– Det er avgjerande at USA bidrar saman med Euripa for å ein fred som er varig.
Støre under toppmøtet i Kyiv førre veke.
Foto: Javad Parsa / POOL / POOL / NTBFredag møttest Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og USAs president Donald Trump i Det kvite hus.
Etter planen skulle dei to leiarane signere ein mineralavtale mellom Ukraina og USA og deretter halde ein felles pressekonferanse.
Møtet begynte høfleg, men tok fort ei anna vending.
Dette skjedde fredag
Dette skjedde under møtet mellom de to leiarane:
- Under møtet begynte Trump å skjelle ut Zelenskyj. Han skulda den ukrainske presidenten for å vere imot våpenkvile.
- Den planlagde pressekonferansen blei avlyst. Zelenskyj avlyste også fleire arrangement i Washington D.C.
- Den ukrainske presidenten forlét Det kvite hus tidlegare enn planlagt, og avtalen om mineral blei ikkje signert.
- Zelenskyj ønsker å gå vidare med planen om å signere mineralavtalen, men Trump er ikkje interessert i det.
- Etter hendingar har fleire Europeiske leiarar uttrykt støtte til Ukraina. Statsminister Jonas Gahr Støre kallar uttalane til Trump for alvorleg og nedslåande.
- USAs utanriksminister Marko Rubio har bedt Zelenskyj beklage, noko han ikkje vil.
– Dette var dårleg for begge side, sa Zelenskyj om det dramatiske møtet med Trump på fredag kveld i et intervju med Fox News.
Publisert 01.03.2025, kl. 09.14 Oppdatert 01.03.2025, kl. 09.15