Styrtregn i vente – oppjusterer til høgste farenivå

1 week ago 3


Meteorologisk institutt har oransje farevarsel for lyn og styrtregn på Vestlandet, Agder og deler av Telemark, Trøndelag og Innlandet frå torsdag ettermiddag.

– Vi samlar det gule styrtregnvarselet i eitt, og oppjusterer det til oransje farenivå, stadfestar vakthavande meteorolog, Anne Solveig Andersen, til NRK.

Det er ikkje ofte det blir sendt ut oransje farevarsel.

Oransje er høgste farenivået for styrtregn. Ifølgje meteorologane vil byene starte i sør, og bevege seg nordover utover kvelden. Dei varslar om at regnet kan passere 35 mm i løpet av ein time.

– Alvorleg situasjon

Farevarselet gjeld store deler av Sør-Noreg; sørlege strøk av Trøndelag, indre strøk på Vestlandet, Agder og vestlege område av Buskerud ,Telemark og Innlandet.

– Vi utvidar farevarselet til eit stort område. Årsaka er at vi har ein ustabil vêrsituasjon, der vi har hatt varme over lengre tid og no får inn litt kjøligare luft i høgda. Dette gir potensial for kraftige regnbyer og lynaktivitet, seier meteorologen.

Anne Solveig Andersen, Meteorologisk Institutt.

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen fortel det er venta mykje regn.

Foto: Marit Hommedal

Det er førebels uvisst kvar dei mest kraftige byene vil treffe, men ifølgje Andersen blir regnet stilleståande.

Det vil seie at det potensielt vil bli mykje lokalt nedbør på kort tid nokre stader, medan andre stader ikkje vil merke særleg.

– Det er vanskeleg å plassere kor styrtregnet treffer, og om det blir i område som allereie er utsette for jordskred, overfløymingar, ras og liknande. Det har mykje å seie for kva konsekvensar vi eventuelt får.

– Men oransje farevarsel tilseier ein alvorleg situasjon, og det er viktig at folk er klar over potensialet i situasjonen, seier Andersen.

  • Hans CossonEide redaksjonsleder klima og teknologi det store bildet

    Klimaendringane gjer meir styrtregn

    Har du tenkt at sommerdagane oftare blir avbrutt av ein plutseleg, intens regnskur?

    Då har du rett.

    Klimaendringane har allereie ført til auke i ekstremnedbør i Europa og Noreg, ifølge FNs klimapanel og Norsk klimaservicesenter.

    Kvifor regnar det meir når verda blir varmare? Sveip for å lese meir.

  • Styrtregn oslo 27. mai 2024

    Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

    Regnet samlar seg

    Menneskeskapte utslepp av CO2 og andre klimagassar har allereie gjort verda varmare.

    Når det er varmt, fordampar vatn opp i atmosfæren. Varmare klima gjer også at atmosfæren kan halde på meir vatn, ifølge klimapanelet.

    Derfor fører ei varmare verd til meir intens nedbør, særlieg om sommaren.

  • Styrtregn oslo solli plass

    Kor mykje meir styrtregn har vi fått?

    Det har både blitt meir regn og meir styrtregn i Europa dei siste åra, og det er knytt til klimaendringane, ifølge FNs klimapanel.

    Også i Noreg har talet styrtregn, og kor mykje regn som kjem, auka dei siste tiåra. På Blindern er det målt dobbelt så mange styrtregn som før, men målingane er usikre.

  • Styrtregn oslo 27. mai 2024

    Kor mykje verre blir det?

    Så langt har verda blitt rundt 1,1 grad varmare sidan førindustriell tid.

    For kvar grad varmare verda blir, ventar forskarane nesten ei dobling ekstremnedbør-hendingar.

    Med dagens klimapolitikk ligg verda an til 2,8 grader oppvarming, ifølge UNEP.

Vegar kan bli stengt på kort varsel

Oransje farenivå betyr at det er fare for overvatn i tettbygde område og overfløymingar i kjellarar. Det kan også føre til vanskelege køyreforhold og stengde vegar, særleg ved bekke- og elveløp, ifølgje yr.no.

Statens vegvesen melder om at fleire vegar på bli stengt på kort varsel. Vegvesenet aukar beredskapen fleire stader.

Dei anbefalar å unngå unødvendig ferdsel langs vegane.

Det har vore fleire ras som følgje av styrtregn i sommar. Førre veke gjekk det ras i Rauma som stenger Raumabana ut sommaren.

Bane nor trekk alt mannskap og maskiner som jobbar i rasområde, i frykt for nye skred.

– Dess kraftigare nedbør det viser seg å blir, dess større risiko er det for ras i rasrenna, seier pressevakt i Bane nor, Harry Korslund.

Vegvesenet følgjer særleg med på E139 på rasstaden på grunn av akutt fare for nye skred. Dei er også særleg merksame på riksveg 13 i Odda.

Det regna godt utanfor lufthamna i Kristiansand like før klokka 12 torsdag.

Varslar kommunane

Statsforvaltaren i Rogaland, Møre og Romsdal, Agder og Vestfold og Telemark sender no ut varsel til kommunane som blir råka.

– Kommunane har gode rutinar og veit kva dei må gjere. Dei må følgje godt med framover, og vil mellom anna reinse stikkrenner og avløp, seier kommunikasjonssjef John Gunnar Skien i Rogaland.

I Vestland vekker situasjonen minne frå rasa i Jølster i 2019, der ein person mista livet. Fungerande beredskapssjef Olivia Bakketun, seier det har gitt mykje erfaring.

– Det er vanskeleg å samanlikne med noko som ikkje har treft enda. Men det er knytt ein del usikkerheit til kor regnet treffer, og det kan bli stilleståande byer. Så det er utfordrande å førebu seg, seier ho.

Bakketun melder om at alle kommunar i Vestland er invitert til operativt samordningsmøte om farevarselet kl. 14.

Ein mann i oransj arbeids t-skjorte ryddar ei stikkrenne med spade.

Lasse Gytri i Stryn har brukt dagen til rydding av stikkrenner i påvente av styrtregnet.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Seljord kommune, som har mange besøkjande på Countryfestivalen, seier dei skal vurdere utover dagen om dei skal varsle besøkjande i kommunen og innbyggjarar om styrtregnet. Det opplyser kommunedirektør Beate Våge Lia.

Seljord kommune har gjort tiltak i Brekkegrenda, som i fjor fekk store skadar etter å ha hatt flaum to gonger.

Også Sunndal kommune bur seg no på styrtregn. Assisterande kommunedirektør Malene Aaram Vike seier folk frå teknisk avdeling frå morgonen av har vore ute og sjekka slukar og drenering.

Noko av det vi fryktar mest er at styrtregnet skal utløyse jordskred eller flaumskred, seier Vike.

Unngå skredterreng

Hydrolog i NVE Anne-Live Øye Leine seier at ein først og fremst må følge med på vêrutviklinga. Dette kan ein mellom anna gjere på Yr sitt nedbørskart.

– Viss ein har moglegheit bør ein flytte verdiar som står på utsette stader, held ho fram.
Ho seier vidare at det er viktig at vassvegane er opne, og at ein unnlét å køyre bil på vassdekte vegar.

– Viss det er meir enn 30 cm vann på vegen må ein ikkje køyre bil, seier ho.

Ho seier at vêret i dag er svært uføreseieleg. Dette kan mellom anna gjere at det går skred stader der det ikkje er vanleg. Og ei siste oppmoding:

– Ikkje opphald deg i skredutsett terreng, og følg med på kor byene er.

Publisert 24.07.2025, kl. 08.06 Oppdatert 24.07.2025, kl. 14.49

Read Entire Article