Naudetatane rykket ut til ein brann i terreng i Trysil søndag ettermiddag.
Det var spreiingsfare til busetnad i nærleiken grunna ugunstig vindretning, men klokka 12.55 opplyser brannvesenet at dei har kontroll.
Brannen spreidde seg fort, melder politiet.
To vaksne på staden blir sett til av ambulanse sidan dei har fått i seg ein del røyk.
Klokka 12.46 sa operasjonsleiar i Innlandet, Vidar Flokenes dette til NRK.
– Vi veit ikkje omfanget enda, men terrengbrannen er fem meter frå ein husvegg på ein gard. Det er elles spreidd busetnad i området.