Tiltalt for valdtekt av fleire barn – slik skal han ha lokka dei til seg

1 day ago 3


Rettssaka som har gått føre seg i Sunnmøre tingrett dei siste vekene avdekkjer korleis det er mogleg for ein godt vaksen mann å forgripe seg grovt mot fleire barn.

Berre i løpet av ein månad skal han ha tatt kontakt med 1339 barn med spørsmål om å bli venner på Snapchat.

– Han kastar ut snøret, og håper han får napp, sa aktor Inger Myklebust i sin prosedyre i Sunnmøre tingrett nyleg.

Kvinne i rettssalskjole ser bort fra kamera. Hun står i et rettslokale. Bak henne er det et paneldekt rom. Bildet er tatt fra brystet og opp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Aktor Inger Myklebust har bedt om forvaring for mannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mannen i 40-åra skal ha halde tett kontakt med fleire av barna ved hjelp av ulike mobilar og sosiale plattformer som Snapchat, Whatsapp og meldingstenesta Kik.

Ho bad nyleg retten om å dømme han til forvaring, og fryktar han kan komme til å gjere nye overgrep om han blir sett fri.

Visste ikkje

Fleire foreldre har under rettssaka fortalt at dei ikkje ante kva som gjekk føre seg på barneromma og i bilen som han fekk dei med inn i.

– Eg visste ingenting før politiet ringte meg, sa ei av mødrene i retten sist veke.

Ho skildra korleis ho såg at barnet gjekk heimafrå, og seier ho ikkje tenkte på at det kunne vere for å treffe nokon.

Politiet har tidlegare lagt fram i retten mobildata som dei meiner viser at barnet hennar blei plukka opp av mannen i 40-åra, køyrt av garde og utsett for grove overgrep.

Uniformerte politifolk følgjer mannen i retten

Mannen blei følgt av politiet til Sunnmøre tingrett.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Skal ha sendt pengar til kompisar

Fleire av barna har fortalt at dei fekk små beløp av mannen.

For å unngå at foreldra skulle oppdage kva som skjedde, skal pengane ha blitt vipsa til kompisar eller venninner.

Andre barn skal ha fått kjeks, energidrikk og brus.

Heime blei det ikkje sagt noko om kva som skjedde.

– Nei, barnet sa ingenting, sa ei mor i retten.

Også hennar barn er mannen tiltalt for å ha utsett for grove overgrep fleire gonger etter å ha først ha oppretta kontakt på sosiale medium.

I retten blei det nyleg lagt fram døme på meldingar mannen skal ha sendt til andre barn.

5. oktober 2024 kl. 13:29:23

Mann i 40-åra:Hvor gammel er du?

5. oktober 2024 kl. 13:29:27

5. oktober 2024 kl. 13:29:32

Mann i 40-åra:Like du eldre?

5. oktober 2024 kl. 13:29:37

Kripos slo alarm

Det var den amerikanske organisasjonen Ncmec (National Center for Missing & Exploited Children) som først slo alarm om urovekkjande meldingar.

Dei varsla Kripos om kommunikasjon mellom mannen i 40-åra og barn frå ulike kantar av landet.

Då politiet slo til heime hos han fann dei fleire mobiltelefonar. Det førte til ei omfattande etterforsking.

Etter kvart klarte etterforskarane å identifisere fleire av barna.

Dei fleste er for unge til å måtte møte i retten. Dei har difor blitt avhøyrt på barnehus rundt om i landet. Fleire timar lange filmopptak er spelt av for retten.

Der ser ein barn krype saman i avhøyrsstolar, gøyme seg i store genserar og bak lange luggar.

I retten nyleg blei det lagt fram meldingar som politiet meiner mannen sende til andre vaksne, der dei snakka om overgrep.

20:20

T

Tiltalte:Har likt barn en stund ja

20:20

MN

Mann i Noreg:Siden når

20:20

T

Tiltalte:Husker ikke, men har ikke fått prøvd enda

– Mange farar som truar

Politiet seier dei har klart å sikre gode bevis for det som skal ha skjedd. Det har vore heilt nødvendig for å rulle opp saka.

– Det er i denne saka som i dei fleste slike saker, at foreldre ikkje veit kva barna held på med på sosiale medium. Det er mange farar som truar der, som det er viktig at foreldre veit om og er interesserte i å finne ut av, seier aktor Inger Myklebust.

Ho seier det er viktig å vite kven dei har kontakt med, aldersgrenser, at dei må vere fokuserte og nysgjerrige.

– For barn er det veldig vanskeleg å snakke om dette dersom dei har gjort noko dei forstår dei ikkje bør gjere på nett. Det er ei veldig dårleg løysing å vere ein sint forelder i møte med dette.

En kvinne i svart embetsdrakt snakker mens en kvinne i politiuniform ser på. Kvinnen i embetsdrakt gestikulerer med hendene. De befinner seg innendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Statsadvokat Inger Myklebust er aktor i saka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gråstenk i håret

Kledd i turbukse og islendar, med kort, brungrått hår og med briller på nasen har den snart 50 år gamle mannen dei siste vekene følgt si eiga rettssak.

Den første dagen sat han på høgre side i rettssal 138, mellom to forsvarar og følgde med utan særleg synlege reaksjonar.

Etter to dagar klarte han ikkje å vere i rettssalen lenger, og blei flytta over til Bergen fengsel. Der følgde han saka på videooverføring.

To politibetjenter i mørke uniformer står i en rettssal. De har ryggen til kameraet. I bakgrunnen er et dommerpanel og et sete. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dei første dagane i retten blei mannen følgd av politiet. Han sit no fengsla i Bergen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Meldingsdialogane som politiet har lagt fram viser at han skal ha sendt barna mengder med hjarte og kysseemojis, sagt han sakna dei og ville gifte seg med dei.

Han har heile tida nekta all straffskuld og held fast på at han ikkje huskar noko frå den tida.

No risikerer han fengsel eller forvaring i lang tid. Påtalemakta har også bedt om at han misser retten til å ha Snapchat, Whatsapp og Kik for alltid.

Publisert 16.04.2026, kl. 05.18

Read Entire Article