Ap, Høgre, Sp, SV, Venstre og Frp inngjekk torsdag forlik i Stortingets næringskomité om Havbruksmeldinga.
I april la regjeringa fram stortingsmeldinga «Fremtidens havbruk - Bærekraftig vekst og mat til verden».
Regjeringa føreslo der mellom anna å vrake dagens «trafikklys-system», der oppdrettarane i ein heil region får auke eller må redusere produksjonen basert på kor stort lakselus-problemet er i regionen.
Oppdrettsselskapa blir i dag altså «straffa eller løna kollektivt».
Tanken bak ordninga var at oppdrettarar er avhengige av kvarandre, fordi sjukdom, lakselus og rømming påverkar selskapa og den totale miljøbelastninga i eit større sjøområde.
Lakselus er eit stort dyrehelseproblem i fiskeoppdrett, og dette trugar samtidig villaksbestandane.
Foto: MattilsynetIndividuell straff og belønning
I staden skal fiskeoppdrettarane nå få «individuelle insentiv»: miljøpåverknaden, dyrehelsa og dyrevelferden på det enkelte anlegget skal avgjera om oppdrettaren får auka eller må redusera produksjonen.
Meldinga vart i april møtt med negative reaksjonar frå ulikt hald.
Men no støttar eit fleirtal på Stortinget hovudtrekka i regjeringa sitt forslag.
Eit breitt politisk fleirtal står nå saman om det dei kallar ei grøn og berekraftig retning framover for Norges viktigaste fornybare eksportnæring.
(Nedst i artikkelen finn du heile avtalen mellom dei seks partia.)
William Jobling / NRK
Kari Elisabeth Kaski (SV): – Ikkje vekst utan miljøkrav
– Til nå har havbruksnæringa fått vekse nærast utan krav til miljøpåverknad. Det får vi omsider gjort noko med.
– Nå skal havbruksnæringa regulerast ut frå den faktiske påverknaden, spesielt på villaksen. Den nye reguleringa skal komme på plass i løpet av to til fire år.
Men ho vedgår at SV helst skulle stilt fleire krav til oppdrettsnæringa, som lukka anlegg.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Alfred Bjørlo (V): Mål om 5 prosent dødelegheit
– Omsynet til natur, miljø og lakselus-påvirking på villaks skal vere førande for reguleringa av havbruksnæringa.
– Avtalen slår fast at regjeringa må få fart på tiltak for å nå målet i Dyrevelferdsmeldinga om dødelighet ned mot fem prosent.
Stortingsfleirtalet støttar ikkje regjeringas forslag om å la selskapa velja kva fiskeslag dei produserer. Bjørlo meiner det var eit naturfiendtleg forslag.
Fredrik Varfjell / NTB
Arild Hermstad (MDG): – Utsetjing og utgreiing
– Havbruksmeldinga til regjeringa var sjølvsagt ikkje var god nok. Vi prøvde å betre den, men så går Stortinget i motsett retning. Det er veldig skuffande.
Han meiner Ap på Stortinget svekkar krava som Ap-regjeringa føreslo.
– Stortinget utset og ber om nye utgreiingar. Vi er på overtid, for villaksen er i ferd med å bli borte.
MDG: – Ikkje godt nok
Miljøpartiet dei grøne (MDG) støttar ikkje fleirtalet, mellom anna fordi dei meiner avtalen ikkje gjer nok for å berge villaksen frå utrydding, ikkje inneheld økonomiske insentiv for betre dyrevelferd, og ikkje krev maksimalt fem prosent dødelegheit i oppdrettsanlegga.
Ifølge MDG har fleirtalspartia fjerna dei konkrete forslaga frå regjeringa om å straffe kvart enkelt anlegg med avgifter for tapt fisk (død eller rømt) og avgifter på utslepp av lakseluslarver.
Partileiar Arild Hermstad meiner at Arbeidarpartiet på Stortinget dermed stemmer ned dei beste forslaga frå si eiga regjering.
– Det er veldig merkeleg. Her er det ei tapt moglegheit til å starte oppryddinga av oppdrettsnæringa. Stortinget svekker konkrete innskjerpingar frå regjeringa.
Arild Hermstad i MDG kritiserer at stortingsfleirtalet droppar regjeringas forslag om at anlegg med lakselusutslepp og død fisk blir straffa med avgifter.
Foto: NTBMinisteren: – Tar omsyn til vekst, miljø og dyrevelferd
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) er ikkje einig.
– Ikkje i det heile. Eg opplever og er glad for at vi har fått brei støtte – frå SV til Frp – for ei ny retning for havbruksnæringa. Der klarer ein å ta omsyn til både vekst, miljø og dyrevelferd.
– Men kva har skjedd med dei avgiftene som regjeringa føreslo?
– Stortinget held seg til dei overordna måla og retningen regjeringa ønsker. Men så har fleirtalet ikkje sagt «akkurat den modellen skal vi gå for».
– Kva er viktigast i Havbruksmeldinga?
– At vi er nøydde til å regulere næringa ut frå den faktiske miljøpåverkinga, og at individuelle insentiv skal avgjere om selskapa får vekse eller ikkje. Det har nå Stortinget stilt seg bak.
Marine Harvests lukka oppdrettsanlegg på Molnes i Etne
Foto: Thomas Halleland / NRK– Nei til trafikklys
Næss meiner – som havbruksnæringa – at trafikklysordninga har slått feil ut.
– Det medfører at selskap som driftar veldig bra, med låg miljøpåverknad og låg dødelegheit, likevel ikkje får vekse, fordi andre selskap ikkje driftar like godt. Då får heller ikkje kommunane inntektene gjennom Havbruksfondet som er så utruleg verdifulle.
– Så «kollektiv påskjønning eller avstraffing» skal nå vekk?
– Stortinget har sagt at ein skal sikre å få det på plass i løpet av to til fire år. Men fram til vi har avgjort korleis den nye modellen blir, gjeld trafikklyssystemet.
Publisert 05.06.2025, kl. 21.52