Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e126e33b9b44f9cedcf0c5583b6d10a4, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Stjernene opplever trakassering: – Det er galskap - NorwayToday

Stjernene opplever trakassering: – Det er galskap

8 hours ago 5


– Eg føler at eg blir forfølgd, og eg veit ikkje kva eg skal gjere.

Det seier Olivia Dunne (22) i ein video publisert på TikTok.

Dunne, eller «Livvy» som ho sjølv kallar seg, er ein amerikansk påverkar som har tatt internett med storm dei siste åra. På sosiale medium har 22-åringen rundt 15 millionar følgarar.

Nå fortel ho om fleire ubehagelege episodar på flyplassar, der Dunne påstår at menn følger etter henne.

– Dei vil ha autografen min og har med seg minst 40 bilde som dei vil at eg skal signere. Dei spring etter meg, og skrik om dei ikkje får det. Folk rundt meg blir redde. Det er heilt sjukt.

– Gjeld ikkje berre meg

I fjor var Dunne, som er tidlegare turnar, framsidejente til magasinet Sports Illustrated. 22-åringen gav seg som turnar same år.

Dunne fortel at det ikkje berre skjer når ho skal på store event, men også på private feriereiser med familien.

– Eg veit eg er på internett heile tida og postar om livet mitt, men eg snakkar om 20 minutts mellomlandingar, og i dei merkelegaste byane, seier ho.

– Det er galskap, men det verste er at det ikkje gjeld berre meg.

Dunne er ikkje den einaste som meiner ho blir forfølgd.

  • en kvinne som holder en tennisracket

    JULIEN DE ROSA / AFP / NTB

    Coco Gauff, amerikansk tennisspiller

    – Dette skjer med meg òg. Eg veit ikkje korleis det kan skje. Teorien min er at nokon på flyplassen tipsar dei, skriv Gauff i ein kommentar under ein TikTok-video lagt ut av Gabrielle Thomas.

  • Simone Biles snakker inn i en mikrofon

    Charlie Riedel / AP / NTB

    Simone Biles, amerikansk turner og OL-vinner

    – Same her, eg er skremd av dei. Det skjer for ofte. Eg tek bilete, berre for å vera sikker, skriv Biles under Thomas’ video.

  • en kvinne i en rosa trikot

    David J. Phillip / AP / NTB

    Sunisa Lee, amerikansk turner og OL-vinner

    – Dette har skjedd med meg fleire gonger. Det er veldig skummelt, skriv Lee til Thomas.

Den svenske skiløparen Frida Karlsson har også opplevd å bli forfølgd av ein fan. Ein mann i 60-åra blei tidlegare i år dømt til to års prøvetid og 40.000 svenske kroner i bot for ulovleg forfølging.

Mannen har anka dommen.

– Eg reagerte verkeleg da eg høyrde stemma hans i Stockholm. Da blei eg redd. Eg hadde tenkt å springe roleg saman med ei venninne, men da han var ved mi side, sprang eg for å stikke av frå han, har Karlsson sagt tidlegare.

Kollasj av Emma Raducanu, Olivia Dunne, Gabrielle Thomas og Frida Karlsson.

UBEHAG: Fleire stjerner fortel om ubehagelege opplevingar.

Foto: Reuters / AFP / NTB

– Fekk Gabby til å tape ved å trakassere henne

Amerikanske Gabrielle Thomas, også kjent som «Gabby» Thomas, fekk ei ubehageleg oppleving under eit Grand Slam Track-stemne i Philadelphia tidlegare i juni.

På X skriv friidrettsutøvaren at ein mann følgde etter henne samtidig som ho skreiv autografar og tok bilde med fansen.

Han skal også ha ropt etter henne, som også høyrest i ein video den påståtte mannen sjølv har lagt ut på plattforma.

– Eg fekk Gabby til å tape ved å trakassere henne, som gjorde at eg vann på sportspengespelet, står det i meldinga.

en person som løper på en bane

UNDER STEMNE: Videoen viser at ein mann ropte nedlatande og forstyrrande ting under eit Grand Slam Track-stemne i USA.

Foto: David Goldman / AP / NTB

Arrangøren av stemnet har uttalt at dei kjem til å granske situasjonen.

– Så leitt at du måtte oppleve dette. Vi jobbar med å identifisere den involverte personen og vil sette i verk nødvendige tiltak. Slik åtferd vil ikkje bli tolerert, seier Michael Johnson, administrerande direktør i Grand Slam Track.

Reidd på tur

Thomas fortel også om ubehagelege opplevingar på flyplassar.

Friidrettsutøvaren tok to stafettgull med USA under OL i Paris og individuelt gull på 200 meter.

– Dei dukkar opp enten framfor flyplassen eller ute på gata, noko som betyr at dei har flybillettar og har komme gjennom kontrollen og alt.

En gruppe kvinner som løper

DUKKAR OPP: Til liks med Olivia Dunne opplever Gabrielle Thomas at fleire personar følger etter henne på flyplassar.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP / NTB

28-åringen fortel vidare at personane ber henne signere bilde, som ho ikkje veit kva dei brukar til.

Det som skremmer Thomas er at dei har informasjon om når og kvar ho skal ut og fly.

– Dei blir veldig aggressive og fiendtlege. Når eg er aleine er dette verkeleg skummelt, seier Thomas.

Ho fortel historia si for å be om råd og ber folk stoppe å oppsøke henne.

– Kan ikkje folk respektere privatliv? Eg forstår det ikkje, og kjenner meg veldig utrygg når eg reiser. Eg veit verkeleg ikkje kva eg skal gjere.

Dette kjenneteiknar ein forfølgar

Kenneth Nielsen har jobba med forfølging-problematikk i over 25 år. Han er ein del av nettverket bak stalking.no, som gir råd og rettleiing til personar som opplever uønskt forfølging.

Nielsen fortel at det ofte er ei hårfin grense mellom det å vere ein ivrig fan og det å vere ein forfølgjar – særleg i møte med kjende personar.

– Det er ikkje berre snakk om idolisering, men om ei opphenging som ofte blir sjukleg. Det som gjer det vanskeleg, er at forfølging er subjektivt – det handlar om uønskt og plagsam åtferd, og det kan vere krevjande å dokumentere på ein måte som held i retten, forklarar han til NRK.

Kenneth Nielsen

EKSPERT: Kenneth Nielsen har mykje erfaring med forfølgarar.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Forfølging kan gi store konsekvensar for dei som blir råka – ikkje minst for unge kvinner.

– Det psykologiske presset kan vere enormt. Etter at definisjonen av PTSD blei justert, ser vi at fleire får denne diagnosen som følgje av langvarig forfølging. Mange blir paranoide – ein veit aldri når forfølgjaren følgjer med, seier Nielsen.

Sosiale medium har òg forandra landskapet dramatisk.

– I dag kan ein følgje nokon frå sofakroken. Har du lagt ut at du er på Egon, så veit eg det, seier Nielsen.

– Fekk knapt puste

Også tennisspelar Emma Raducanu fortel at ho har hatt ei uhyggeleg oppleving med ein forfølgar.

22-åringen slo for alvor gjennom da ho vann US Open tilbake i 2021. På ein pressekonferanse nyleg fortel ho ope om at ho gøymde seg bak stolen til dommaren og braut ut i gråt under ei turnering i Dubai i fjor.

Raducanu såg nemleg ein mann på tribunen, som har forfølgt henne.

Hendinga pregar henne også i dag.

– Eg er sjølvsagd på vakt når eg går ut. Eg prøver å vere forsiktig, fordi du innser først kor stort problemet kan vere når du faktisk er i den situasjonen og eg vil helst ikkje hamne der igjen, seier ho til BBC Sport.

en kvinne som holder en tennisracket

REDD: Emma Raducanu sleit under ei turnering i Dubai i fjor.

Foto: Denis Balibouse / Reuters / NTB

Raducanu seier vidare at ho ikkje forstod korleis ho skulle klare å fortsette.

– Eg klarte bokstavleg talt ikkje å sjå ballen gjennom tårene. Eg fekk knapt puste.

Hei!

Takk for at du leste saken. Har du innspill og tilbakemeldinger, eller tips til andre historier jeg bør fortelle? Ta gjerne kontakt!

Publisert 15.06.2025, kl. 12.04

Read Entire Article