Tar til tårene av Jakob-spørsmål: – Blir rørt med ein gong

7 hours ago 2


– Det som gjer meg mest stolt, har endra seg. Før var det korleis han klarte å gjere det han skal, uavhengig av kva som skjer rundt. Men det som gjer meg mest stolt nå, trur eg er korleis han er som far.

Det seier Elisabeth Asserson Ingebrigtsen mens ho kjempar mot tårene i Prime Video-serien «Born to run» sin andre sesong.

Kona til Jakob Ingebrigtsen fortel om korleis hennar syn på friidrettsstjerna har endra seg etter at han har blitt far.

– Eg trur Jakob blir prega ekstremt av oppveksten sin. Det er vanskeleg å sleppe folk inn. Det er vanskeleg å stole på folk, seier ho i serien og held fram:

Men det har hjelpt veldig å få Filippa. Det at han, heldt eg på å seie, kan motbevise at ein blir sånn som ein har vakse opp sjølv.

Ingebrigtsen har vore open om korleis barndommen har prega han, og gjort han kjenslelaus.

– Eg er ein person som ikkje så lett blir veldig knytt til folk. Det er ein ting som kan vere vanskeleg, seier han til NRK.

Men med dottera Filippa, som snart er halvanna år, merka han raskt at noko var spesielt.

– Det som er og har vore veldig naturleg for meg med Elisabeth, fekk eg også veldig kjapt med Filippa. Det er ein veldig fin kvardag å kunne dele det med Elisabeth og vår felles dotter.

Jakob Asserson Ingebrigtsen og Filippa

DUO: Jakob Ingebrigtsen har ein spesiell kontakt med dottera, ifølge kona Elisabeth. Her saman for eitt år sidan.

Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK

– Eit heilt unikt band

NRK møter ekteparet på Bislett stadion i Oslo, og der fortel dei ope om korleis dottera har påverka livet deira.

– Eg blir rørt med ein gong når vi tar det opp her nå. Det er det nærværet når han er heime, og dei to har eit heilt unikt band. Det er veldig koseleg, seier Elisabeth til NRK.

Elisabeth meiner at evna superløparen har til å skyve vekk vanskelege ting, også hjelper han som far.

– Han klarer å bruke det inn i farsrolla ved at når han er heime med Filippa og meg, så er det berre oss to som gjeld. Det er lett for andre å bli veldig påverka, så eg er veldig stolt av korleis han har løyst det til nå.

Den 25 år gamle løparen er klar på at det hjelper å ha nokon som verkeleg bryr seg når det stormar som mest.

– Det er vanskeleg å beskrive, men det er ei fantastisk greie å ha. Same kva som skjer, så har ein ein fin familie å komme heim til som er glad i meg same korleis eg presterer eller kva eg gjer.

– Det er jo alltid ein balansegang å handtere det, men å ha den tryggleiken med den jobben og det livet eg lever, trur eg er veldig positivt.

en person som holder en baby

UTVIKLING: Elisabeth Asserson Ingebrigtsen trur at Jakob Ingebrigtsen synest det var litt vanskelegare da Filippa var liten, som her, men at det er lettare for han nå.

Foto: Mikael Kaspersen Kinnestad / NRK

– Fint med eit spark i ræva

Det har vore eit vanskeleg år for Ingebrigtsen, som har vore prega av ein fleire veker lang rettssak mot sin eigen far Gjert Ingebrigtsen, og eit etterfølgande skademareritt.

– Kva har familien betydd for deg i år, Jakob?

– Dei har betydd veldig mykje. Problemet mitt er at eg er veldig opphengd og oppslukt i jobben min og det som eg gjer. Det pregar alle timane i døgnet.

dame med barn på armen

FØLGER ETTER: Dottera Filippa fekk vere med til Tokyo VM i september. Her saman med mamma Elisabeth Asserson Ingebrigtsen.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Han innrømmer at han ikkje har evna å vere den beste versjonen av seg sjølv på grunn av motgangen som har vore.

– Men så er det jo veldig mange fine stunder der ein blir minna på at sjølv om det går litt trått sportsleg, så er vi friske, og vi er ein liten, fin familie som er glad i kvarandre.

Før var det løpinga som betydde alt, men med ei dotter i bildet er det fleire ting som er viktig.

Elisabeth forklarer at det har vore «ei litt vanskeleg omvelting».

– Eg har alltid vore vand til at løpinga kjem først. Men når du får ei dotter, som blir det viktigaste i verda mi, så er det av og til litt vanskeleg at du også har ei anna prioritering,

– Får du dårleg samvit, Jakob?

– Det spørst veldig på situasjonen, men eg prøver å oppføre meg så bra som eg kan, svarer han.

– Ein må jo ha det i bakhovudet at du faktisk prøver ditt beste, skyt Elisabeth inn.

– Men av og til kan det vere fint med eit spark i ræva. Det er godt at ein av og til blir sett på plass, svarer ektemannen.

en gruppe mennesker som poserer for et bilde

HEIME: Elisabeth og Jakob Ingebrigtsen var i Oslo i samband med lansering av dokumentarserien «Born to run» sesongen sin to. Serien følger løparbrørne gjennom året som har gått.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Var bekymra

Under rettssaka mot far til brørne og tidlegare trenar, Gjert Ingebrigtsen, så hevda Jakob Ingebrigtsen at han hadde ein oppvekst basert på frykt.

– Om eg var glad eller gjorde noko kjekt, så kunne det bli brukt mot meg. Eg har vore veldig klar over det å vise kjensler, og har enda opp med å ikkje gjere det, for å verne meg sjølv, sa han da han forklarte seg i rettssalen i Sandnes.

Gjert Ingebrigtsen blei dømt for kroppskrenking mot dottera og fekk 15 dagars fengsel på vilkår. Han blei frifunnen for mishandling mot både Jakob Ingebrigtsen og dotter si.

Friidrettstrenaren har heile tida vore tydeleg på at han ikkje kjenner seg igjen i historia som fleire av barna fortalde i rettssaka.

Jakob Ingebrigtsen ønsker ikkje at dottera skal ha ein oppvekst som minner om sin eigen.

– Opplevinga av å bli far har overgått all forventning. Det er ingenting anna eg vil enn å gi Filippa ein trygg og fin oppvekst og gi henne livet ho vil ha for seg sjølv, slik at ho kan gjere det ho vil. Det prøver eg på etter beste evne.

– Og så lever jo vi utøvarar veldig ekstreme liv. Med haldningar og verdiar for oss sjølve og mot eiga satsing. Det er ikkje nødvendigvis like kompatibelt med det å vere foreldre for eit lite barn. Så det er på ein måte å vere litt evne å vere dynamisk.

j8LacbxGR0k

MED PÅ JOBB: Filippa og Jakob Ingebrigtsen under NM i friidrett i Sandnes 2024.

Foto: NTB

Elisabeth innrømmer at ho har vore litt bekymra for korleis det skulle bli når dei to fekk eit lite barn.

– Det handlar om heile samansetninga. Ikkje berre oppveksten, men heile dette livet. Kva forventningar ein har, og korleis det blir løyst, som har vore ei lita bekymring. Men til så lenge synest eg det har gått ganske bra, seier ho.

– Og dei små tinga som ein kanskje kan ha vore litt uroleg for tenker eg iallfall ikkje på nå som noko vi treng å bekymre oss over.

Publisert 24.10.2025, kl. 07.00

Read Entire Article