Ein smilande, men ordknapp, Stordalen gav berre korte kommentarar til pressa.
– Det er to årsaker til at vi er her i dag. Det er at retten sist gong la til grunn eit par forhold vi er usamde i. Det er dei kommersielle vilkåra og det som faktisk låg til grunn for avtalen. Det andre er at vi har følgt reglar som har vore der i hundre år. Så vi meiner at jussen har vore feil.
Retten har sett av sju dagar til saka.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKTok ut utbytte utan å betale skatt
Eit selskap Stordalen kjøpte opp i 2013 står i kjernen av striden.
Frå Oslo Properties vart oppretta i 2007 og til eigarane selde det til hotellkongen, vart det sett inn om lag 3 milliardar kroner i eigenkapital.
Selskapet kjøpte fleire hotell, men sleit med store underskot.
Etter at Stordalen tok over selskapet, gav han det nytt namn: Strawberry Fields.
Han tok òg ut 795 millionar kroner i utbytte – utan å betale skatt. Det meiner Skatteetaten at han burde ha gjort.
Meiner formålet var å spara skatt
Petter Stordalen meiner at han kunne ta ut dette utbyttet fordi dei førre eigarane hadde sett inn eigenkapital. Vanlegvis kan ein nemleg ta ut innbetalt kapital utan å betala skatt.
Men det gjeld ikkje viss formålet med å kjøpe selskapet, var å spara skatt.
Og det var formålet til Stordalen, meinte Skatteetaten – og kravde 228 millionar kroner i skatt frå han.
Dei fekk medhald i Oslo tingrett, som meinte at oppkjøpet av selskapet var «nesten utelukkande skattemessig motivert».
Stordalen fekk likevel delvis medhald, noko som gjorde at kravet vart senka til 184 millionar.
– Kan du seia noko om motivasjonen din då du kjøpte det selskapet?
– Eg skal vitna torsdag. Da får me komma tilbake til det då, seier Stordalen.
Publisert 07.10.2025, kl. 09.42 Oppdatert 07.10.2025, kl. 09.52