Sterke reaksjonar etter Epstein-avsløringar: – Forventar at alle kort blir lagt på bordet

1 hour ago 1


Etter at amerikanske styresmakter offentleggjorde nye dokument i Epstein-saka, har det kome fram e-postutvekslingar mellom Jeffrey Epstein og fleire nordmenn i sentrale posisjonar.

Dokumenta viser mellom anna kontakt med:

Avsløringane har skapt sterke reaksjonar hos regjeringa og på Stortinget.

Dei nye opplysingane har leia til at:

Følg utviklinga i Epstein-saka her:

– Forventar at alle kort blir lagt på bordet

Framstegspartiets nestleiar Hans Andreas Limi reagerer kraftig på det som har kome fram.

Ifølge Limi har det tidlegare blitt gitt inntrykk av at kontakten mellom kronprinsesse Mette-Marit og Epstein var avgrensa og flyktig.

Pål K. Lønseth, sjef for Økokrim

Økokrim vurderer nå om det er grunnlag for å sette i verk etterforsking.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Dei nye opplysningane teiknar eit anna bilete, meiner han.

– No ser det ut til å ha vore eit nært vennskap. Vi forventar at alle kort blir lagt på bordet, og at kronprinsessa er ærleg om kontakten sin med ein dømd seksualforbrytar, seier Limi.

Kronprinsessa sa laurdag at ho er flau og angrar på kontakten.

Sjølv har Mette-Marit har uttalt at «eg må ta ansvar for at eg ikkje undersøkte bakgrunnen hans betre, og at eg ikkje raskt nok forstod kva slags menneske han var».

Slik kommenterte kronprinsen, Mette-Marit sin kontakt med Epstein i 2019:

Bryt samarbeid med kronprinsessa

Organisasjonen Sex og samfunn bryt samarbeidet med kronprinsessa etter dei nye opplysingane.

– Det er ei vanskeleg sak, men vi har kome fram til at Sex og samfunn ikkje lengre ønsker H.K.H kronprinsesse Mette-Marit som høg beskyttar for vår Skamløspris, seier dagleg leiar ved Sex og samfunn, Maria Røsok, til NRK.

Dagleg leder i Sex og samfunn Maria Røsok fortel at organisasjonen ikkje vil ha kronprinsesse Mette-Marit som beskyttar for «skamløs-prisen» vidare, på grunn av de nye funna om hennar kontakt med Jeffrey Epstein.

– Det viktigaste for oss var omsynet til våre pasientar, alle overgrepsutsette og alle som står på for å førebygge seksuelle overgrep – det er inkludert mange av vinnarane av Skamløsprisen, legg Røsok til.

Formålet med Skamløsprisen er å «løfte fram enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper som har oppmuntra til mot og openheit om skambelagde område innanfor seksualitet», skriv organisasjonen på sine nettsider.

En gruppe kvinner står foran et banner med teksten "Sex og samfunn". De deltar i et arrangement som omhandler frihet og valg. Kvinnene er kledd i ulike antrekk og viser forskjellige uttrykk. Bakgrunnen består av moderne bygninger og en gatemiljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kronprinsesse Mette-Marit saman med dei nominerte til Skamløsprisen i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Berre ærlegdom kan avslutte dette

Avtrappande partileiar for Høgre, Erna Solberg, etterspør ærlegdom frå dei nordmennene som har kome fram i Epstein-filene.

– Det er berre trist det som utspeler seg i media no, og det er berre ærlegdom som kan avslutte det. For å kome vidare trur eg det er heilt nødvendig at kronprinsessa fortel alt akkurat som det er, slik statsministeren har oppfordra til, seier Solberg.

Solberg har tiltru til at Kongehuset jobbar med dette.

en person som snakker inn i en mikrofon

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– I Noreg har vi ein klok kongefamilie, som vi ser opp til og set pris på. Det er derfor reaksjonane blir sterke når noko blir avdekt og bryt med biletet vi har av dei. Det er fordi vi bryr oss.

– Mi erfaring med det norske folk er også at vi kan tilgi, berre vi får vite kva som har skjedd, legg ho til.

UD granskar ambassadør Juul

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) opplyser at UD arbeider med å få full oversikt over Mona Juul sin kontakt med Jeffrey Epstein.

– Vi snakkar med Mona Juul og gjer også anna arbeid rundt dette. Først skal vi sjå på det, og så vurderer vi kva vi gjer vidare.

Han seier at saka blir tatt på stort alvor, og at dei tenker på offera i saka.

– Det er fleire nordmenn involverte som har vist svært dårleg skjønn, noko som kan få problematiske konsekvensar for institusjonane dei representerer, seier han til NRK.

Norges FN-ambassadør Mona Juul

Mona Juul er for tida ambassadør i Amman, Jordan.

Foto: Eskinder Debebe / United Nations Photo

Også statsminister Jonas Gahr Støre uttalte at fleire av dei omtalte har vist dårleg dømmekraft.

Ambassadør Juul har tidlegare sagt at ho blei introdusert for Epstein i ein diplomatisk samanheng, og at ho hadde lite kontakt med Epstein.

Både Juul og Rød-Larsen har uttrykt sterk anger over forbindelsen med Epstein.

Rød-LArsen

Terje Rød-Larsen er blant dei første frå Noreg som vart linka til Epstein i 2019.

Foto: Heiko Junge / NTB

Framstegspartiets Limi meiner det er riktig at UD grip inn.

– Det skulle berre mangle om ikkje Utanriksdepartementet no gjer ein full gjennomgang av sin tilsette Mona Juul og kontakten hennar med Epstein, seier Limi.

Slik kommenterte kronprinsen, Mette-Marit sin kontakt med Epstein i 2019:

Juul: – Burde vore langt meir varsam

– I lys av det som har kome fram gjennom dei såkalla «Epstein files», ønsker eg å vere heilt open om min kontakt med Jeffrey Epstein, skriv Juul i ein e-post til NTB.

– Eg er i dialog med min arbeidsgivar, Utenriksdepartementet, og samarbeider fullt ut for å sikre full klarleik, legg ho til.

En delegat fra Norge sitter foran et skrivebord med en mikrofon under et møte. Personen har på seg en rød dressjakke og leser fra dokumenter. I bakgrunnen sitter flere deltakere med notater og mobiltelefoner. Møtet ser ut til å foregå i en formell setting, muligens i en internasjonal organisasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mona Juul seier at ho «burde vore langt meir varsam» i sin kontakt med Epstein.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters / NTB

Juul skriv også at ho ikkje har hatt kjennskap til sin ektefelle sine økonomiske disposisjonar eller eventuelle økonomiske relasjonar knytt til Epstein.

– Min kontakt med Epstein har vore sporadisk og av privat karakter, og ikkje del av mi embetsutøving. Eg ser likevel i ettertid at eg burde vore langt meir varsam, skriv ho.

Thorbjørn Jagland varslar måndag ei omfattande utgreiing for Epstein-saka, opplyser hans advokat Sigurd Klomsæt til NTB.

Fritatt frå arbeidsplikta

Måndag kveld blei det klart at Juul er fritatt frå arbeidsplikta i tidsrommet Utanriksdepartementet skal sjå på hennar kunnskap og kontakt med Epstein.

– Dette skjer i samråd med Juul. Det betyr at ho ikkje vil fungere som ambassadør i denne perioden, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

nærbilde av en mann med briller

Utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Krev opprydding og gransking

Økokrim seier at dei vurderer om det er grunnlag for å starte etterforsking etter Epstein-dokumenta.

– På bakgrunn av informasjonen som har kome fram i dei såkalla Epstein-filene, vurderer Økokrim om det er grunnlag for å sette i verk etterforsking, seier Økokrim-sjef Pål K. Lønseth.

Epstein-dokumenta blei også tema under Dagsnytt 18:

Økokrim vurderer etterforsking. Kva konsekvensar får kronprisessens omfattande kontakt med overgriparen for kongefamilien?

MDG krev at Stortinget set ned ein uavhengig granskingskommisjon for å kome til botn i kontakten mellom Epstein og personar i sentrale verv.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen sin leiar Per-Willy Amundsen (Frp) seier det førebels er uklart om saka høyrer inn under komiteen sitt mandat.

En person med grått hår sitter i et rom med polstrede stoler og et formelt miljø, del av en forsamling. Personen har på seg en mørk dress med en hvit skjorte og slips. Bakgrunnen viser flere stoler i en tradisjonell stil, trolig i en offentlig bygning. Lys strømmer inn gjennom vinduet, som gir en profesjonell atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Per-Willy Amundsen (Frp) er leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sosialistisk Venstreparti (SV) krev ei brei politisk opprydding etter nye opplysningar i Epstein-saka.

Partiet har bedt statsministeren sørge for ein full gjennomgang av om personar med verv i regjeringa, embetsverket eller diplomatiet har hatt kontakt med Epstein – og kva kontakt det eventuelt har vore.

Les NRKs utanriksredaktør sin kommentar om nordmennene kopla til Epstein her:

Publisert 02.02.2026, kl. 21.48

Read Entire Article