– Familien synest det er hysterisk morosamt. Dei gapskratta da dei fekk sjå det, fortel Joanna Aalstad Bækkelund.
Til vanleg er ho heiltids fotballspelar for den svenske klubben Brommapojkarna i Damallsvenskan.
Men 24-åringen er også singel.
– Eg har valt ein utradisjonell livsstil som ikkje er så appellerande for alle, bedyrar ho.
I alle fall til så lenge.
FOTBALLSPELAR: Joanna Bækkelund får draghjelp for å finne den store kjærleiken.
Foto: BildbyrånLes teikneserien lenger ned i saka!
Gøy med småflautt
Bestevenninna til Bækkelund heiter nemleg Noor Hoelsbrekken Eckhoff, også kjent som Noor_stripar på Instagram.
FOTBALLSPELARAR: Noor Eckhoff og Joanna Bækkelund har vore bestevenninner store delar av livet.
Foto: VEGARD GRØTT / MICHAEL CAMPANELLA / BildbyrånHo spelar også fotball i den svenske toppdivisjonen, men på sidan er ho teikneserieskapar.
Kvar månad blir teikneserien hennar publisert gjennom Tusjkollektivet i Aftenposten, og der har ho gått for ei utradisjonell form for kontaktannonse for den fotballspelande venninna.
– Motivasjonen er å tulle med Joanna. Både ho og eg tar oss sjølve lite høgtideleg, og det er alltid gøy når ein tøtsjar innom noko småflautt. Da treffer dating og kjærleik godt, fortel Eckhoff til NRK.
LANDSLAGET: Noor Eckhoff har blitt tatt ut til fleire landslagstroppar. Her helsar ho på fotballpresident Lise Klaveness.
Foto: Bildbyrån– Det starta med at Noor fekk seg kjærast og eg blei 3. hjula på vogna. Derfrå spann det berre vidare, seier Bækkelund.
Søkar definerte leggmusklar
I teikneseriestripa blir blant anna Bækkelunds kjærleik for TV-serien «How I met your mother», vassmelon og definerte leggmusklar utlevert.
– Det er jo veldig sett på spissen. Ho tar nokon trekk frå meg som er morosame, ler Bækkelund, og fortset:
– Men det er artig å sjå kva ho trekker fram. Ein får eit bilete av seg sjølv i karikaturform.
Stripa blei gitt ut på laurdag, og Eckhoff har bede om at førespurnader frå potensielle belarar går til henne.
– Det har komme inn fleire! Det er eg veldig fornøgd med. No blir det opp til Johanna om det er noko ho vil ta vidare, seier Eckhoff.
MULTIKUNSTNAR: Noor Eckhoff er både fotballspelar og teikneserieskapar.
Foto: Bildbyrån– Eg er vel litt usikker på om det er nokre seriøse meldingar. Men eg har fått mange meldingar frå både kjente og ukjente som seier at stripa er morosam, fortel Bækkelund.
– Nyskapande
Éin av dei som har kommentert er Bækkelunds mamma. Ho skriv «på kjøpet får du Noor og ei skrålande svigermor», etterfølgd av latteremojiar.
– Ein skikkeleg mutter’n-kommentar. At ho skulle slenge seg på såg eg ikkje kome. Eg får berre omfamne det, smiler 24-åringen.
Den store kjærleiken ventar framleis for fotballspelaren. Eckhoff oppfordrar derfor folk til å ta kontakt.
– Alle forsøk er verdt å teste, enten ho vil eller ikkje. Dette er ein nyskapande måte å nå ut til det mannlege publikummet på, flirer serieskaparen.
Her dundrer roboten i bakken 00:36
Publisert 25.04.2025, kl. 21.10