419 norske fotballklubbar har svart på ei NRK-undersøking om haldninga deira til VAR, og resultatet er nedslåande for dei som vil fjerne det omdiskuterte verktøyet.
Berre 106 av 419 klubbar, altså omtrent 25 prosent av klubbane som har svart, vil skrote VAR. 211 klubbar, over 50 prosent, ønsker ei vidareføring.
I tillegg til det som tyder på eit fleirtal blant breiddeklubbane, kjem 27 sikre stemmer frå kretsane og NFF-styret, som alle har einstemmig gått ut med ja-et sitt.
Dermed tyder alt på at den komande VAR-avstemminga på fotballtinget i helga vil ende med at VAR blir verande i Eliteserien.
Ut mot NTF-Haug
Lillestrøm og styreleiar Morten Kokkim har lenge vore sterkt kritisk til VAR.
Han meiner toppklubbane sin eigen interesseorganisasjon NTF må ta sin del av skulda for at VAR no truleg blir vidareført.
– Vi i toppklubbane kan takke oss sjølve for korleis dette har blitt handtert. Fordi styret i NTF, og då særleg Cato Haug som styreleiar, eigentleg har snakka ned både betydninga og innverknaden til NTF, også med den innstillinga som er levert. Noko slik meiner eg ein leiar, og eit styre i ein interesseorganisasjon, ikkje kan gjere, seier Kokkim til NRK.
KRITISK: LSKs styreleiar Morten Kokkim (midten).
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånEtter at eit fleirtal av toppklubbane i NTF stemte for å avvikle VAR så raskt som mogleg, svarte Haug slik då han av NTB blei spurd om kor tungt han forventa at innstillinga frå klubbane burde vektast inn mot tinget:
– Vi har Niso, trenarforeininga, dommarforeininga, Toppfotball Kvinner, spelarforeininga og oss, men vi er brukar av VAR. Det har ein ikkje ubetydeleg posisjon det NTF meiner, men vi må ikkje gløyme at det er mange andre «stakehaldarar», sa Haug.
Då NTF sende over innstillinga si til Noregs Fotballforbund, blei det lagt med følgande setning:
«I innstillingane frå klubbstyra har det i prosessen vore ei stor overvekt av styre som har vore positive til og ønskte ei vidareutvikling av VAR».
Overfor VG påpeika seinare Lise Klaveness at forbundet beit seg merke i det NTF då skreiv.
– Vi fekk ei tydeleg skriftleg tilbakemelding frå NTF om at dei ønskte ei avvikling. Samtidig skreiv dei at dei aller fleste styreleiarane ville behalde VAR. Dette politiske signalet sender dei til oss, sa NFF-presidenten.
– Ei rein gåvepakke til NFF
Onsdag kveld tok også FK Haugesunds styreleiar Christoffer Falkeid eit kraftig oppgjer med Norsk Toppfotball og styret deira.
Overfor Haugesunds Avis meiner Falkeid at NTF gav ei innstilling om VAR-spørsmålet til NFF som var i strid med det som blei vedtatt på NTFs eigarmøte der dei 32 klubbane stemte.
– Som det seinare er avdekt, valde likevel NTFs styre å heller fokusere på at majoriteten av medlemsklubbane sine styre stiller seg positive til vidareutvikling av VAR og med ei innstilling som avvik frå det som er vedtatt. Dette var ein rein gåvepakke til NFF – som dei har brukt aktivt i forsvaret sitt av innstillinga, meiner Falkeid.
IKKJE TILLIT TIL NTF: FK Haugesunds styreleiar Christoffer Falkeid.
Foto: NTBFalkeid seier rett ut at han ikkje lenger har tillit til NTF-styret.
Morten Kokkim i LSK gir si støtte til kollegaen frå Haugesund.
– Dette har ikkje vi behandla i LSK. Men eg personleg er einig med Falkeid, seier Kokkim på spørsmål om han har tillit til styreleiar Cato Haug.
– Meiner du noko bør gjerast for at Haug ikkje skal fortsette stillinga si som styreleiar i NTF?
– Om ein ikkje ønsker å fronte saka til medlemmene, så bør ein jo vurdere det sjølv. Men i LSK har vi ikkje behandla noko med tanke på å gjere noko aktivt med det, seier han.
På LSKs kommande årsmøte er det fremja eit forslag om at LSK skal vedta formell mistillit mot Haug. Styret har ikkje valt å støtte forslaget.
Bør fotballtinget avvikle VAR no?
Haug: – Kjenner stor og god tillit
Cato Haug har fått presentert kritikken som blir retta mot han. Han hadde ikkje høve til å stille til intervju, men skriv følgande i ein e-post til NRK:
– NTF har årsmøtet og eigarmøtet sitt i morgon (fredag 28. februar). Eg registrerer, ikkje uventa, at vi har ulikt syn i denne saka og det respekterer eg. Eg vel likevel å informere og diskutere dette med eigarane i møtet i morgon og ikkje i media éin dag før møta våre. Kokkim og Falkeid sitt syn får stå for deira rekning, skriv Haug.
Om mistilliten frå dei to styreleiarane svarer han:
– På generelt grunnlag kjenner eg at både sittande styre og eg som styreleiar har stor og god tillit blant klubbane i NTF.
FFK-leiar: – Eg er skuffa
I Eliteserien var det berre 5 av 16 klubbar som stemte for å halde på VAR då det blei gjennomført avstemming i NTF i januar.
FOR VAR: Jostein Lunde og FFK.
Foto: NTBFFK-styreleiar Jostein Lunde seier han er skuffa over at ikkje fleire la seg på same linje som FFK, Bodø/Glimt, KFUM, Kristiansund og Sarpsborg 08.
– Eg skulle håpe at det var veldig mange fleire av klubbane som var for vidareføring av VAR. Vi veit jo kva klubbstyra har innstilt på, men så har medlemmene gått ein annan veg. Eg forstår jo at dei må forhalde seg til dei avgjerdene som er tatte på årsmøta, men personleg er eg skuffa over at det har gått den vegen, seier Lunde til NRK.
Åtvarar breidda om auka kostnader
Kokkim håpar han får høve til å legge fram sitt og LSKs syn på fotballtinget.
Då skal han gi klar beskjed til breiddeklubbane om kva han meiner dei er med på å vedta:
– Breiddeklubbane har jo for vane å følge forbundsstyret i saker som ikkje angår breidda. Men dei er jo med og betaler for denne såkalla moroa. Og dei kan jo ikkje rekne med at toppklubbane er villige til å ta ein større del av den kostnaden når dette er noko som blir påtvinga toppklubbane mot deira vilje, seier han.
– NFF har gitt uttrykk for at det ikkje vil bli auka kostnader for breidda, trur du på det?
– Det er kostnader der i dag, og det vil bli auka kostnader framover. Vi vil i alle fall argumentere for at vi ikkje skal vere med og ta fleire kostnader, men kanskje prøve å redusere dei. Så eg kan ikkje forstå at det ikkje skal bli meir kostnader på breidda, seier han.
16-åring kom på sisteplass – ble hyllet av publikum 01:10
Publisert 27.02.2025, kl. 22.33