Støre-kamp mot EUs oljebrems i Arktis

1 day ago 8


– EU får i dag betydelege mengder med energi frå Arktis. Det trur eg dei har forstått, seier Støre etter møte med EU-toppar i formiddag.

Skal Noreg framleis kunne drive med olje- og gassutvinning i dette området med EUs velsigning? Eller vil EU setje foten ned?

Det spørsmålet blir avklart til hausten. EU-byråkratar sit no i ein intens innspurt i møteromma i Brussel.

– Vi ser korleis klimaet går fullstendig amok akkurat no. Eg meiner at EU ikkje må forlate sitt nei til olje- og gassverksemd i Arktis, seier Villy Søvndal, medlem av Europaparlamentet og tidlegare utanriksminister i Danmark.

Villy Søvndal

Villy Søvndal, Europaparlamentet.

Foto: Anders Børringbo / NRK

– Men treng ikkje Europa meir olje og gass i ei uroleg verd?

– Eg synest ikkje vi skal la hendingar her og no diktere ei utvikling som går baklengs, svarar Søvndal.

I september skal ein oppdatert versjon av EUs Arktis-strategi vere klar.

Førre oppdatering kom i 2021. Her vedtok EU å jobbe for ein mellombels stans for olje- og gassutvinning i Arktis, eit såkalla «moratorium».

Energiminister Terje Aasland klipper snora på Johan Castberg-feltet 8. august 2025. Det gjør han sammen med Iver Henning i Equinor.

Energiminister Terje Aasland klipper snora på Johan Castberg-feltet saman med Iver Henning i Equinor.

Foto: Ole Jørgen Bratland / Equinor

– Ikkje EU som avgjer

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har tidlegare bede EU revurdere sitt nei. Torsdag landa Støre i Brussel, og først på planen stod møte med Jyrki Katainen, EUs spesialrådgjevar for Arktis, og Jozef Sikela, EU-kommissær for internasjonale partnarskap.

EUs strategi står i skarp kontrast til håpet til regjeringa om å vinne ut gass i Barentshavet og frakte han i røyr til det europeiske kontinentet.

Dette har blitt eit høgaktuelt tema etter at etterspurnaden frå EU har auka som følgje av Russland sin angrepskrig mot Ukraina og stenginga av Hormuzsundet.

– Vi er dei første til å seie at vi må ha ei bærekraftig miljøinnretning på alt vi gjer i Arktis, for det er eit sårbart miljø. Men i framtida vil energi frå Noreg i betydeleg grad komme frå Arktis. Eg opplever at europeiske leiarar forstår det, seier Støre.

Støre møtte kommisjonær Sikela og Katainen, leder for EUs arktiske strategi

Jonas Gahr Støre i møte med EU-toppar som er med på forme ut EUs arktiske strategi.

Foto: Anders Børringbo / NRK

– Har du fått nokon løfte i dag?

– Eg har respekt arbeidet med strategien. Men det er ikkje EU som avgjer kvar vi utviklar olje- og gassverksemda vår. Eg bidreg med kunnskap om kva Norege representerer, og om kva som er Arktis. EU må ha eit regelverk som stemmer med den verda EU er ein del av.

– Viktig for klimaet

Rasmus Andresen representerer partiet Dei grøne i Europaparlamentet. Han meiner det vil vere ein stor feil å halde fram med olje- og gassaktivitet i Arktis.

Rasmus Andresen

Rasmus Andresen, Europaparlamentet.

Foto: Anders Børringbo / NRK

– Både freden og klimaet vi tene på eit nei. Eg vil gjerne snakke med den norske statsministeren og dei store energiselskapa om korleis dei kan finne alternative løysingar, seier han.

Etter at Støre hadde møtt EUs utanrikssjef Kaja Kallas i februar, sa han følgjande til NRK:

– Eg har mint Kallas på at den auka energitransporten frå Noreg til EU kjem frå Arktis. Den kjem frå Melkøya, frå Hammerfest. Så EU må tenkje gjennom dette når dei no seier at dei vil ha eit moratorium, dei vil ikkje ha energi frå Arktis. Då kjem dei i ein skvis. Det trur eg dei ser, at dei treng den gassen for sin eigen stabilitet og tryggleik.

– Ikkje eit svar på energikrisa

Men det er ikkje berre blant EU-politikarane at regjeringa og energiselskapa møter motstand.

I mai sende over 120 samfunnsaktørar eit ope brev, der dei bad EU halde døra stengd for ny olje og gass frå Arktis.

Brevet er skrive under av ei lang rekkje bedrifter, fagforeiningar, forskarar, organisasjonar og tankesmier, inkludert 12 finansinstitusjonar.

Her finn vi også kjende namn som Jens Ulltveit-Moe, Eva Joly og Connie Hedegaard.

KLP er blant dei som skreiv under.

Heidi Finskas, direktør for bærekraft i pensjonsselskapet KLP

Heidi Finskas, KLP.

Foto: KLP / KLP

– Som pensjonsselskap er vi opptekne av langsiktig verdiskaping. Og med dette brevet ønskjer vi å peike på at det er høg risiko når det gjeld utvinning av olje og gass. Det er høg finansiell risiko og det er høge investeringskostnader. Dessutan kjem det ikkje ny energi derifrå ut i marknadene før på 2040-talet, så dette er heller ikkje eit effektivt svar på den energikrisa som vi står i akkurat no.

Det seier Heidi Finskas, direktør for berekraft i KLP.

– Stor klimarisiko

Noreg har allereie lyst ut store areal for leiting i Barentshavet, mot miljøfaglege åtvaringar. Området blir av mange sett på som framtida for norsk olje og gass, men forskarane seier tydeleg at Arktis blir varma opp rundt fire gonger raskare enn resten av verda, og at bruk av fossil energi ei viktig årsak til den globale oppvarminga.

Heidi Finskas understrekar at Arktis er eit veldig sårbart område.

– Vi vurderer klimarisikoen som stort. Som langsiktig global investor er det i vår interesse at global oppvarming blir avgrensa så mykje som mogleg, fordi den vil svekke avkastninga på sikt. Og nye prosjekt i Arktis dreg i motsett retning, fordi dei bidreg til høge utslepp over tid, framfor ei omstilling til alternative energikjelder.

Også ei rekkje miljøorganisasjonar har engasjert seg i spørsmålet om EUs strategi for Arktis.

Blant dei er WWF Verdas naturfond, som også skreiv under på brevet til EU.

– Det er eit veldig stort engasjement, med rette, fordi dette vil jo avgjere framtida til Arktis, rett og slett.

Det seier generalsekretær Karoline Andaur. Ho er klar på at det ikkje må setjast i gang ny leiting etter olje og gass i Arktis.

– Både på grunn av klimaendringar og det sårbare marine miljøet, samtidig som Noreg altså ønskjer å låse norske skattebetalarar sine pengar til ulønnsame prosjekt for framtida, seier Andaur.

Barentshavet i fokus

Den oppdaterte EU-strategien skal blant anna fokusere på tryggleik, tilgang på kritisk viktige råvarer, klima og miljø.

Den norske regjeringa sende innspela sine til strategiarbeidet i slutten av mars.

Dei åtte arktiske statane er Noreg, Russland, USA, Canada, Island, Danmark (med Grønland), Sverige og Finland. EU definerer Arktis som områda nord for polarsirkelen.

Barentshavet og områda nord i Norskehavet er dermed ein del norsk Arktis.

Publisert 11.06.2026, kl. 11.35 Oppdatert 11.06.2026, kl. 11.52

Read Entire Article