Stortingsvalet 2025: Dette betyr tala i kveld

1 day ago 4


På norske valkveldar er den mest dramatiske augneblinken alltid klokka 21, når NRK og dei andre kanalane og mediehusa opnar portane inn til valresultata.

Sveitte handflater og stive, nervøse smil pregar partia sine valvaker før tala kjem.

Blikk mot ein storskjerm.

Og så: Jubel! Eller stille resignasjon.

Jubel på Arbeiderpartiets valgvake

JUBEL: Eller ikkje? Arbeidarpartiet kunne iallfall juble klokka 21 i 2021.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Men i år er nervøsiteten også større hos mediebedriftene som skal presentere resultata.

Ingen veit

Årsaka er at den norske vallova er endra. Ved tidlegare val har media hatt ein avtale som gjorde at dei fekk innsyn i resultat halvanna time før vallokala stengde. Det gjorde at media kunne teste at tal, resultatløysingar og grafikkar stemte. Rapporteringa av resultata vart førebudd, og nokre få har altså visst kva for ei side som leia i dei første tala.

No er vallova endra, og ingen andre enn Valdirektoratet har kunnskap om resultatet før klokka er 21:00:00.

Først då får redaksjonane lasta inn resultata.

en mann og en kvinne som står ved siden av hverandre og smiler

KVEN VEIT? Programleiarane Ingerid Stenvold og Petter Oulie-Hauge veit like lite som du og eg om valresultatet når klokka slår 21.

Foto: NRK

Så kjem tala på NRKs TV-skjermar, på nrk.no og hos andre norske medium nokre få sekund over klokka 21.

Viss alt går som det skal.

Førehandsrekord

Dei første tala du får sjå, er resultatet av førehandsstemminga.

I dette valet har nordmenn stemt på førehand i rekordtal. Meir enn 1,9 millionar har vore i vallokalet før sjølve valdagane søndag og måndag.

en gruppe mennesker som står i et rom

FØREHAND: 19.500 har førehandsstemt i Bodø. På City Nord var det stemmekø fredag.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Førehandsstemmene blir talte av valmedarbeidarane i kommunane måndag føremiddag og resultatet av dei aller fleste av dei 1,9 millionar stemmene ligg klare hos Valdirektoratet når klokka blir 21. Også ein del tusen stemmer frå vallokale som har stengt tidleg på valdagen er ferdigtalte, men dette utgjer berre ein liten del i forhold til stemmene frå førehandslokala.

I praksis er det altså resultatet av førehandsstemmene du får sjå hos NRK nokre sekund over klokka 21.

Korleis forstå dei første tala?

Viss oppteljinga og rapporteringa har gått slik den skal, er det altså nesten 2 millionar stemmer bak dei første tala du får sjå.

Men det er viktig å vite at dei første tala ikkje blir det endelege resultatet.

Det er nemleg forskjell på førehandsstemming og valdagsstemming. Ulike veljargrupper oppfører seg ulikt.

Yngre veljarar stemmer oftare på førehand enn dei eldre. I mange store byar og folkerike kommunar er det meir vanleg med førehandsrøysting enn der folk bur meir spreidd.

Dette gir politiske mønster i tala.

Det mest typiske er at Senterparti-veljarar langt oftare stemmer på valdagen.

Dermed kan dei som er på Senterpartiets valvake, gå ut frå at det første talet dei ser klokka 21 er litt for lågt, og håpe at det kryp langt oppover.

Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023. Valgvake for Senterpartiet

SP-URO: Senterpartiets Geir Pollestad valkvelden 2023. Målingar i år har vist at stortingsplassen hans står i fare, og dei første tala han ser i kveld kan skape nervøsitet.

Foto: NTB

MDG har ved tidlegare val hatt langt betre tal frå førehandsstemminga enn frå valdagsstemmene. Dei har ramla nedover utover kvelden. Men i år har partiet hatt medvind på målingane i valkampinnspurten. Kanskje endrar det stemmemønsteret.

Så kjem prognosen

Sidan desse stemmemønstera gir eit upresist bilete av valet, vil NRK presentere ein prognose som gir eit meir presist bilde, så raskt som mogleg etter at han er kvalitetssikra.

Ein valprognose er ein modell som bereknar sluttresultatet av valet.

Modellen reknar ut endeleg oppslutning og kor mange stortingsrepresentantar partia får.

NRKs prognose vart utprøvd ved valet i 2021, og brukt første gongen valkvelden 2023. Begge åra gav prognosen eit meir presist bilde av korleis valet enda enn det dei opptalte stemmene frå Valdirektoratet viste.

Også TV 2 har tradisjon for å presentere sin prognose. Tidlegare laga Valdirektoratet eigne prognosar, men dette har dei slutta med.

På Valdirektoratets eigne sider valgresultat.no viser dei fram resultatet av stemmene som til ei kvar tid er opptalte. Dei fleste aviser har for vane å vise fram Valdirektoratet sine ubehandla tal.

Truleg vil det altså finnast fire typar talmateriale på valkvelden:

  • Valdirektoratets tal frå opptalte stemmer
  • NRKs prognose
  • TV 2s prognose
  • Evt valdagsmålingar

Ei meiningsmåling som er teke opp blant dei som har stemt blir kalla ei valdagsmåling. NRK har ikkje hatt dette på mange år fordi sjølve valresultata og prognosen så raskt er presise. Men det vil truleg kome valdagsmåling i andre medium i kveld. Nettavisen har varsla at dei publiserer ei slik.

NRK viser fram prognosar for sluttresultatet på landsbasis og for kvart av dei 19 valdistrikta. Når vi viser fram resultat for enkeltkommunar er det ikkje ein prognose, men det reine resultatet av oppteljinga der så langt.

Men også ein prognose bevegar seg.

NRKs prognose justerer seg heile kvelden etter mønsteret i stadig nye resultat som kjem inn.

Difor vil resultatet for enkeltparti flytte på seg utover kvelden.

Sperregrensedrama?

Så eit parti som måtte få 4,1 prosent på NRKs prognose tidleg på kvelden kan nok ikkje slå seg heilt til ro.

Parti som får eit nasjonalt resultat på over 4 prosent er som kjent over sperregrensa og får fleire stortingsrepresentantar.

Nestlederne i Krf

FIRARHÅP: Skal KrF-leiar Dag-Inge Ulstein og nestleiar Ida Lindtveit Røse kjempe mot sperregrensa i kveld også?

Foto: NTB

MDG, Venstre og KrF er parti som er kjende med å kjempe mot denne grensa gjennom ein nervepirrande valkveld.

MDG og Venstre er sterke i Oslo. I 2021-valet kom meir enn 25 prosent av stemmene dei fekk på landsbasis inn i Oslo. Så valdagsstemmene frå hovudstaden kan vere det dei nervøst ventar på dersom det er veldig jamt. Rundt midnatt vil truleg dei fleste av hovudstadsstemmene vere rapporterte.

Men: NRKs prognose kan også tidlegare enn dette vise at eit lite parti har klart sperregrensa. NRK melder tydeleg i løpet av kvelden kva som er avgjort.

Raud og blå blokk

I fleire av NRKs grafiske visningar i kveld vil du sjå partia sortert i ei raud og ei blå side.

85 gir flertall

Venstresiden

Jonas Gahr Støre

Høyresiden

Erna Solberg

Status for Stortingsvalget

I årets valkamp har stortingspartia fordelt seg tydeleg.

Den raude sida: Raudt, SV, Senterpartiet og MDG seier dei støttar ei regjering leia av Arbeidarpartiet og statsminister Jonas Gahr Støre.

Den blå sida: Høgre, Frp, KrF og Venstre seier alle at dei vil bytte ut Støre. Frp meiner det største partiet må få statsministeren, mens dei tre andre vil ha Erna Solberg som statsminister igjen.

Erna Solberg, Sylvi Listhaug m.fl. sitter på podiet

TRE KANDIDATAR: Ein til venstre, to til høgre.

Foto: Ole Martin Wold / NRK

NRK viser fram kor mange stortingspolitikarar den raude og den blå sida får. Dersom den raude sida får minst 85, vil Støre halde fram. Dersom den blå sida får minst 85, blir det Solberg eller Listhaug som blir statsminister.

Tel til 85

For valkvelden handlar om å telje til 85. På Stortinget sit 169 representantar. 85 mandat gir fleirtal. Ei regjering må sørge for å ikkje få eit fleirtal mot seg.

Enno ikkje stemt? Ta NRKs valomat mens du hastar til vallokalet.

Publisert 08.09.2025, kl. 18.51

Read Entire Article