– Siktinga viser ikkje til konkrete handlingar, noko som gjer det vanskeleg å vite kva han direkte er mistenkt for.
Det seier John Christian Elden til NRK etter at Terje Rød-Larsen torsdag blei avhøyrd av Økokrim.
Ifølge forsvararen har Rød-Larsen forklart seg om alle forhold det er stilt spørsmål ved i etterforskinga.
Avhøyrt i Oslo
Elden gjentar at Rød-Larsen ikkje erkjenner straffskuld.
– Trass i dette, har Rød-Larsen ut frå sin helsesituasjon forklart seg utførleg om relasjonen til Jeffrey Epstein, deriblant samhandling og økonomiske forhold.
Avhøyret har gått føre seg i Oslo, opplyser Økokrim.
– Han har svart på våre spørsmål og vi har inntrykk av at han ønskjer å samarbeide med Økokrim, seier fyrstestatsadvokat Marianne Bender.
Bender er påtaleansvarleg i etterforskinga mot Rød-Larsen og Mona Juul.
Rød-Larsen har også oppheva teieplikta for tidlegare advokatar i samband med leilegheitskjøpet på Frogner, slik at dei kan forklare seg for Økokrim.
E-postar dokumenterer eit nært forhold mellom Rød-Larsen og Epstein, der fyrstnemnde omtalar han som sin beste ven.
Foto: Sandro Pace / AP, Det amerikanske justisdepartementetØkokrim er i tillegg i kontakt med utanlandske styresmakter som del av etterforskinga.
– Etterforskinga er omfattande og vil ta tid, seier Bender.
Sikta etter nye opplysningar
Økokrim har sikta Terje Rød-Larsen for medverknad til grov korrupsjon og kona Mona Juul for grov korrupsjon.
Siktingane kjem etter nye opplysningar i den siste bunken med offentleggjorde dokument frå Jeffrey Epstein-saka.
Paret Juul og Rød-Larsen er sikta av Økokrim for høvesvis grov korrupsjon og medverknad til grov korrupsjon.
Foto: Matt Dunham / AP / NTBBegge avviser skuld.
Dokument NRK har gjennomgått, tyder på ein nær kontakt mellom Epstein og Rød-Larsen.
Materialet viser mellom anna økonomiske bindingar i form av lån, fordelar i samband med bustadkjøp og bistand til visum og arbeid for unge kvinner Epstein ønskte å få til USA.
Denne bustaden skal Rød-Larsen og kona hans, Mona Juul, ha kjøpt under marknadspris etter press frå Epstein mot seljaren.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKJeffrey Epstein blei i 2008 dømd for overgrep mot mindreårige.
Også i 2019 blei han arrestert og tiltalt for overgrep mot unge jenter i New York og Florida.
Publisert 19.02.2026, kl. 14.59 Oppdatert 19.02.2026, kl. 15.11












English (US)