
Tingretten meiner at saksøkarane må ha ein annan framgangsmåte, og prøve saka gjennom korleis dei fører skatteoppgjeret sitt.
Dei må då endre på skatteoppgjeret for dei siste tre åra, og deretter prøve saka på nytt ved å seie at skatteoppgjeret krev for mykje formuesskatt.
Advokaten til saksøkarane, Jan Magne Langseth, er skuffa over avvisinga, men seier at saka på ingen måte er avslutta.
– Retter opnar jo for at ein kan få prøvd dette spørsmålet. Dei seier at regelverket i skatteforvaltingslova er det som gjeld, og då må ein gå ein annan veg.
Jan Magne Langseth representerer saksøkarane, og er førebudd på å ta saka vidare.
Foto: Terje Bendiksby / NTBAdvokatar hos Regjeringsadvokaten, Kristoffer Nerland og Ole Kristian Rigland, representerer staten i søksmålet.
Dei er einige i tingretten om at vilkåra for søksmålet ikkje er oppfylt.
– Motparten har framleis moglegheit til å saksøke staten fordi dei meiner at formuesskatt er ulovleg, men det viktige her er at det blir gjort på riktig måte, seier Nerland.
Advokat Kristoffer Nerland seier saksøkarane kan prøve saka på nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBFørebudd på å ta dette vidare
Bedriftseigar Lars Oscar Øvstegård er skuffa over avgjerda til tingretten, men er førebudd på å ta saka vidare.
– Dei har gitt oss oppskrifta til korleis vi kan gjere det på ein annan måte. Dette får vi til.
Også advokaten til saksøkarane, Jan Magne Langseth, er skuffa over resultatet. Han seier dei skal bruke tida framover på å bestemme seg for kva dei skal gjere.
– Vi må ta stilling til om vi ankar, eller om vi går den andre vegen. Dette er eigentleg berre ein liten snublestein som gjer at dette kjem til å ta lengre tid.
Lars Oscar Øvstegård under førebuingar til søksmålet.
Foto: Remi SagenSaksøkarane har endå ikkje kome til ei avgjerd på om dei skal anke saka, eller prøve den på nytt, på dei vilkåra tingretten har sett.
Advokat hos Regjeringsadvokaten, Kristoffer Nerland, er tydeleg i forsvaret sitt.
– Dersom det blir ei sak om lovlegheita av formuesskatten, så vil vi vere tydelege på at det er langt unna brot på Grunnlova og menneskerettane.
Publisert 01.10.2025, kl. 12.40