Videoplattformen Tiktok er no stengt i USA, melder nyheitsbyrået AFP.
Kongressen har tidlegare vedtatt ei lov som pålegg det kinesiske morselskapet Bytedance å selje appen innan laurdag, om han ikkje skal bli forboden i USA.
Natt til søndag er appen utilgjengeleg for amerikanske brukarar, og ikkje mogleg å laste ned frå Apple Store, melder Reuters.