Ta ein titt på totalen

4 hours ago 2


Kor er innhaldet, spør Ørjan Greiff Johnsen i ein kronikk på NRK Ytring. Han har fått nok av kjendisar, Ville Fristelser og vil ha meir reinbeiting på Finnmarksvidda.

Eg er einig i at det er høgt kjendis-trøkk på TV no. Heldigvis lever me også i ein mediekvardag der du som sjåar sit med full kontroll og kan velje blant eit mangfald av innhald.

Om ein har fått nok av kjendisar, er det mykje anna å velje i, også på NRK.

Hos oss får sjåarane nyheiter, debatt, sport, dokumentar, drama, kultur, barneinnhald, distriktssendingar, samisk innhald, gull frå arkivet, satire og stor laurdagsunderhaldning for heile familien.

Og litt kjendisreality.

Det å bruke kjente fjes i ein realityserie som til dømes Tiltalt, kan gjere det enklare å hekte seg på ein serie som trass i alt handlar om korleis det er å vere meddommar.

Tru om Mesternes Mester hadde vore like stas utan nokre av dei mest kjende idrettsheltane våre.

Og når Leo Ajkic og Linn Skåber gjestar A-laget i romjula er dei som kjendisar ein sentral del av konseptet, men om det skulle vera tvil: Det er reporterane som er dei verkelege stjernene.

Eg forstår at det er freistande å dømme heile NRK sitt tilbod på eit par seriar med kjendisar. Men brorparten av våre program er heilt utan kjendisfokus, og dei fleste er kjelde til både refleksjon og kunnskap.

La meg nemne nokre få: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, Team Pølsa, Ville Fristelser, Norges Tøffeste, Debatten, Bakemesterskapet, Sau, Labyrint, Portrettmesterskapet, Stygt, Monsen og Nasjonalparkene.

For ikkje å snakke om radiotilbodet vårt. Verdibørsen, Leseklubben, Abels Tårn, Norsken, svensken og dansken, Oppdatert, Kommentert, Trygdekontoret, Ekko.

Alt er tilgjengeleg i NRK Radio-appen, akkurat når du vil. Ei skikkeleg motvekt til det intellektuelle forfallet som Johansen fryktar.

NRK sitt oppdrag er bygd på 52 paragrafar i NRK-plakaten. Mitt juleønske er at fleire dømmer NRK på heile breidda i tilbodet vårt.

Medietilsynet gjer akkurat det. Deira konklusjon for 2024 var stikk i strid med Johnsen sin.

Dei skriv mellom anna: «Det samla tilbodet til NRK hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar i 2024. Vidare hadde NRK eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.»

Kva så med kjendis-galoppen? Både TV 2 og NRK har spurt publikum i ulike undersøkingar om dei likar best program med eller utan kjendisar. Svaret: Halvparten vil ha program med kjendisar og halvparten utan.

For NRK sin del handlar det om å levere på samfunnsoppdraget totalt sett. Me brukar kjendisar der me meiner det tilfører ein verdi.

Det ligg eit stort ansvar i å forvalta skattekronene me får kvart år. Og eg seier ikkje at NRK alltid gjer det på perfekt vis. Men for å få ein god debatt må vi sjå heile biletet.

Publisert 17.12.2025, kl. 13.50 Oppdatert 17.12.2025, kl. 14.15

Read Entire Article