«Sug til seg oppmerksemd»

15 hours ago 2


Det er eit grunnleggande paradoks: Eksistensielle tankar spring ut av eit ønske om å komme tettare på verkelegheita, samtidig som dei kan føre deg lenger vekk frå ho.

Slik les eg situasjonen spelt ut i dikt­samlinga til Anna With, «Eplet, nesten», som har vunne Tarjei Vesaas’ debutant­pris 2024.

Eit undrande eg

I desse dikta finst ei konstant undring, men eg-et brukar ikkje berre hovudet for å løyse opp i dei store spørsmåla.

Dei sanselege skildringane i dikta viser at refleksjon også kan gjerast av den ord­lause kroppen, i nærkontakt med verda. Som lesar er det også her eg frydar meg mest.

Eg-et i «Eplet, nesten» er ein skapande observatør. Ho heiter Anna, akkurat som forfattaren, og snakkar fleire gonger om «setningane» sine.

Altså er boka metapoetisk, ho handlar også om å dikte.

Eg vil tru dikting også inneber å komme nærmare verkelegheita og samtidig vite at du ikkje vil klare å gripe ho heilt.

svart-hvitt-bilde av en person i hvit kjole

DEBUTANT: Anne With er tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2024. Prisen blei oppretta i 1964 av forfattaren Tarjei Vesaas. Blant tidlegare vinnarar er Lars Saabye Christensen, Carl Frode Tiller og Helga Flatland. With er fødd i 1997 og er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og Litterär Gestaltning i Gøteborg.

Foto: Hedda Rysstad / NRK

Ikkje natur­lyrikk

Boka byrjar i sol­oppgang – den første av tre, faktisk, for boka er delt opp i 18 kapittel med kvar sin tittel som rammar inn innhaldet.

Det byrjar med fingrar som lirkar seg inn i horisonten:

 Når jeg lirker fingrene inn i horisonten flyr fortsettelsene ut som glør

Bildet er utsøkt (alt som involverer lys, er utsøkt), og eg tolkar fingrane som nysgjerrige føle­horn – slik barn absolutt skal ta på alt mogleg.

Vidare blir det nemnt element frå skapar­verket – «vind, dyretråkk, strøm» – noko som er talande for resten av dikt­samlinga: eg-et er heile tida følsam for bevegelsane og elementa i verda og naturen.

Rein natur­lyrikk blir det aldri, heller ein sanseleg eksistensialisme.

Vi les linjer som bygger på kvarandre, ikkje ei handling som utspelar seg.

Linjene går kanskje stille føre seg, men sug likevel til seg oppmerksemd.

 solen står opp i fingertuppene jeg avlyser en avtale rett før avslutter setningen midt i himmelen brekker løs fra bakken

Sola snakkar

Anna har openbert kjent seg einsam, det kjem eksplisitt fram.

Undervegs i boka har ho rett nok ein kompanjong vi alle kjenner: sola. Sola kjem med kloke ord her og der. Men sidan mannen med ljåen dukkar opp og dessutan fleire uverkelege hendingar, veit eg ikkje heilt korleis eg skal tolke denne sola.

Er det faktisk sola som snakkar i dette diktuniverset, eller er ho ein metafor?

Tre eksempel på korleis With brukar sola (sveip til venstre):

Om noko av dette høyrest høgt og svevande ut, så kan eg trøyste med at With har element som balanserer tonen veldig fint – noko skandinavisk tilforlateleg.

Hos With er ikkje eksistensialismen eit eige rom tjukt av røyk, men noko som flettar seg inn i alt anna i kvar­dagen.

Til dømes er det mykje sitjing på trammen.

Og reint språkleg gjer With noko finurleg (for sjeldan, spør du meg): midt blant det seriøse kjem ord som «trengern» og «puttern».

Ein stad står det også «soln gårne» (!). Det er utruleg å komme over.

Eg skulle gjerne ha lese fleire slike barnlege løysningar, for det har noko heilt eige over seg. Noko frekt.

I mine auge er denne delen av prosjektet ei aning uforløyst.

Ved hesten til døden sjølv

Fleire av dikta i samlinga krev for mykje utpakking.

Ein skal ikkje alltid søke etter klarleik i poesi, likevel forstyrrar det lesar­flyten å sitje og grunne over setningane utan å komme fram til noko.

Det er når eg-et rotar seg bort i språklege analysar av verkelegheita, at sola kjem. Ho ber Anna i staden setje seg på trammen (lest metaforisk: vere til stades).

Seinare les vi meir av ein type «vere i nuet»-poesi:

 hva er i det hele tatt fortidig alt foregår da nå 
å trekke i en vannlilje på overflaten kjenne stilken løsne, knepp langt der nede»

Dei er fine, men dikta gjer meir når With meir konsentrert går inn i eit bilde som blir til ein situasjon ho følger ut.

Samlinga har mange bilde, som nokre gongar blir litt standard (men oppfinnsam) éin-til-éin-metaforikk.

Derimot var det eitt parti kor eg verkeleg fryda meg: Når eg-et står ved hesten som døden («ljå-mannen») sit på, og ho ikkje tør å sjå opp, berre på dropane på støvlane som speglar små verder kor ho ser ei jente som skriv i ei dagbok.

Når nesten fram

Tittelen på boka tolkar eg som at ein nesten når fram til ein kunnskap ein kan halde rundt som noko fast, jamføre eplet frå kunnskapens tre, men at verkelegheita er for diffus og skiftande.

Det er nok eit «poeng» at eg-et glir mellom analyse og nærleik, likevel synest eg den eksistensielle refleksjonen funkar betre når han er meir underforstått.

Samlinga er noko sprikande, og eg får ikkje heilt grep om det større prosjektet til With.

Men eg likar dei barnlege trekka og dei vare, oppfinnsame bilda veldig godt.

Så er det noko vanvitig herleg med å sleppe ambisjonen om å gripe heile rekkevidda av eksistensen med hovudet, og i staden berre bade seg i ho.

Publisert 20.03.2025, kl. 23.00

Read Entire Article