Stoltenberg: – Eg er motivert for å halde fram som finansminister

2 days ago 3


Tysdag møter Jens Stoltenberg pressa, etter venstresida sin valsiger.

Stoltenberg tok seg tida til å helse på demonstrantane som hadde møtt opp utanfor finansdepartementet.

– Eg er motivert for å halde fram som finansminister i den regjeringa. Og så er det jo sånn i politikken at ein må ha æva som perspektiv, men vere førebudd på at ting kan skje på kort varsel, seier Stoltenberg.

Jens Stoltenberg et al. holder skilt

Stoltenberg møtte pressa.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Motivert til å halde fram som finansminister

Statsminister Jonas Gahr Støre uttrykte tysdag føremiddag at han ønsker å halde fram med Jens Stoltenberg som finansminister.

– Det har vore eit fantastisk privilegium å ha Jens i regjering, sa Støre.

Stoltenberg takkar alle som har stått på i valkampen for å sigre raudgrøn siger.

– Det er krevjande å bli valt, men enda meir krevjande å bli valt igjen. Denne regjeringa blir attvalt med større tilslutning enn dei fekk første gong dei blei valt, seier Stoltenberg.

Stoltenberg fekk også spørsmål om den såkalla Jens-effekten.

– Eg er glad for at eg blei bedt om å vere med på dette laget. Eg hadde heilt andre planar i februar, men angrar ikkje eit sekund på at eg sa ja. Eg synest det er meiningsfullt å få lov til å vere finansminister og vere tilbake i norsk politikk, svarer Stoltenberg.

Jens Stoltenberg et al. på et arrangement

Jens Stoltenberg var til stades under Arbeidarpartiet si valvake.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Stoltenberg på si side er glad for at Støre fortset som statsminister.

– No fortset arbeidet med å halde orden i økonomien, få fleire i jobb og sørge for framleis trygg styring, seier Stoltenberg til NRK.

– Regjeringa står ved invitasjonen til dei andre partia på Stortinget om eit breitt forlik om ein skattereform og vil følge opp dette i den kommande stortingsperioden, legg han til.

Invitasjon om skatteforlik

Statsminister Jonas Gahr Støre gjentok invitasjonen til dei andre partia på Stortinget om eit skatteforlik frå talarstolen på Arbeidarpartiet si valvake.

– Eg gjentar no som støyen frå valkampen er over. Vi gjentar vår invitasjon til ein skattekommisjon, for å gi næringslivet meir føreseielegheit, seier Støre.

Pressefolk

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Tysdag føremiddag svarer Stoltenberg på spørsmål om skatteforlik.

– Eg er veldig på at både norske verksemder og norske familiar er tent med at vi får eit meir føreseieleg og betre skattesystem. For å få til det i eit splitta politisk landskap, må vi få til eit breitt forlik.

– Vi vil no sette oss ned med dei andre partia på Stortinget og diskutere korleis vi best mogleg kan legge til rette for eit slikt forlik, legg Stoltenberg til.

Jens Stoltenberg et al. holder skilt

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Stoltenberg fekk også spørsmål om dei kjem til å sjå på formuesskatten.

– Ja, som ein del av ein heilskapleg skattereform er vi budd til å sjå på formuesskatt og kapitalskattlegging.

– Årsaka til det er at vi er oppteken av å få til eit forlik. Føreseielegheit og at skattesystem må bli vedlikehalden, legg han til.

Stoltenberg vil ikkje seie når eit eventuelt forlik kan vere på plass.

– Vi kan jo byrje samtalane med andre parti om korleis vi skal organisere ein skattekommisjon. Jo før vi får til det, jo betre, men om det skjer før eller etter at vi har lagt fram statsbudsjettet, får vi komme tilbake til, seier finansministeren.

Partiet kom med forslaget tidlegare i vår.

Målet er at skatteforliket skal vere klart neste år, slik at det kan vere med i statsbudsjettet året etter.

Årsaka er at usikkerheita i verda aukar behovet for økonomisk tryggleik i Noreg, ifølge Jens Stoltenberg.

Skattekommisjon

Stoltenberg foreslo i vår ein skattekommisjon.

Ifølgje Finansministeren er målet å finne ein skattepolitikk som det kan vere brei politisk einigheit om.

Oppdraget til kommisjonen ville vere å kome med eit forslag etter valet.

Finansminister Jens Stoltenberg holder felles pressetreff om skattekommisjon.

Stoltenberg under pressekonferansen i mars.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Det blei fort avvist av fleire parti. Erna Solberg kalla det politisk spinn, mens Listhaug meinte utsegna var eit valkampstunt.

Berre MDG og Raudt var positive til kommisjonen.

Publisert 09.09.2025, kl. 13.26 Oppdatert 09.09.2025, kl. 13.59

Read Entire Article