Tilsette som brukar kunstig intelligens blir oppfatta som late og mindre kompetente

21 hours ago 1


Kunstig intelligens (KI) er i rask utvikling. Mange har hoppa på toget, og teke i bruk denne teknologien – medan andre står skeptiske igjen på togperrongen.

Sjølv om kunstig intelligens kan auke produktiviteten, kan bruken ha sosiale kostnader, som negativ vurdering frå arbeidsgjevarar eller kollegaer.

Folk forventar å bli vurdert negativt når dei nyttar KI-verktøy, og forventninga stemmer med korleis dei faktisk blir vurderte. Det viser forskinga, publisert hos vitskapspublikasjonen Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS).

– Folk som har hamna bakpå med å ta i bruk KI, vil føle seg trua av folk som er meir effektive og produktive. Derfor trur eg det er ein menneskeleg respons å dømme folk som i stor grad brukar kunstig intelligens.

Det seier Marko Lukic. Han har ikkje delteke i forskinga, men er leiar av UiT Norges arktiske universitet sitt KI-team.

– Smart å bruke KI

Gjennom fire eksperiment med over 4400 deltakarar, fann forskarane ut at personar som brukar kunstig intelligens på jobb, blir sett på som mindre kompetente og meir late, enn dei som ikkje gjer det.

– Eg tenkjer at ein ikkje er lat. Eg synest det er smart å bruke KI. Eg brukar kunstig intelligens til ting eg lurer på. Ein kan jo bruke det til alt, seier Martine Walle, som NRK møtte på gata i Tromsø.

Målet med studien, var å få betre innsikt i den sosiale dynamikken rundt bruk av KI på arbeidsplassen.

Digi.no har også omtalt studien.

  • en person som bruker solbriller

    Tomi Vaara / NRK

    Fredrik Melsom Vaa

    – Ein kan bli sett på som lat. Det er veldig enkelt å få eit svar frå KI, men så dobbeltsjekkar ein ikkje svaret. Då kan det bli veldig mykje feil. I staden for å «google», brukar eg KI. Med KI får ein svar med ein gang. Det er veldig viktig å vere kjeldekritisk, tenkjer eg då.

  • en person med langt hår

    Tomi Vaara / NRK

    Martine Walle

    – Eg tenkjer at ein ikkje er lat. Eg synest det er smart å bruke KI. Eg brukar kunstig intelligens til ting eg lurer på. Ein kan jo bruke det til alt.

  • en kvinne i blå skjorte

    Tomi Vaara / NRK

    Mari Grande Falkensten

    – Eg ser ulempene med KI-bruk. Dette med skrivefeil og grammatikk i nyheitsartiklar. Eg blir litt irritert. Språket blir veldig kunstig og flatt. Eg brukar ikkje kunstig intelligens på jobb. Eg har ikkje fått nok kunnskap om det sjølv.

– Endrar dynamikken på arbeidsplassen

Lukic ved UiT er ikkje særleg overraska over resultatet i forskinga.

Han meiner teknologien har makt til å endre dynamikken på arbeidsplassen. Noko han sjølv observerer på universitetet:

– Det er nesten eit slags stigma ved å bruke kunstig intelligens. Folk trur at dersom du brukar kunstig intelligens mykje, er du ein som kan erstattast. Folk vil ikkje miste jobben, så då dømmer dei folk som brukar KI.

Han held fram:

– Viss du vil vere konkurransedyktig på arbeidsmarknaden, må du sannsynlegvis ta i bruk kunstig intelligens.

en mann som sitter ved et skrivebord

Marko Lukic, leiar av UiT Norges arktiske universitet sitt KI-team, seier at folk som har hamna bakpå med å ta i bruk KI, vil føle seg trua av folk som er meir effektive og produktive.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Han trur fleire tenkjer at dei ikkje må stole for mykje på kunstig intelligens.

– Akkurat no trur eg det er ei fornuftig tilnærming. Det kan jo ende opp med noko vi har sett før; at vi ikkje klarer å rekne, fordi vi brukar kalkulator. Eller at vi ikkje klarer å orientere oss, sidan vi brukar Google Maps.

Brukar Tromsø kommune som døme på feilbruk

Dersom ein brukar kunstig intelligens feil, kan det få uheldige konsekvensar.

Tromsø kommune brukte kunstig intelligens feil i ein rapport om skulestruktur. Ei ekstern gransking slo fast at kommunen ikkje var moden for å ta i bruk kunstig intelligens.

– Vi brukar Tromsø kommune som eit døme på korleis ein ikkje skal bruke kunstig intelligens, fortel Lukic og legg til:

– Det er negative konsekvensar av denne feilen, men samtidig er det positivt at folk no er meir bevisste på at dei må ha opplæring i kunstig intelligens før dei tek det i bruk.

– Størst skepsis i kreative bransjar

Nikolai Olavi Czajkowski er førsteamanuensis på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han trur kunstig intelligens er noko som kan revolusjonere arbeidslivet.

– Dei som har brukt kunstig intelligens ser nytteverdien. Det er avhengig av om sjefen eller kollegaer har erfaring med KI.

Czajkowski trur at ein spesielt innanfor den kreative bransjen, kan bli utsette for ein skepsis blant kollegaer, viss ein brukar KI.

– Dei føler at deira arbeidsplass er trua. Då ser vi ei reell bølgje av fiendskap mot teknologien.

– Veldig viktig å vere kritisk

– Kva trur du er grunnen til at nokon brukar KI i arbeidslivet, medan andre tek avstand frå det?

– Eg trur mykje skuldast at dei kanskje ikkje har opplevd dei reelle gevinstane av å bruke KI. Det er store forskjellar. Det handlar om kva slags bransje du er i. På sikt trur eg dette vil vere overalt, seier Czajkowski.

Han trur det er «fint mogleg» å bruke kunstig intelligens på ein måte der ein er meir produktiv og lærer meir.

– Men det er også måtar å bruke det på som svekkjer kritisk vurdering og grensar mot latskap, seier han.

Også Fredrik Melsom Vaa, som NRK møtte på gata i Tromsø, legg vekt på at det er viktig å vere kritisk:

– I staden for å «google», brukar eg KI. Med KI får ein svar med ein gang. Det er veldig viktig å vere kjeldekritisk, tenkjer eg då.

Publisert 26.07.2025, kl. 12.21

Read Entire Article