Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø skal avslutte dei innhaldsrike karrierane sine i Holmenkollen søndag.
Men det er ikkje berre familie og norske fans som har dukka opp for å vere til stades ved hendinga.
Til og med den mangeårige erkerivalen deira Martin Fourcade har tatt turen til Holmenkollen.
Han fortel til NRK at han kasta seg rundt for å bestille flybillettar då Thingnes Bø 18. januar sjokkerte ein heil idrett ved å annonsere at han skulle legge opp etter sesongen.
– Eg bestilte billettar i januar da eg såg beskjeden på TV. Eg ville vere der og feire min beste rival, men også sjå hans siste renn. Det er ei vakker feiring av Bø-brørne og av skiskyting, seier han.
Surt nederlag som beste minne
Fourcade og Thingnes Bø har hatt tallause duellar, men éin skil seg spesielt ut for franskmannen: normaldistansen i OL i Pyeongchang i 2018.
– Eg leia til siste skyting og kunne vunne med éin bom, men eg fekk to. Johannes vann. Det var ein stor duell, og han pressa meg til å bli betre. I 2019 pressa han meg så mykje at eg gjekk altfor mange renn, fortel franskmannen.
Han meiner dei to var unike rivalar.
– Vi hadde liknande kvalitetar. Eg måtte vere hundre prosent heile tida for å slå han. Han var meir offensiv enn meg og hadde enorm sjølvtillit.
No håpar Fourcade at Thingnes Bø får ei verdig avslutning.
– Han kunne framleis gått nokre år til, men han følgde magekjensla si. Det respekterer eg, seier Fourcade.
PÅ PLASS: Martin Fourcade skal vere til stades ved Bø-avslutninga.
Foto: Hanne Skjellum / NRKUtfordrar Thingnes Bø
Før Thingnes Bø kan gi slepp på strenge smittevernreglar og eit tidvis veldig konkurransekøyr, skal han gå fellesstarten framfor ein fullsett tribune i Holmenkollen.
Den tidlegare rivalen hans har ei siste utfordring til stryningen.
– Eg vann mitt siste løp, så han veit kva han må gjere for å oppnå den milepælen òg. Men eg blir den lykkelegaste mannen i verda om han klarer det, seier Fourcade.
Begge brørne er innstilte på å nyte den siste konkurransehelga i karrieren.
– Helga vi går inn i nå blir den vakraste helga i karrieren vår. Mimringa har allereie begynt, og vi merkar at vi blir tatte imot med varme. Vi gler oss til å nyte dette saman med publikum, seier Thingnes Bø.
Storebroren deler kjensla.
– Vi er heldige som kan legge opp her heime i Holmenkollen. Vi har veldig høge forventningar til helga, og vi gler oss til å ta fatt på neste kapittel i livet, seier Tarjei Bø.
STJERNER: Det er liten tvil om at Bø-brørne er dei største stjernene skiskyting har å by på.
Foto: Simon Hastegård / Bildbyrån– Klare for å sleppe til ungdommen
For brørne Bø ventar eit nytt liv etter skiskyttarkarrieren. Sjølv om dei er usikre på framtida, kjem dei med eit lite hint om korleis livet på den andre sida blir.
– Vi vil begge ha ein fot innanfor skiskytinga vidare, men om det blir norsk TV, fransk TV eller noko heilt anna, får tida vise, seier storebror Bø med eit smil.
Thingnes Bø er opptatt av å vere til stades akkurat no.
– Eg prøver å suge til meg alle inntrykka denne veka. Vi går ut med eit smil og er klare for å sleppe til ungdommen. Sjølv om eg berre er 31, er det nye folk som skal bli dei store profilane framover, seier han.
Søndag kveld er det slutt. Måndag startar eit nytt kapittel. Men først står ein fellesstart for tur – og ein heftig fest.
– Eg skal først leve på måndag etter festen på søndag, så tar eg det derfrå, seier Thingnes Bø med eit smil.
– Færre dårlege vitsar
For Sturla Holm Lægreid blir det spesielt å konkurrere utan dei to brørne. Han blir no blant veteranane på landslaget.
– Dei har nok den største følgarskaren ein kan oppdrive i skiskyting. Dei har prega sporten i mange år, både i korleis han blir følgt med på og korleis kulturen i det norske laget er. Det blir eit stort sakn, og dei kjem til å etterlate seg eit ettermæle som blir vanskeleg å bevare, men vi skal gjere vårt beste.
– Korleis blir det neste sesong?
– Det blir spesielt. Vi får ein annan lagdynamikk utan desse brørne. Det blir mange færre dårlege vitsar og humor på tur, men vi får prøve å fylle det tomrommet som dei har etterlate seg.
Lægreid sikra samanlagtkula og blir med det den som vinn verdscupen samanlagt – framfor Thingnes Bø.
Han trur at jubelen blir kortvarig for hans del på søndag, same korleis det går.
– Eg kjem nok til å juble eit par sekund om eg vinn, og så blir det berre rett over til «Oi, shit. No forsvinn Johannes og Tarjei», seier Lægreid.
VERDSEINAR: Sturla Holm Lægreid er i ferd med å ta over trona til Johannes Thingnes Bø.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTBKollegaene hyllar Bø-brørne
Johannes Dale-Skjevdal innrømmer at det blir rart utan Bø-brørne, men er sikker på at laget vil fortsette å prestere.
– Ein skal ikkje seie at det ikkje blir annleis, for det blir det jo. Plutseleg er det to store profilar som er vekke. Men nivået vil framleis vere høgt, og eg trur det blir veldig bra.
Vebjørn Sørum trekker fram rolla deira som forbilde.
– Dei har tatt over arven etter Ole Einar (Bjørndalen) og Emil (Hegle Svendsen), og det folket sit igjen med er nok positiviteten og energien dei har bidratt med. Det er vanskeleg å finne superlativ for kva dei har betydd for oss.
Langrennski-stunt slo feil - norsk verdensmester mister EM 00:27
Publisert 22.03.2025, kl. 22.12 Oppdatert 22.03.2025, kl. 22.18