Studentar får også billigare straum: – Betyr mykje

1 hour ago 2


Studentorganisasjonane har reagert kraftig på at studentar i studentbustader ikkje har fått høve til å få noregspris.

Nå blir dette kompensert.

Det blir sett av 65 millionar i revidert statsbudsjett til ei støtteordning for at også desse skal skjermast mot høge straumprisar.

Ada Margrethe Seim

Ada Margrethe Seim meiner at støtteordninga er ein siger for studentane i studentbustader.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

– Det betyr mykje for studentane som bur i studentbustad. Dette er eit kjempestort gjennomslag for dei ramma studentane, seier Ada Margrethe Seim, som er leiar for studentdemokratiet i Søraust-Noreg.

I Søraust-Noreg bur mange studentar som har hatt dei høgaste straumprisane i landet det siste året.

Studenthybel Bakkenteigen

Det har blitt varsla prisauke på straum blant anna for dei som bur på slike studenthyblar ved Bakkenteigen i Horten. Nå blir dette trekt tilbake.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

SV sikra gjennomslag

Da regjeringa la fram forslaget sitt til revidert budsjett var skuffelsen stor over at det ikkje var sett av pengar til ei straumordning for studentbustader.

I forhandlingane for å få eit fleirtal har dette vore eit viktig tema for SV. Det seier utdanningspolitisk talsperson i partiet, Sunniva Holmås Eidsvoll.

– Leigeprisane er astronomisk høge og nå tar vi grep for å hindre at studentane må betale for at regjeringa gløymde å gje straumstøtte og noregspris til studentbustader.

– Når vi bruker ti milliardar på at hushald skal ha noregspris både heime og på hytta, så skulle det berre mangle at samskipnadene får 65 millionar til å halde leiga nede, meiner Eidsvoll.

Julie Remen Midtgarden, Høyre og Sunniva Holmås Eidsvoll, SV, møttes i politisk kvarter for å snakke om fraværsgrensa.

Sunniva Holmås Eidsvoll er utdanningspolitisk talsperson i SV.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Ho meiner at det må komme ei endeleg ordning for dette i neste statsbudsjett.

– Dette treffer mange, men ikkje alle. Så nå må regjeringa levere på ei endeleg ordning for straumstøtte for studentbustader i statsbudsjettet for 2027, slik Stortinget har vedtatt.

Avlyser prisauke

Fleire studentsamskipnader har varsla studentane om ekstra prisauke på grunn av høge straumprisar og manglande straumstøtte.

Rita Hirsum Lystad, styreleder i Samskipnadsrådet. Og president i Norges Musikkorps Forbund.

Rita Hirsum Lystad i Skipnadsrådet er veldig glad for at det blei einigheit om ei støtteordning.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Dette blir nå trekt tilbake, seier styreleiaren i Samskipnadsrådet, Rita Hirsum Lystad.

– Vi er veldig glade for å sjå at budsjettpartnarane, og særleg SV, har klart å overtyde Arbeidarpartiet om at også studentbustader skal ha ein straumkompensasjon.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold, er også fornøgd med at det blei einigheit om ei løysing.

– Det er bra at det har komme ei einigheit om kompensasjon til studentsamskipnadene for tapt straumstøtte og noregspris. Det seier seg sjølv at studentar i studentbustad ikkje skal betale meir enn alle andre for straum, seier han.

Sigve Næss Røtvold som lener seg på et rekkverk

Sigve Næss Røtvold er leiar i Norsk studentorganisasjon.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Men studentane hadde også andre kampsaker som dei ikkje kom i mål med i dette budsjettet.

Ada Margrethe Seim hadde håpa at det også skulle komme pengar til auka studiestøtte gjennom Statens lånekasse.

– Vi meiner at studentane bør få minst 1, 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Og vi er langt unna det. Vi er ikkje i nærleiken av å vere i tråd med prisveksten i samfunnet, seier Seim.

Publisert 08.06.2026, kl. 12.30

Read Entire Article