– Eg har heile tida meint at dei delane av arkivet burde bli samla, anten i Utenriksdepartementet eller i Riksarkivet.
Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på spørsmål om han tok eit aktivt val om at dokument frå Oslo-prosessen ikkje skulle bli levert til det nasjonale arkivet.
Oslo-avtalen kom på plass i 1993 etter hemmelege forhandlingar der fleire aktørar utanfor Utenriksdepartementet deltok, mellom dei Terje Rød-Larsen.
NRK har omtalt at Rød-Larsen seinare har oppbevart delar av arkivet privat.
Har halde på dokumenta
Allereie i 2006 peika forskar Hilde Henriksen Waage på manglar i UDs arkiv då ho arbeidde med ei bok om fredsforhandlingane, og etterlyste dokumentasjon.
Då uttalte Støre som var utanriksminister, gjennom pressetalspersonen sin til Dag og Tid at UD ikkje mangla dokument om Oslo-prosessen i eigne arkiv.
Fleire parti no krev gransking av Rød-Larsens «privatarkiv» frå Oslo-avtalen.
Abu Ala og Uri Savir, to av nøkkelpersonane bak den fyrste Oslo-avtalen, saman med Terje Rød-Larsen i Oslo rådhus.
Foto: Lise Åserud / NTBStøre avviser at han har tatt eit aktivt val om å halde dette arkivet unna staten.
– Det er feil, seier Støre.
Han seier at det i 2007 blei sagt frå departementet si side at ein hadde forsøkt å få tak i materialet.
– Det som det blir vist til, er at pressetalspersonen i UD i 2007 sa at ein hadde gjort mange forsøk på dette, og det hadde ikkje ført fram. Men det betyr ikkje at vi ikkje framleis meinte at det var rimeleg, og det jobba vi òg med og tok opp i mange samanhengar etter det.
Ifølge Støre har departementet over tid forsøkt å få samla materialet. Samstundes understrekar han at dokumenta ikkje har vore i staten si forvaring.
Stortingets kontrollkomité skal granske Utenriksdepartementet og norske tenestemenn si tilknyting til Jeffrey Epstein.
Eitt av spørsmåla dei vil sjå på, er kvifor Jonas Gahr Støre i 2006 og 2012 avviste at det fanst store manglar i UDs arkiv om Oslo-prosessen.
Sentral i Oslo-avtalen
Kvar arkiva frå Oslo-prosessen er har fått ny aktualitet etter at to sentrale personar frå Oslo-prosessen no er sikta i ei korrupsjonssak.
Mona Juul gjekk denne veka av som ambassadør. Samstundes granskar Utenriksdepartementet saka, slik NRK har omtalt.
Ho er sikta for grov korrupsjon. Terje Rød-Larsen er sikta for medverknad.
Både Juul og Rød-Larsen har uttrykt sterk anger over forbindelsen med Epstein.
Det er snart 33 år sidan forhandlingane mellom Israel og PLO leidde fram til Oslo-avtalen. Noreg hadde ei sentral rolle som tilretteleggar.
Rød-Larsen var ikkje tilsett i UD, men hadde ei nøkkelrolle i arbeidet. Kona hans, Mona Juul var også sentral og tilsett i departementet.
Yasir Arafat saman med Mona Juul og Terje Rød-Larsen under eit møte i samband med Oslo-prosessen.
Rød-Larsens advokat John Christian Elden, har tidlegare uttalt dette til NRK:
– Om Økokrim eller Stortinget skulle ønske nærmare opplysningar, vil vi sjølvsagt assistere så langt mogleg. Epstein har ikkje fått opplysningar frå Fafo eller Rød Larsen om dette.
Nasjonalarkivet seier målet er få dokumenta
Sidan den gong har Riksarkivet bytta namn til Nasjonalarkivet.
Nasjonalarkivar Inga Bolstad seier til NRK at arkivet har stor verdi, og at det bør vere sikra hos dei.
– Nasjonalarkivet meiner at Terje Rød-Larsens privatarkiv frå Oslo-prosessen er viktig og av nasjonal og internasjonal interesse. Difor bør det sikrast og bevarast på norsk jord hos Nasjonalarkivet.
Dei opplyser at arkivet framleis ikkje levert inn.
Ifølge Bolstad er Nasjonalarkivet og UD no i dialog om korleis dokumenta kan bli sikra.
Ho seier målet er å få dokumenta til Nasjonalarkivet.
– Målet er å sikre forsvarleg tilgang for dei som har lovleg interesse av materialet.
Nasjonalarkivar Inga Bolstad, leir Nasjonalarkivet.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKNRK har spurt Nasjonalarkivet om dokumenta Rød-Larsen har er omfatta av arkivlova og skal leverast til staten, eller om dei blir rekna som eit privatarkiv utanfor lova.
– Juridiske vurderingar rundt arkivet er komplekst, i og med at det finst få detaljar om det faktiske innhaldet, samt at arkivet er ført ut av landet.
Dei viser til at den nye arkivlova, som trådde i kraft i januar, slår fast at både arkiv frå forvaltninga og privatarkiv som blir definerte som særleg viktige og av nasjonal interesse, skal leverast til Nasjonalarkivet.
Publisert 12.02.2026, kl. 16.51 Oppdatert 12.02.2026, kl. 17.07












English (US)