Taras ferd mot isfritt hav

4 hours ago 5


Snart skal Tara setje kursen mot Nordpolen. På eit viktig oppdrag. For der er isen i ferd med å forsvinne. Det skal Tara følgje med på.

Den vesle metallkapselen skal flyte rundt i Polhavet i 20 år - med forskarar om bord. Isen bestemmer ruta.

Tenk deg...

Vinter i Polhavet. Beinkaldt, ned mot 50 minus, stormande polarvind og stummande mørke – utanfor Tara sine tjukke metallvegger.

Innanfor, i varmen og lyset, lever og jobbar 12 menneske i åtte månader lange strekk. Dei har fullt program – men kan også slappe av i saunaen.

Som ein liten romkapsel ligg Tara der – midt inne i isen – under ekstreme forhold.

Bakgrunnskart: Tara Ocean Foundation

Så kvifor er akkurat Polhavet så interessant?

Det er her den globale oppvarminga går raskast. Opp mot fire gonger raskare enn elles.

Forskarane trur at Polhavet praktisk talt kan vere isfritt minst ein sommar før 2050.

Bakgrunnskart: Tara Ocean Foundation

Tara skal bevege seg rundt i dette enorme havområdet i 20 år, fullpakka med forskarar og høgteknologisk utstyr.

Tara vil vere altså vere på plass i Polhavet samtidig som havet endrar karakter. Forskingsfartøyet skal samle inn data som aldri før har vore tilgjengelege.

– Dei neste 20 åra vil vere avgjerande for framtida til planeten og menneska som bur her.

Det seier Romain Troublé, direktør i Tara Ocean Foundation.

Den siste generasjonen

– Vi er truleg den siste generasjonen som vil kunne følgje den dramatiske utviklinga i Polhavet gjennom denne siste perioden med islagt hav året rundt, seier Troublé.

  • en mann med armene i kors

    Romain Troublé

    • direktør, Tara Ocean Foundation

– Det er vårt ansvar å samle inn data, dokumentere og prøve å forstå det som skjer, og konsekvensane det vil ha. Vi må gjere det før det er for seint, seier han.

Økosystema i havet i Arktis vil vere heilt forandra i løpet av dette hundreåret, meiner forskarane.

Målet med Tara er først og fremst å forstå betre korleis klimaendringane påverkar livet i dette sårbare havområdet og korleis økosystema tilpassar seg desse endringane.

– Vi veit meir om månen enn vi veit om Polhavet, sjølv om det er mykje nærare og så viktig for klimaet i heile verda, seier Troublé.

  • en sirkulær gjenstand med en persons ansikt på

    Tara Ocean Foundation

    Flytande forskingsstasjon

    • Bygd av Tara Ocean Foundation i Frankrike
    • Flytande observatorium og laboratorium
    • Er 26 meter lang, 16 meter brei, 11 meter høg
    • Skal samle inn data om atmosfære, sjøis og økosystemet under isen
  • Ord

    Tara Ocean Foundation

    18 menneske om bord

    • 12 menneske om bord om vinteren, 18 om sommaren
    • Har bl.a. med kaptein, kokk, lege, i tillegg til forskarar
    • Nytt mannskap om våren og seint på sommaren
    • Lengste periode om bord: Åtte månader i strekk
  • en person på en byggeplass

    Tara Ocean Foundation

    Ti tonn mat

    • 30 institusjonar frå tolv land skal bruke Tara til forskingsprosjekt
    • Har ti tonn med mat ombord - for tokt på 18 månader
    • Kan kommunisere med omverda via satellittelefon
    • Har fellesrom, sauna og toppdekk med utsikt
  • En båt i vannet

    Illustrasjon

    20 år på havet

    • Skal drive med isen i Polhavet i 20 år
    • Kan gå for eigen maskin i ope hav (biodrivstoff og batteri)
    • Har vindturbin og solcellepanel
    • Skal gjennomføre ti to år lange tokt
    • Skal testast i Framstredet, mellom Svalbard og Grønland
    • Første ekspedisjon startar sommaren 2026

Eit hav utan is

71 prosent av jorda er dekka av hav. Og av alle hav er Polhavet i særklasse. Havet rundt Nordpolen - «på toppen av globusen» - er dekka av is.

Det vil seie - slik har det vore. Satellittmålingar viser at det er blitt mindre og mindre is der. Det blir meir ope hav.

Isen «overlever» ikkje frå år til år i same grad som tidlegare. Isen er tynnare.

Så kva er konsekvensen av eit isfritt polhav? På kva måtar påverkar det resten av verda? Vil du og eg merke at isen er borte der oppe?

  • Et kart over verden

    NASA

    Mot isfritt hav om sommaren

    Kjelde: FNs klimapanel/Miljødirektoratet

  • Luftfoto av Polhavet, Arktis

    Margret Helland / NRK

    Påverkar resten av verda

    • Når solstrålane treffer snø og is, blir ein stor del reflektert opp igjen - isdekket fungerer som eit «globalt kjøleskap»
    • Med mindre is, blir havet varma opp i større grad (solstrålane treffer havet direkte)
    • Dette har ein sjølvforsterkande effekt på den globale oppvarminga (isen smeltar, sola varmar havet, endå meir is smeltar)

    Kjelde: UiT Norges arktiske universitet

  • et stort område med is

    Margret Helland / NRK

    Havstraumane endrar seg

    • Varmare hav, mindre is og meir vind i Polhavet vil ha stor innverknad på dei globale luft- og havstraumane
    • Mindre is fører til større variasjonar i veret på den nordlege halvkula (uvanleg kaldt, varmt, tørt, vått)
    • Fører også til meir skipstrafikk, auka press på ressursar som til no har vore utilgjengelege, meir turisme, fare for auka militarisering

    Kjelde: UiT Norges arktiske universitet

Første ekspedisjon neste år

Den franske stiftinga Tara Ocean Foundation står bak dette prosjektet. Tara Polar Station er blitt bygd i løpet av 1,5 år, ved skipsverftet CMN (Constructions Mécaniques de Normandie) i byen Cherbourg.

Den spesialbygde ovale farkosten skal døypast 24. april. Etter ei rekkje testar i løpet av året, er det klart for første ekspedisjon i Polhavet - Tara Polaris I - sommaren 2026.

Tara Polar Station blir sett saman på det franske verftet CMN.

Video: Tara Ocean Foundation

Polhavet har i stor grad vore utilgjengeleg for forskarar om vinteren. Isen set ein effektiv stoppar for det. Men med Tara snur ein opp ned på dette.

No blir det forskarar på plass i dette barske havområdet også gjennom den lange, mørke og kalde polarnatta.

Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

– Unikt

Eit av forskingsprosjekta som skal bruke Tara, blir leia av Maxime Geoffroy. Han er professor II ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø.

Prosjektet fekk nyleg 12 millionar kroner i finansiering frå Norges forskningsråd.

Prosjektet (Sedna) skal sjå på korleis klimaendringane, med mindre havis og varmare vatn, påverkar mangfaldet av dyr og andre organismar, frå mikroorganismar til marine pattedyr og potensielle fiskebestandar.

Under iskanten lever mange av dei som kjem til å bli mest påverka av klimaendringane - som polartorsk og plankton.

UiT Norges arktiske universitet

– Tara er eit unikt forskingsobservatorium. Farkosten er konstruert nettopp med tanke på å drive vitskapeleg arbeid i dette ekstreme miljøet, seier Geoffroy.

– Kor viktig er det å kunne vere til stades i Polhavet gjennom heile året?

– Det er svært viktig. Vanlegvis blir forskingsarbeidet i Polhavet gjort i den perioden på året når det er minst is, rundt september. Men ting endrar seg drastisk i overgangen frå polarnatt til midnattssol, og omvendt. Svært få observasjonar av sesongendringar eksisterer, og vi vil bidra til å betre desse.

  • en mann som står i snøen

    Maxime Geoffroy

    ​​​​​​professor II ved UiT Norges arktiske universitet
    Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT

Geoffroy understrekar også verdien av å kunne følgje utviklinga gjennom ein samanhengande periode på 20 år. Så lange tidsseriar finst ikkje frå før i det sentrale Polhavet.

«Fri flyt» i 20 år

Konseptet «å la seg drive rundt i Polhavet» er prøvd før. Men aldri 20 år i strekk

«Fram» i isen, Polhavet, mars 1895

Fram i isen i Polhavet i mars 1895.

Foto: Fridtjof Nansen, eier: Nasjonalbiblioteket, bldsa_q3c013

Fridtjof Nansen var først ute. Frå 1893 til 1896 dreiv han med isen om bord på polarskuta Fram. Den første Tara-ekspedisjonen blei gjennomført 2006 - 2008, mens Norsk Polarinstitutt stod i spissen for N-ICE2015-ekspedisjonen med forskingsskipet Lance i 2015.

Den tyske isbrytaren Polarstern opererte i Polhavet i 2019 - 2020, som base for Mosaic-ekspedisjonen.

Polarstasjonen Tara skal altså bruke heile 20 år i «fri flyt» i Polhavet.

Publisert 23.04.2025, kl. 16.13

Read Entire Article