Teikneseriar gav Hanna (17) sjølvtillit i lesing som barn – no har ho laga ei teikneseriebok

2 days ago 13


– Da eg var yngre leste eg seint, mykje seinare enn dei andre. Det gjorde meg usikker på lesing.

Hanna Prestholt Skaraas (17) fortel om tida på barneskulen. Ho likte ikkje å lese – følte ho ikkje meistra det.

Så fann ho teikneseriar.

– Dei klarte eg å lese. Eg fekk sjølvtillit og ville lese meir.

Tegner

Hanna har teikna seg sjølv som ein teikneseriefigur.

Hanna har teikna seg sjølv som ein teikneseriefigur.

Hanna er ikkje aleine.

Eitt av fem barn slit med lesing og berre 13 prosent seier at dei liker godt å lese.

Det viser den internasjonale studien PIRLS, som kvart femte år undersøker leseferdigheitene til tiåringar i 65 land.

I Noreg har leseprestasjonane gått markant ned.

Teikneseriar som motivasjon

– Det handlar om motivasjonen. Vi må få barna motiverte til å lese, og teikneseriar kan bidra til nettopp det.

Det seier professor på Universitetet i Søraust-Noreg, Marie-Lisbet Amundsen.

  • Marie-Lisbet Amundsen

    Marie-Lisbet Amundsen

    • Professor i spesialpedagogikk
    • Institutt for pedagogikk og utdanning, USN

I teikneseriar er det ofte store bokstavar, lite tekst og bilete som støttar oppunder handlinga.

Det er meir overkommeleg for mange barn, noko som gir dei meistring og gjer at dei blir glade i å lese, seier Amundsen.

– Da vil dei ønske å lese meir og kanskje prøve seg på andre, meir avanserte tekstar.

Låner ut meir teikneseriar

For Hanna bidrog teikneseriar til å auke leselysta. Slik har det nok vore for fleire andre barn også, ser vi på tal frå SSB.

Eitt av sju barn i alderen ni til femten år les teikneseriar. Det er ein auke sidan 2021 da andelen var eitt av ti.

Størst interesse er det blant dei unge gutane der 19 prosent les teikneseriar, mot 5 prosent i resten av befolkninga.

– Dei siste åra har vi sett at teikneseriar har eksplodert som den klart føretrekte forma for litteratur for barn og unge.

Det seier litteraturformidlar på Porsgrunn bibliotek, Stian Omland.

Tegneserie

Han fortel at dei låner ut mykje meir teikneseriar no enn for fem år sidan.

Omland trur årsaka er at det minner dei unge om kva dei omgir seg med kvar dag, nemleg skjerm.

– Er du vant til skjerm, er det kortare veg til teikneseriane enn det er til ei bok utan illustrasjonar, seier han.

Bør barn lese meir teikneseriar? 💭

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Gir ut bok

Stian Omland er blant dei som står bak eit teikneserieprosjekt i Porsgrunn. Fleire ville delta og det blei heldt audition.

Blant dei heldige utvalde var Hanna Prestholt Skaraas.

No har 17-åringen, saman med fem andre jenter frå Grenland, laga teikneserieboka «Et hjerte av stein».

– Vi har teikna og teikna, og jobba og jobba. Eg har elska alt ved prosjektet.

Tegneserie
Teiekneserie

Det var i september i fjor at dei seks ivrige jentene fekk oppdraget:

Hanna Prestholt Skaraas, Amalie Jahnsen Graver, Aleksandra Dela Cruz, Sofia Strbac, Husna Najmi og Norel Marie Dalene.

Dei går under forfattarnamnet og anagrammet Ash Han, basert på forbokstaven i namna deira.

Tegneserie

– Eg vil inspirere

Lange dagar på biblioteket i Porsgrunn har blitt til ei historie om arkeologen Isa og mysteriet rundt eit myrlik og ein juvel.

– Vi starta med ein post it-lapp og no er vi her, seier Hanna.

Jentene står bak idé og dei har teikna alt sjølv. Dei har jobba digitalt – med blyant, tusj og pensel, men på skjerm.

– Eg vil inspirere folk, gi dei farge i kvardagen og ein grunn til å stå opp om morgonen, seier Amalie (19).

No blir boka gitt ut i 50 eksemplar.

Hanna håper teikneserien kan hjelpe barn med lesevanskar, slik det hjelpte ho.

– Om berre éin person les boka og liker ho, er det nok for meg.

– Prosjektet er ein smakebit på det eg har lyst til å halde på med resten av livet. Eg er sikrare enn nokon gong, seier Amalie.

Tegneserie

Publisert 04.06.2025, kl. 05.21

Read Entire Article