Den tidlegare overgrepsdømte mannen må igjen stille for retten, og denne gongen er barna endå yngre enn sist.
Det var i februar at han blei tiltalt for fleire overgrep mot barn. Eitt av dei mest alvorlege tiltalepunkta gjeld grov valdtekt av eit barn under 14 år.
Det er til saman seks fornærma. Alle er mindreårige.
Dei fire bistandsadvokatane som representerer barna vil ikkje kommentere saka no.
Kan be om forvaring
Statsadvokat Inger Myklebust seier at slike saker dessverre ikkje er heilt uvanleg.
– Påtalemakta ser alltid alvorleg på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn. I denne saka er det noko særskilt ved at fleire av barna er svært unge.
Tidlegare har Myklebust sagt til NRK at påtalemakta kan be om å dømme mannen til forvaring.
Det er ei straff som blir brukt mot særleg farlege lovbrytarar, meint for å verne samfunnet. Forvaring har ofte ei tidsramme på 21 år og ei minstetid. Dommen kan også bli forlenga med fem år av gongen om det er fare for gjentaking.
Aktor Inger Myklebust ser alvorleg på saka.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKMyklebust vil ikkje seie kvifor ho kan ende opp med å be om forvaring.
– Det skal eg ta etter bevisføringa. Men det ligg i saka sin natur at det kan vere nødvendig for å hindre han i å gjere nye overgrep mot barn.
– Er det fordi han tidlegare er dømt i liknande saker?
– Det er sjølvsagt ein del av kvifor vi meiner at ein slik fare ligg føre.
Det er sett av seks dagar i retten til saka.
Det er Sunnmøre tingrett som skal ta føre seg saka.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKVil ikkje kommentere
Mannens forsvarar, Sjur Engelsen Lange, ønsker ikkje å uttale seg.
– Eg har vore i kontakt med min klient. Ønsker ikkje å kommentere tiltale eller rettsmøte, skriv han til NRK i ei tekstmelding.
Sjur Engelsen Lange ønsker ikkje å kommentere saka.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKBistandsadvokatane har bedt om at saka går for lukka dører, og retten har kome til at berre journalistar skal kunne følgje den.
Det blir mellom anna vist til at fleire av barna var svært unge då overgrepa skal ha skjedd, og at det vil vere vanskeleg å forklare seg dersom det er publikum til stades.
Samtidig er det forbode for pressa å skrive namn, alder, geografiske stader, skular, helseopplysningar og andre sensitive personopplysningar.
Det er også referatforbod om sensitive detaljar kring overgrepa.
Utsida av Ålesund tinghus. Bildet er tatt i ein annan samanheng, og har ikkje noko med denne saka å gjere.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKTidlegare dømt fleire gonger
Mannen blei for første gong dømt i 2019.
Då blei han dømt for å ha tatt i mot bilde som seksualiserte barn under 18 år, for seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år og for å ha avtalt å møte eit barn under 16 år for å gjennomføre eit overgrep.
I 2023 blei han dømt på nytt.
Denne saka blei rulla opp av National Center for Missing & Exploited Children (NCMEC), som igjen varsla Kripos. Dei klarte så å spore IP-adressa til mannen.
Totalt blei han då dømt for seksuelt krenkande åtferd mot 10 barn.
Publisert 23.03.2026, kl. 05.04













English (US)