Sjå for deg følgande scenario:
Det er tidleg morgon. Du har brukt nokre minutt meir enn du eigentleg burde på å gjere deg klar for dagen.
Klokka tikkar mens du pussar tenner. Bussen går om seks minutt.
Du raskar med deg tinga dine, og spring ut døra.
Der andre, kanskje lettare febrilsk, låser døra med sin fysiske nøkkel og spring vidare, må Thea opp med mobiltelefonen.
Den teknologiske løysinga fører til nokre utfordringar i kvardagen for 26-åringen og sambuaren hennar.
– Ubehageleg
Thea Mogen bur i Anker Studentbolig på Grønland i Oslo, eit splitter nytt bygg som opna i sommar, med 161 hybeleiningar.
Leilegheita er fin, leigeprisen er grei, og ho får bu midt i Oslo – i det som er blitt ein svært pressa leigemarknad i hovudstaden.
Det er berre denne eine tingen som er ei gjentakande kjelde til frustrasjon – og litt skremsel.
Det ser ut som ein vanleg nøkkel, men ikkje heilt.
I staden opnar Thea ein app, og legg mobiltelefonen sin inntil.
Etter nokre sekund lyser «access granted» opp på skjermen, og ho kan opne døra.
Alle leilegheiter, så vel som fellesareal som søppel- og vaskerom, blir opna og lukka med ein smarttelefon.
Mangelen på ein fysisk nøkkel, og det å alltid ha med seg ein telefon som er oppladd, fungerande og tilgjengeleg, er noko Thea reagerer på.
– Det er ubehageleg å vere avhengig av noko digitalt for å komme seg heim.
Fleire gonger har nøkkelappen hengt seg opp, fortel ho.
Det skjer også når NRK er på besøk:
– Det har skjedd at eg har stått her i ti minutt fordi appen har klikka. Eg må avinstallere den, laste inn appen og registrere nøkkelen på ny.
– Det er eit irritasjonsmoment om eg skal på jobb eller rekke noko, og så får eg ikkje låst døra fordi den heng seg opp.
«Berre la meg låse!» seier Thea når appen streikar.
Foto: Bård Nafstad / NRK
«Berre la meg låse!» seier Thea når appen streikar.
Foto: Bård Nafstad / NRK
Og kva om telefonen går tom for straum, eller ho gløymer den ein stad?
– Eg liker ikkje tanken på at eg kanskje ikkje kjem meg heim om det skulle skje noko.
NRK tar ein prat med andre bebuarar i bygget til Thea, blant andre studenten Dorsia (20).
Ho er heller ikkje fan av løysinga:
– Det tar tid å komme deg inn og ut, du er avhengig av straum på telefonen, og du får gebyr viss du må ta kontakt med vekter. Det blir mykje styr når du ikkje har ein fysisk nøkkel, meiner ho.
Dette seier andre studentar i blokka:
Leonard (22): – Det er litt smart, men også litt dumt. Om ein ikkje har straum på telefonen, så kan det vere utfordrande å komme seg heim. Eg har venta på naboar for å få ladehjelp eit par gonger.
Foto: NRKSara Mong-Olsen (19): – Det er eigentleg veldig greitt, ein slepp å gløyme eller miste nøkkelen. Det einaste som er kjipt er om eg går tom for straum. Mange har ladarar, så da kan eg spørje på ein restaurant eller kafé. Det har skjedd ein gong.
Foto: Henriette Hoel / NRKObim Ogazi (21): – Det kan vere tungvint til tider, for appen er ikkje alltid like rask. Men elles er det ganske kult, du treng ikkje ha med deg nøklar overalt. Alle har jo med seg telefonen overalt.
Foto: Henriette Hoel / NRKSunniva Bergaust (21): – Det er litt stressande å tenke på at eg er avhengig av ein telefon for å komme meg inn. Plutseleg står du der, på natta, og er tom for straum og får ikkje tak i nokon. Føler ofte eg må ha med powerbank, det er litt irriterande.
Foto: Henriette Hoel / NRK
Fleire fordelar, meiner direktør
Svein Hov Skjelle er administrerande direktør i Stiftelsen Anker, som eig og driftar studentbustaden Thea bur i.
Han påpeiker at dei har «døgnkontinuerleg vektarteneste som dekker alle bygga deira»:
– Vektartenesta kan ordne innlåsing i dei svært få tilfella bebuar ikkje kjem inn i bygg eller leilegheit.
Svein Hov Kjelle, administrerande direktør i Stiftelsen Anker.
Foto: n14859Stiftinga har fleire store eigedommar i Oslo, som primært blir utleigd til studentar.
Halvparten av bustadane har den nye digitale og mobilbaserte nøkkelløysinga.
Dei andre bruker nøkkel eller ein fysisk chip.
– Vi har difor eit svært godt erfaringsgrunnlag for å samanlikne tradisjonelle løysingar med nye digitale løysingar, seier han.
Ytterdøra til sjølve bygget blir ikkje opna med app, men med ein kodelås.
No får dei færre meldingar frå bebuarane sine:
– Det er langt meir vanleg at bebuarar gløymer eller mister fysiske nøklar, enn at dei gløymer eller mister telefonen sin.
Den nye løysinga har fleire funksjonar, som å dele nøkkel via appen.
Det digitale systemet har også mykje lågare driftskostnader, noko som gjer at leigeprisane kan vere lågast mogleg, seier han, og gir fleire årsaker:
Fleire vel bort husnøkkelen
Det er fleire som vel å gå bort frå den tradisjonelle nøkkelen i nye bygg.
For eksempel Campus Living, eit anna bustadselskap for studentar. Dei bruker også ein mobilapp som nøkkel på fleire studentbustader.
– Vi sender ut mobilnøkkel til alle studentar ved innflytting, men vi tilbyr også fysisk løysing til dei som ønsker det, seier eigedomssjef Rositsa Ilieva.
Dermed er ingen bebuarar tvinga til å berre bruke mobil, påpeiker ho.
– Bebuarane set pris på fleksibiliteten og tryggleiken ved å sleppe fysiske nøklar som kan mistast eller kopierast. For oss som utleigar gir løysinga også moglegheit til rask og sikker handtering ved inn- og utflytting.
Korleis er utviklinga elles i Noreg? NRK spør fleire ekspertar:
Vil ha noko fysisk
Thea Mogen skulle gjerne hatt valet om ei anna løysing.
– Eg skjønner at det sikkert er mykje vedlikehald og papirarbeid når studentar mister nøklar i hytt og pine, seier ho, men:
– Vi har brukt nøklar i alle år. Eg synest det er spesielt at ein ikkje har moglegheita til å betale for ein fysisk nøkkel, som ein må erstatte om ein mister den.
Ei digital brikke hadde vore nok, lik den sambuaren har fått låne for ein kort periode, fordi mobiltelefonen hans syng på siste verset.
Den eldre smarttelefonen klarer ikkje lenger å lese av nøkkelen. No må han kjøpe ein ny, fortel Thea.
Ho stussar over at ein er bunden til å eige ein nyare telefon for å bu ein stad.
Alt på ein stad
Administrerande direktør i Stiftelsen Anker seier at dei kanskje kan finne ei leilegheit i eit anna bygg til paret, kor dei framleis bruker fysiske nøklar.
Thea understrekar at ho er takknemleg for å kunne bu i den nye studentblokka.
Kritikken hennar handlar eigentleg om eit større bilete, påpeiker ho.
Nemleg å reflektere over digitaliseringa rundt oss.
Ho erkjenner at dei aller fleste har ein smarttelefon i dag. Men no er så mange viktige funksjonar på ein og same stad.
Som pengar, klokke, billettar, brev, bilete – og nøklar.
– Det er veldig sårbart når alt skal vere samla på telefonen, avsluttar ho.
Publisert 15.01.2026, kl. 15.58











English (US)