– Eg ser fram til å møta president Donald Trump i Washington D.C. på torsdag.
Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding.
Støre seier vidare at det er sterke band mellom dei to landa, og at USA er Noregs viktigaste allierte.
– I ein uroleg og krevjande sikkerheitspolitisk tid, er den nære kontakten mellom dei to landa våre svært viktig.
Det er ikkje kjent når på torsdag møtet vil finne stad, men truleg vert det på føremiddagen amerikansk tid.
Etter det NRK får opplyst reiser Stoltenberg fyrst til Washington for møte onsdag.
Støre kjem så til den amerikanske hovudstaden onsdag kveld.
Stoltenberg og Støre var begge blide då dei gjesta Dagsrevyen etter rokeringar i regjeringa.
Foto: Alf Simensen / NRKNato, Ukraina og toll
Statsministerens kontor (SMK) seier at møtet mellom anna vil handla om den sikkerheitspolitiske situasjonen, Nato og krigen i Ukraina.
Handel og næringsliv står òg på dagsorden.
På område som Nato, krigen i Ukraina og tollmurar har det til dels vore sterk ueinigheit mellom Noreg og USA dei siste månadene.
Mellom anna kritiserte Støre den amerikanske presidenten etter møtet hans med Volodymyr Zelenskyj i Det kvite hus i slutten av februar.
Då skjelte Trump ut den ukrainske presidenten, og hevda mellom anna at Zelenskyj «ikkje er klar for fred».
– At Trump skuldar Zelenskyj for å gambla med tredje verdskrig, er djupt urimeleg og ei fråsegn eg tar avstand frå, sa Støre den gongen.
Før møtet torsdag omtaler Støre USA som ein viktig handelspartnar for Noreg, som me samarbeider med på ei rekke område.
– Eg ser fram til å snakke om område der me kan samarbeida endå tettare framover, seier Støre.
Godt forhold
President Trump og Jens Stoltenberg hadde eit godt forhold under Trumps første presidentperiode da nordmannen var generalsekretær i Nato.
Jens Stoltenberg og Trump har møttest fleire gonger. Her frå London i 2019.
Foto: Heiko Junge / NTBDa Stoltenberg besøkte Trump i Det kvite hus i 2019 var tonen så god at Politico gav Stoltenberg tilnamnet «Trump-kviskraren» etterpå.
Stoltenberg var også ein av få europeiske politikarar som var invitert til Trumps innsetting som president 20. januar i år.
Tidleg besøk
Støre ligg an til å verta ein av dei første statsleiarane som besøker Trump i den andre presidentperioden hans.
Ei oppteljing NRK har gjort viser at Støre vert den 11. i rekka.
Han er òg tidleg i rekka av europeiske statsleiarar og følger etter italienske Giorgia Meloni som var i Det kvite hus 17. april.
11. norske statsminister
Støre vert óg nummer 11 i rekka av norske statsministrar som besøker ein amerikansk president i Det kvite hus.
Den fyrste norske statsministeren til å besøka Det kvite hus var Johan Nygaardsvold i 1942.
Med dei fire besøka sine er Gro Harlem Brundtland (Ap) den norske statsministeren som har besøkt ein president i 1600 Pennsylvania Avenue flest gonger.
Ho besøkte Ronald Reagan, George H.W. Bush og Bill Clinton medan ho var norsk statsminister.
Interessert i utanriks-stoff? Høyr på Utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 21.04.2025, kl. 08.00