På veg inn til eit partimøte måndag, beklaga statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at dei kom med lovnader i valkampen som ikkje er å finne i framlegget til statsbudsjett.
– Vi har sagt ting i valkampen som ikkje stemmer med budsjettet. Det har eg funne nødvendig å beklage. Vi har ikkje ønska å føre nokon bak lyset, ikkje snakke usannferdig, sa Støre til NRK måndag.
Blant sakene som ikkje kom med i forslaget, var gratis ferjer og sletting av studiegjeld.
Dette er saker Senterpartiet som er viktige for partiet, og krev at dei blir tekne inn i budsjettet igjen før dei kan sette seg til forhandlingsbordet i Stortinget.
– Vi skal møte dei andre partia med respekt. vi forhandlar ikkje med eitt og eitt parti i forkant. Slik er ein ansvarleg budsjettprosess, og der kan vi finne løysingar, seier Støre.
Giske: – Må innfri løfter frå valkampen
Kritikarane til det som no er lagt fram, finst også internt i Arbeidarpartiet.
Stortingsrepresentant Trond Giske frå Trøndelag meiner at regjeringa må rydde opp.
– Når vi gav så klare løfter i valkampen, må vi innfri dei i budsjettet, seier han.
Stortingsrepresentant Trond Giske frå Trøndelag meiner regjeringa må innfri løfta dei gav i valkampen.
Foto: Mats Rønning / NRK– Korleis vil du beskrive det som har skjedd? Er det løftebrot, løgn eller berre ein feil?
– Eg har ikkje noko behov for å karakterisere. Det viktigaste er at vi held løfta frå valkampen. Det gir oss truverd også når vi skal inn i nye valkampar, seier Giske.
Publisert 20.10.2025, kl. 12.29 Oppdatert 20.10.2025, kl. 12.55