Meir vind- og solkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar førre veke. Vekeprisane i Sør-Noreg enda på 82–94 øre per kilowattime (øre/kWh).
I starten av førre veke var det kaldt vêr og lite vindkraftproduksjon i Noreg, noko som bidrog til at kraftprisane i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5) i fleire timar var tette på kraftprisane på kontinentet.
Utover i veka vart det mildare vêret, lågare forbruk og auka vind- og solkraftproduksjon i både Norden og på kontinentet.
– Dette førte til lågare kraftprisar. Sjølv om solkraft framleis ligg på eit lågt nivå samanlikna med sommarhalvåret, var det ein markant auke i mellom anna Tyskland førre veke. Dette bidrog til lågare kraftprisar spesielt midt på dagen då solkrafta var på sitt høgaste, skriv NVE i rapporten sin om kraftsituasjonen i veke 8.
Vekeprisane for Sør-Noreg enda førre veke på 82–94 øre per kilowattime (øre/kWh). Til samanlikning var kraftprisane i til dømes Tyskland og Danmark (DK1) på høvesvis 124 og 111 øre/kWh
I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) enda kraftprisane på 28 og 9 øre/kWh
(©NPK)