Stordalen og Strawberry ønskja å oppheve tre vedtak frå november i 2023, då skatteklagenemnda slo fast at Stordalen sitt selskap ikkje hadde frådragsrett for utbetalingar i eit fleire år gammalt skatteforlik.
Skatteetaten er frifunne i saka, medan Strawberry er dømt til å betale 576 855 kroner i sakskostnader innan to veker. Det var E24 som omtalte saka først.
Saka har rot tilbake i 2015, då hotellselskapet som den gong heitte Nordic Choice Hospitality Group inngjekk ein forliksavtale med konkursboet etter Tribe Invest AS.
I avtalen vart partane samde om at Nordic Choice skulle betale 80 millionar kroner til konkursboet.
Stordalen og hans hotellselskap la til grunn at dei kunne føre skattefrådrag for denne betalinga, og sleppe å betale utbytteskatt. Skattekontoret og Skatteklagenemnda var ueinige i dette.
Og det er Oslo tingrett samde i.
Publisert 03.02.2025, kl. 14.18 Oppdatert 03.02.2025, kl. 14.34