Store protestar mot Hamas - på Gaza

3 days ago 9


I eit sjeldan augeblink av kritikk mot Hamas har hundrevis av menneske teke til gatene på Gaza. Den største protesten er i Beit Lahia.

Videoar florerer på sosiale medium onsdag og viser folk som ropar «ut, ut, ut, Hamas ut» og andre anti-Hamas slagord.

Videoane er blitt delt av folk som vanlegvis er kritiske til Hamas, ifølgje BBC.

Hundrevis av menneske protesterer på Gaza

Hundrevis av menneske har møtt opp til protestar i Beit Lahia

Foto: - / AFP / NTB

Dei første protestane i Beit Lahia starta tysdag kveld. Onsdag har dei halde fram og blitt større.

Folk på Gaza ynskjer at Hamas skal gå av. Dei protesterer for å ikkje gå svoltne og få fred, 16 månadar etter Israel starta intensive bombingar av heile Gazastripa.

Hamas har enno ikkje kommentert på protestane.

Protestviljen spreier seg

Videoar viser at der er protestar også i Jabalia flyktningleir vest i Gaza by, skriv The Guardian.

– Vi ynskjer å ete, ropar dei på videoen.

Born protesterer mot Hamas med plakatar

"Vi ynskjer ikkje å døy" står det på plakatane til borna på Gaza under protestar mot Hamas

Foto: - / AFP / NTB

Nokre på videoen seier dei trur at protestane kjem til å spreie seg til fleire deler av Gaza.

BBC og The Guargian viser til videoar på sosiale medium. NRK har ikkje kunna verifisere videoane sjølv.

Open kritikk mot Hamas har auka på Gaza sidan krigen byrja, samstundes som andre er bestemt lojale til den militante gruppa. Det finst ingen sikre meiningsmålingar som viser haldningane folk på Gaza har mot Hamas.

Beit Lahia ligg heilt nord på Gaza.

Beit Lahia ligg heilt nord på Gaza som er eitt av områda som har blitt hardast råka av Israel si krigføring i Palestina. Det meste av bygningar og infrastruktur er øydelagde og befolkninga der har blitt tvangsflytt mange gongar sidan 7. oktober 2023.

Onsdag seier helsemyndigheitene på Gaza at 830 personar har blitt drepne sidan Israel starta opp att med luftangrep tysdag førre veke. 38 av desse er blitt drepne det siste døgnet.

Publisert 26.03.2025, kl. 12.44

Read Entire Article