Minst 19 menneske er drepne og over 340 skadde etter at politiet i Nepal fyrte av skot mot demonstrantar i dag.
Fleire sosiale medium-plattformer som Facebook, Instagram og YouTube blei nedstengde. Dette fekk mange unge folk til å ta til gatene i protest.
Mange ser på nedstenginga som eit symptom på djup korrupsjon.
Minst 17 personar er drepne etter protestane i Nepal.
Foto: PRABIN RANABHAT / AFP / NTBFølgde ikkje krav
Sosiale medium-plattformene blei nedstengde etter at dei ikkje innfridde krav frå myndigheitene om innsyn. Dette kravet skal ha som mål om å regulere falske nyhende, hatefulle ytringar og nettsvindel, ifølgje styresmaktene.
TikTok og fire andre plattformer var tilgjengelege etter å ha følgt styresmaktene sine krav om innsyn.
No skal internettblokkaden vere over og internett fungerer som normalt.
Sinnet unge har mot styresmaktene derimot er ikkje over.
Mange tok til gatene i Katmandu i dag.
Foto: Navesh Chitrakar / Reuters / NTBDen største protesten har vore i hovudstaden Katmandu, men der er også protestar i fleire andre byar som Pokhara, Butwal, Itahari og Damak, ifølgje The Katmandu Post.
I Katmandu forsøkte demonstrantane å storme nasjonalforsamlinga. Politiet svarte med vasskanonar, tåregass og opna etter kvart opne eld mot demonstrantane.
Demonstrantar prøvde å storme nasjonalforsamlinga. Politiet reagerte med å opne eld mot demonstrantane.
Foto: PRABIN RANABHAT / AFP / NTBFør dette var protestane fredlege.
Demonstrantar møtte opp på protestane med plakatar med teksten «nok er nok», og «stopp korrupsjonen», ifølge mellom anna BBC.
Merkar sinnet
Simen Åsjord er på backpacking og har vore i Katmandu i ei veke. I dag hamna han midt opp i kaoset.
Simen Åsjord er på reise og var i Katmandu då protestane braut ut.
Foto: Privat– Eg merka det veldig brått da eg var midt i ein samtale på Messenger. Plutseleg blei det nesten umogleg å komme gjennom på sosiale medium, seier Åsjord.
Åsjord har sjølv snakka med mange av dei lokale. Nesten alle seier dei er forbanna på styresmaktene.
– Dei er ikkje berre forbanna på forbodet mot sosiale medium, men også korrupsjonen i landet.
Han trur demonstrasjonane kjem til å halde fram.
– Sidan folk blei skadde i dag blir nok folk berre sintare.
Nepal er eit lite land som ligg mellom India og Kina.
Det bur i underkant av 30 millionar menneske i Nepal, som grensar til Kina i nord og India i sør.
– Korrupsjon på alle nivå
Arild Engelsen Ruud er professor i Sør-Asia-studium, og fortel at sosiale medium-forbodet kom veldig plutseleg.
Arild Engelsen Ruud er professor i Sør-Asia-studium og uroa for det som skjer i Nepal.
Foto: Olaf Christensen– Det er særleg ille for eit land der alle kommuniserer gjennom sosiale medium, og får nyheitene sine der.
Ruud seier fleire i Nepal ofte ikkje har råd til mobilabonnement i Nepal, og brukar sosiale medium, som WhatsApp, til kommunikasjon.
– Dei held kontakten gjennom sosiale medium. Dei bruker det ikkje berre til underhaldning.
– Forbodet kom utan ein prosess, og var ei arrogant politisk avgjerd, meiner han.
Heile Katmandu ber preg av dagens store protestar.
Han seier også det er ein elite som tener mykje pengar i Nepal, medan mange slit.
– Det er korrupsjon på alle nivå, over alt, seier Ruud.
Transparency International sin indeks for korrupsjon rangerer Nepal 107 av totalt 180 land. Rangeringa baserer seg på oppfatta korrupsjon sidan det er vanskeleg å måle korrupsjon – nettopp på grunn av manglande openheit.
Ruud seier det at det som skjer no ei stor protestrørsle med store folkemengder, leia av den yngre befolkninga i Nepal.
– Dette er eit generasjonsopprør mot eit gubbete og veletablert regime.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her:
Publisert 08.09.2025, kl. 22.22 Oppdatert 08.09.2025, kl. 22.28