Bane Nor har problem med informasjonssystemet og difor valt å skru av fleire informasjonstavler.
I staden kjem informasjonen frå høgtalarar.
– Vi må manuelt informere om endringar i sporbruk. Vi har ein feil i kommunikasjonssystemet som styrer den informasjonen, seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund.
Feilen gjeld heile landet, men rammar særleg hardt dei travlaste togstasjonane, slik som Oslo S.
Korslund seier systemet kommuniserer med fleire appar, mellom anna Entur, Vy-appen og Google Maps.
Kva tog som kjem på kva spor, blir informert over høgtalaranlegget.
– Lytt nøye ut til meldingane som kjem over høgtalarane, seier Korslund.
Han seier Bane Nor gjer feilsøkingar, men ikkje har noko utsikt for når feilen blir retta.